Oppstart av nytt studieår og innviing av nytt undervisningsbygg til L`Ecole Biblique, Bafoulabé. Fredag 6. januar var undervisningsbygget til Bibelskolen klart, dører og vinduer i og huset mala. Kvitt som snøen, med blåe karmar! Det minna om eit centre de santé (helsesenter) og vi var fleire som var enige om at det var også var eit helsesenter, for den andelege helsa; Centre de santé spirituelle.
Etter velkomst og presentasjon av byggherre, byggmeister, byggarbeidarar og elevar med familiar var alle med ut, la hendene på bygget og innvia og velsigna det. Mange mørke hender på det kvite huset. Mange velsigningar og ynskje om at dette må bli eit godt reiskap for undervisning og veiledning framover.
Mange elevar er komne, frå områda rundt Oussoubidiagna, Baoulabé og Tambaga. Fleire er venta. Det er visstnok berre menn på hovudstudiet i år, men mange har teke med kone og barn og dei skal få eiga undervisning.
Takk til alle heime i Norge som bidreg med forbøn og økonomiske støtte! Her er mange takksame personar!
Bilete skal de få, når nettet tillet det. Nå er det vår ven Sigbjørn på Nesheim som hjelper oss med å få lagt ut tekst. Takk, Sigbjørn!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar