Takk for maten!
Salli og dei andre kvinnene som var med i arbeidslaget rundt konferansen er svært nøgde. Dei har hatt jobb, tent pengar og ete god mat. Det er dei vel unt, for dei har gjort ein framifrå jobb. Konferansen er vel i hamn. Takk og lov. Det var litt nervepirrande innimellom med straumbrot og problem med el-nettet internt. Heldigvis hadde vi folk vi kunne spørje; Aliou og Mamadou. Dei jobba på spreng mellom anna oppunder tak-platene, som nok heldt ein særdeles høg temperatur på dagtid. Det gjekk godt. Eit par pc`ar fekk ein el-trøkk som slo dei ut, men kjøleskap og fryseboks levde over. Vi hadde god mat, i så rause mengder at arbeidsfolka også fekk sin del. Og dei takka vel for maten. Det gjere vi og!
Mat for tanke og sinn, på norsk, er prioritert på konferansane våre. Undervisning, samtale, debatt og sosialt fellesskap er viktige komponentar. Generalsekretær Rolf hadde god undervisning og snakka mellom anna om å være disippel og om å kunne bli såra i kampen. At det er meir regelen, enn unntaket. Men at det er både mot og kraft å hente til livet, hjå Kristus sjølv. Vi hadde gode debattar om arbeid og strategi. Det er alltid viktig å ikkje gå for raskt i tiltak, men først spørje seg fram til kor ein er. Derifrå kan vi ha idear som kan brukast til sensibilisering for eventuelt videre arbeid. Vi har ein tendens til å ha svara før vi kjenner spørsmålet og i det heile veit om "den andre" er interessert i at vi har eit svar. Adama, kyrkjepresident, var klar på at det viktigaste vi kan hjelpe kyrkja med nå, er undervisning, leiaropplæring og -oppfylging.
På kyrkjeveg
Søndag klokka 9, på sykkel mot landsbyen i varm sol frå klår himmel. Det er observasjonsmoglegheiter for eit heilt liv. Hjula på sykkelen balar seg framover i djupt støv- og sandlag. Forbipasserande bilar og motorsyklar legg att ei støvsky som gjer at ein må puste sakte, lukke auga mest att og får grus mellom tennene. Nett nå er det svære køyretøy som arbeidar for at vegen skal utvidast og leggjast asfalt på. Etterlengta. På søndag hogde fleire av naboane til vegen ned murane rundt husa sine. Vegen skal være brei. Sveitten driv og støvet legg seg i porer og pustereiskap.
Småbarn, større barn, damer med barn i magen og på ryggen og bør på hovudet, og gamle koner i nyvaska reint tøy som luktar godt når ein syklar forbi, bevegar seg i sitt eige mønster ved og på vegen. Syklande, gåande, køyrande i ei salig blanding. Perlehøner, høner med lange kyllingfylgje, geiter, sauer, ei ku og to, hundar, eselkjerrer og eit og anna laust esel er å sjå. Til alt overmål står det ein svær flodhest midt i rundkøyringa. Men han er av sement og med kvitt merke i panna. Ganske tøff; Mali Sadjo.
Ved vegen står små mobile bodar, nokon sel bensin på liter glasflasker, andre har lappebod for fiksing av punkterte dekk og endå fleire sel tobakk, sukker og te. Eg syklar forbi grønsak-, kjøt- og fiskemarkedet som opnar på denne tida av døgnet. Berre ferskvare er gangbart her. Kvaliteten og mengda varierer mellom årstidene og avlingane.
Helsingar langs vegen er ein del av dagleglivet. Etter år i Bafoulabé har kontaktnettet blitt utvida. Det er hyggjeleg. Likevel; framleis ropar barn "tubabo" taktfast og sterkt. Tubabo betyr utlending- kviting, og det er lite høfleg. Mange foreldre lærer barna sine av med dette. Det hender eg brukar tid på å stoppe, og seie at eg heiter Maryama og ikkje tubabo. Av og til hjelper det, og elles puttar eg imaginære proppar i øyrene. Verre kan det være når barn er så frimodige at dei spring fram og tek tak i sykkelen. Då må eg skjenne ordentleg. Det kan være farleg for både den eine og andre. Har ikkje hjelm tilgjengeleg heller..
Så høyrer er tromming og song, eg er komen til kyrkja. Dei unge i koret varmar opp. Det var litt kaldt i dag.. Varme er eit relativt begrep. Det har eg alltid visst. Endå kan vi sitte ved sida av kvarandre ein søndag morgon utan å bli klistra fast i kvarandre av sveitte. Men om eit par veker sildrar det nok godt.
Oppunder taket, mellom sementbrikkene og tak platene er det ei god glipe slik at luft og vind skal sirkulere. Der har ei due laga seg reir, og ho ligg fint under heile gudstenesta. Både når trommer og song står til værs, og når det er meir stille bøn. Karim preikar på bambara, eg får med meg ein del. Det er khassonke som er mitt språk her. Han ber mellom anna for valet i Senegal denne dagen. Og det ser ut til at han vart bønhøyrd, for det gjekk for seg i rolege former, etter ein del bråk tidlegare. På kyrkjetrappa tek vi kvarandre i handa og ynskjer kvarandre velsigning og god søndag. Eg ber kvinnene i kyrkja heim til meg på tysdag. Kaffi, Lipton og kanelboller til å bite i og eit ord til å tyggje på. Snart drar eg herifrå, tida har passert raskt. Ei lita stund i lag på verandaen vår til song, samtale og bøn er ei fin avrunding.
Det er her vi er nå
Hjernen er mesteparten av tida der kroppen er. Heldigvis. På fredag fekk eg ein sms frå broder`n heime i Norge, med helsing og at alt var vel. Eg blei glad. Men det kjendest som om det kom frå ei anna verd. Og det gjorde det jo for så vidt også. Hjernekapasiteten set sine eigne grenser, og det reknar eg for ein Guds styrelse.
Globale disiplar og Gunhild er på eit par dagars tur til Oussoubidiagna. Det er godt å flytte litt på seg og sjå noko anna. Gunhild er tilbake der ho var Global disippel i fjor. Irene er lærar for Ingeborg her. Dei klarer seg godt. Sjølv om Ingeborg nå tel på dagane til ho er heime hjå vennene i Vestli og på skolen der.
Denne veka er det opprydding i rekneskap og kasse, ordinær bibelskoleundervisning, praksistur til Mansadji med bibelskoleelevane, kvinnemøte, mentorarbeid og førebuingar til etikkseminaret neste veke, mellom anna. Vi har mindre enn to veker att i Bafoulabé, så nå må vi starte avrundinga og avslutninga, for denne gong. Gjermund skal fortsette ei stund til, men damene sluttar av om kort tid.
Etikkseminaret neste veke er svært spennande. Det skal handle om seksualitet og om seksuell vald. Vår jobb blir å tilføre kunnskap og refleksjonsgrunnlag som etter kvart kan takast opp og integrerast i modne ansvarsbevisste haldningar og handlingar.
tirsdag 28. februar 2012
tirsdag 21. februar 2012
Det stig!
Varmetid
Under myggnettet ligg eg, varm og vaken. Målet er å få sove. Å sove når varmen gjer det slik at kvilepulsen ikkje kjem heilt ned. Å lytte til lydane er liksom starten på søvntoget, som ein ventar på skal kome. I denne døsen kjem ein rytmisk djup bass og blandar seg. Kjent og kjært. På avstand. Bassen høyrer heime i elva, stort sett, rett nedanfor huset vårt. Flodhesten. Kanskje det er Mali Sadjo?
Bafoulabé. ”Landsbyen der to elvar møtest”. Den svarte og kvite elva. Den kvite elva kjem frå Guinea sine fjell, den svarte slangar seg opp mot Manatali 100 km. Den store Manatali-demninga som gjer straum til deler av Mali, Senegal, Mauritania og etter kvart Guinea. Demninga er 70 km lang. Herifrå og vidare kallast elva, Senegalfloden. Floden er brei over her og det er naudsynt med ferje for bilane og pirogar for folk. Men infrastrukturen er i farten og bru er under planlegging. I denne landsbyen høyrer legenda om Mali Sadjo til.
Mali Sadjo som etter legenda for mange generasjonar sidan var ein venlegsinna og folkekjær flodhest. Han berga landsbyen frå fleire vanskar. Den vakre unge kvinna, Sadjo med mange beilarar i landsbyen, vart forelska i flodhesten. Det gjekk så langt at ho reid på flodhesten i gjennom landsbyen, og svartsjuka tok ein av dei unge mennene som hadde sett seg ut Sadjo som ektemake. Sadjo hadde gjort det klart at det var flodhesten for henne. Ved nattetid tok mannen fram geværet og drap flodhesten. Sadjo si sorg var endelaus, og i gråt over sin døde flodhest tok ho sitt eige liv. Men legenda er ikkje slutt, for den unge mannen fekk dobbel sorg og enda sine dagar på same måte som Sadjo.
Det siste først
I går klypte ein lastebil straumlina, og vi var utan straum lenge. I og for seg så går det veldig greitt å være utan straum. Vi har jo vore det i mange år her. Men når vi nå er vane med kjøleskap og fryseboks på elektrisk straum og har kutta ut dårlege gassdrivne kjøleskap, får vi eit problem. For her er varmt, det nærmar seg fort 40 grader på dagtid nå, og fryseboksen er full av kjøtt til konferansen denne veka. Akk. Alle utfordringar ein har. Søndag ettermiddag og nattetimar gjekk til å prøve å få fatt på eit aggregat som kunne gje nok straum til å berge mesteparten av matvarene. Bensinaggregatet som vi hadde gav ikkje nok straum, hadde dårleg stabilisator og så vidare. Ingen hadde noko til utlån i landsbyen. Men med gode kontaktar fekk vi låna eit i nabolandsbyen som gjekk mange timar i natt. Heldigvis klarte dei å reparere straumnettet og vi har fått att straumen frå i dag tidleg. Maten vart berga. Natta vart litt rar, så søvnbehovet er ikkje ganske dekka.
Holefjedlet!
På fredag tok Gjermund alle dei norske jentene med på blå-tur til Holefjedlet, på veg mot Kankou. Dei starta ørtidleg, for å få gjort noko før sola og varmen tok dei. Dei fekk klatra litt, sjå utover eit stort område, luska seg inn i kjekke hol i fjellet, teke bilder og sett noko svært skjeldan. Dei kom rett inn i ein bavianflokk på rundt 50 bavianar. Mammabavianar med barn på mage og rygg, og pappabavianar som gav klar beskjed om kven som eigde fjellet. Nokon var rimeleg nære. Gunhild er jo aldri redd for nokon ting, men ho var visst ikkje kjempehøg i hatten når pappabavianen berre var nokre få meter frå henne og brølte ut sitt sinne. Men tøft var det. Særskilt etterpå når alt var gått bra. Bra fangst på den turen!
Langhale papegøye
Ingeborg sin første papegøye tok fyketur på eiga hand for halvanna veke sidan. Fridomen lokka. På torsdag ringte ho heim frå skolen og hadde fått ein annan type som ho ville ha med heim. Mor i huset er passeleg nøgd med alle dyr og fuglar som må ha mat, og som er kven sitt ansvar? Storesøster la inn ein liten parole om kor viktig det var for veslesyster at dette gjekk i orden.. Snakke for seg, kan dei. Begge to. Papegøyen var vakker. Irrgrøn, lang hale og med rødt nebb. Han fekk mat, vatn og sitte på ei grein. Så fauk han og, etter andre døgnet. Han hadde ikkje ein gong prøveflygingar først.
Dynamitt
Dynamitt er sprengstoff. Vi har nett kjøpt sprengstoff slik at folket i landsbyen Mansadji skal få seg ein brønn. Dei har ikkje ei einaste vasskjelde i landsbyen og ba om hjelp til dynamitt slik at dei kunne komme lengre ned, mot grunnvatnet. Vi har fått ei pengegåve frå ein tysværhegre som har avslutta geitehaldet, TAKK! Kanskje desse pengane kan gå til dynamitt og diverse i Mansadji?
I desse dagar har vi eit anna sprengstoff rundt dørene. Mat. Når ein er ikkje har mat. Då er ein fattig. Det er dyrt å være fattig. Og det går på verdigheten laus! Misjonen har sett av midlar til å kjøpe inn hirse og ris, til eit matlager, som skal disponerast etter orden og ansvar. Det skal utruleg lite til før det endar med uverdighet og store vanskar. Snublande nær ligg også den svært utbreidde korrupsjonen. Vi vil gjerne at kyrkja i samarbeid med sosialsjefen kan være med å strukturere dette. På denne måten kan ein også sørgje for at andre enn oss får velsigninga tilbake. Det er folk i lokalsamfunnet her som vil få ei stor stjerne, som har vore med å formidla nestekjærleik. Det går an å be for dette. Det er større sprengkraft i dette enn det ein vanleg nordmann i 2012, kan forstå.
Makan sin refleksjon
Slik min ven, pensjonert sjukepleiar/ ordførar, Makan sa: ”I alle år betalte misjonen for sosial- og nødhjelp til trengjande. Eg er ein av dei som får velsigninga tilbake fordi folk veit at eg var med og distribuerte dette. Sjølv om det ikkje var eg som betalte.” Vidare beskriv han noko eg kan kjenne meg att i. Han nå er pensjonist, mot tek litt pensjon men arbeidar gratis med å hjelpe folk, tidleg og seint. Eg spør om han er trøtt. Han seier at det at folk blir friske, at dei takkar og at han får velsigningar frå takksame folk er så stor løn at han kjem til å halde fram slik så lengje han maktar. Denne refleksjonen forstår eg mykje av! Det gir meining. Det er meining.
Gull
På laurdag tok vi lørdags-kyrkje-ungdomane med på avslutningstur til haugane ved flystripa. Kjekt. Dei ville ha praten før maten. Vi snakka om at dei er verdifulle. Som menneske. For kvarandre og for Gud. Dei er gull. I Mali er det masse gull. Det er mange gullminer rundt her, i Lulu, Sadjoula, Tabakoto og Kenjeba blant anna. Men dei unge visste ikkje om noko i Bafoulabé. Dei kunne være enige i at Bafoulabé har mange gullressursar i menneske. Metallet gull er liksom mest stas som ring eller smykke og ikkje som ein gullklump i lause lufta. Altså må ein foredle metallet. Den menneskelege foredlinga pågår heile livet. Det snakka vi om, og litt til. Seriøse refleksjonar og spørsmål. Så var det medbrakt varm mat; same med perlehønekjøt. Og kald brus! Og så var det takk, song og rytme heilt til sola gjekk ned.
Vi stoppar her
Årsmøte i kyrkja skal vi fordøye litt før vi skriv om. Nå er det konferansetid, masse praktisk, gjester og fulle hus. Mali vant bronsemedalje i Afrika-meisterskapet i fotball. Elfenbenskysten fekk sølv og Zambia vann gull. Det var solid innsats frå alle. Her nå vaskar Ramata så det sprutar, Aliou og Mamadou bankar i veggen slik støvet står for å skal sette ny air-kondisjon i veggen før gjestene kjem om ein time. Heidundrande. Ikkje veit eg kven som vinn den kampen. Omnstekte wolo/ ryper til kvelds. God mat med god smak i hyggjeleg lag hjelper på det meste.
tirsdag 14. februar 2012
DEN TRETTANDE FEBRUAR!
Dagen i dag
Misjonærtilværet i dag starta som stabsleiar og organisator med ein del telefonavklaringar. Etter det var eg åleinemor og skolebuss. Så var det tid for kasserarjobb i 30 minutt. Vidare måtte ein avtale avlysast slik at eg kunne hive meg rundt og være sjåfør for trelasttransport. Då klokka var 10, var eg vaktmeister og skulle inspisere daude flaggermus på loftet i ein av misjonen sine bustadhus, være arbeidsleiar for ein og ein halv snikker og forhandle løn for arbeidet. I om lag 20 minutt var er veiledar og mentor for ein Global Disippel som ikkje var i form. Sidan eg var på dei traktene kunne eg bruke eit kvarter på organisering til misjonærkonferansen, neste veke. Som ansvarleg for stab og gjestehus er det ein god del som skal på plass før 28 norske skal ha overnattingsplass med myggnett, mat og drikkevatn. Her er gode medhjelparar, det trengs berre god organisering og oppfylging.
Så fekk eg lånt meg ein sykkel for å kunne utføre ein etterspurd jobb som sjukepleiar i landsbyen. Det vil seie at spørsmålet kom laurdag kveld. Kan du komme til min storebror og hjelpe han og meg å lese og forstå kva legen har uttala, og kva medisinar han har fått. Han er svært sjuk og redd, og ingen vil seie sanninga. Etisk utordring!! Eg sa at eg gjerne vil komme, samtale med han og be for han, om han ville. Noko anna har eg lite høve i denne situasjonen. Sjukepleiekompetansen ved rørte infeksjon, immunsvikt, psykisk og åndeleg helsearbeid. Sjelesorg og forbøn blei naturleg og eit ynskje frå den sjuke. Mange her ynskjer å be til Gud. Det fell dei naturleg å be om det. Vidare fekk eg ein lang og god pårørandesamtale, på tomannshand med søster hans.
Tilbake til utgangspunktet, der bilen stod, var klokka 13, og Ingeborg kunne få fylgje heim til Bolibana. Kort dag på skolen. Og endeleg skjedde det noko spennande, sa Ingeborg. For like ved innkjørselen til huset vårt felte vegarbeidarane eit kjempedigert tre. Veden var skikkeleg rød, og vi telte årringar til nærare hundre år. Ingeborg meinte dei kunne dra treet or vegen, og så kunne alle barna få leike i det! Men treet vart kutta i deler, og mange fekk deler av det med seg heim. I kveld var det ei ulukke der borte på vegen, i mørket og med alle tre restane i vegbanen. Ein moped med to personar leid ein ublid skjebne. Alvorsgraden blir visst størst i høve til å fortelje faren kvifor mopeden var blitt øydelagt og foten er halt.
I ettermiddag og kveld har eg arbeidd vidare med planar og skriftleggjering av misjonærkonferansen før planleggingsmøtet vårt i morgon. Innimellom lekselesing med Ingeborg og hyggjeleg småsnakk med folk som stikk innom med ulike behov. I den mørke kvelden har informasjonen til Norge blitt til. Alt i alt får vi tida til å gå! Ikkje kjem der meir tid enn dei vanlege 24 timane heller. Og korleis eg her skulle hatt tid til internett og aviser, er meir enn eg kan begripe. Har vi mykje meir tid til disposisjon i Norge?
Filosofering
Å vera misjonær kan være ganske grenselaust. Til dømes kan det være grenselaust mykje glede, sorg og fortviling. Det kan og være grenselaust mykje arbeid, og mykje grenselaust arbeid. Det er ofte også grenselaust mange interessante, kjekke, støvete, allsidige og irriterande arbeidsoppgåver. Forventningar kan også opplevast grenselause innimellom. Grenser er både rett, godt og trygt. Likevel skal nokre grenser forserast og utvidast. Å utfordre grensene sine er det fyrste oppdraget i denne jobben. Det ser ut til at det å utfordre grensene sine fylgjer jobben, sjølv etter mange år i feltet! Men det er forhåpentleg eit teikn på at ein lever i (beste) velgåande?
Matlaging
Den årlege konferansen, plar vere ei kjekk hending. Altså; neste veke. Når alt er klart og vi har fiksa hotell & restaurant næringa for ei lita veke, kan vi gle oss. På torsdag kom nokon med eit ny-skote villsvin frå bushen, som eg kjøpte halvparten av. Nå ligg det i frysaren, klar til tigadegena (peanøttsaus). Fredag var det perlehøner til sals, så nå er dei slakta, reinska, ned frosne og klar til same (nasjonalrett med ris i olje). Det er ei velsigning at vi nå har elektrisk straum og kapasitet til å fryse ned kjøtt. Alt her blir laga ferskt, frå måltid til måltid. Noko anna er skjeldan mogleg. Vi leiger kokkekyndige kvinner som lagar middag til oss, heime på eit tun. Så kjem maten i store fat, boren på hovudet av dei same flotte kvinnene. Gjermund får ansvar for å bestille grilla lam til festmåltidet. Han har ein kompis ved elva her, som lagar det godt til.
Far vel!
I morgon kjem Gjermund att frå sin ennte tur til Bamako. Han har hatt dagar fylte med anna arbeid enn skrivaren her. Ikkje alt fell det naturleg å skrive om i bloggen. Nokre grenser skal ikkje forserast. Turen i morgon, er eit dagsverk. Men det plar vere godt å kome heim.
Far vel, lev vel! Sjekk grenseovergangane, bruk nokre kroner på ein Primula og takk Gud for alt det vakre han har skapt. Deg og!
tirsdag 7. februar 2012
Utsikta i dag
Oker
Pusekatten har lagt seg oppå skrivebordet mitt. Han har krølla seg saman, sett sin indre motor i gong og er i sovemodus. Han er ein liten, svart og okerfarga ball. Frå Skaparen si side er han nok svart og kvit, men med den intense vinden siste døgnet og alt ørkenstøvet har han, og det meste andre, fått fargen oker. Det knasar mellom tennene og det meste ein tar på har ru flate. Ser ein etter vil ein oppdage at det blir brunt på handa. I dag er til og med utsikta oker. Sola kjem ikkje gjennom, og på elva ser ein berre eit stykke oppover. Klestørk er her rett nok, men lyse klede bør vente med vask til ein annan dag..
2-1
Særdeles spennande kamp i går kveld. Kvartfinale Mali-Gabon. Det enda med 1-1, ekstraomgangar og straffespark konkurranse. Men så vann altså Mali til slutt, etter godt utkjempa kamp, og jubelen var laus over alt. Onsdag eller torsdag er det semifinale, mot Elfenbenskysten. Det blir ei hard nøtt!
Utfordringar
Mali kan saktens trengje å vinne litt, og få litt håp. Mali er inne i fleire store utfordringar som har kosta dyrt, og som kan kome til å koste atskilleg meir. Les på nett, t.d. Normisjon.no, BBC og RFI.
RFI melder i dag at situasjonen siste døgnet er roleg og at Presidenten og alle partia har klart å arbeide fram ein felles uttale og planlagd løysing av situasjonen. Det er von i dette. Kvinnene i Mali er sterke, på mange måtar. Deira marsj til Presidenten i førre veke, har sett spor. Når kvinnene reiser seg i fellesskap, bør ein lytte! Her og har fleire mist sine i kamphandlingane i nord. Mange rykte går, og presidenten får mykje kritikk. Men av meg får han mest forbøn. Han kan trengje det, til gangs. Han har ein utakksam jobb, og kva som er rett og gale er ikkje lett og dømme om herifrå.
I samtale med mange her er det tre hovud utfordringar for tida; krigstilstanden i nord, valet i april og matvaresituasjonen. Summen av dette er ustabilitet og utryggleik. Makan, pensjonert velrenommert sjukepleiar og tidlegare ordførar her i byen, gjer meg eit døme: Korleis er det om eg har nok mat til tre måltider om dagen, medan naboen min har kun nok til eitt måltid? Korleis vil dette påverke naboskapet? Det seier seg sjølv. Det er lite som skal til for at frustrasjonen blir teken ut eller at kriminaliteten vil auke. Der kjem også til å bli travelt for Makan, for mange kjem til å bli sjuke. Ting heng saman. Det er ille, for folk et opp såkornet sitt nå, og når ein skal så i juni har ein ingenting å så. Matvaresituasjonen er svært alvorleg. Vi vil få til ein samtale med sosialsjefen her, kanskje det er noko vi kan bidra med, i større skala. Nå hjelper vi einskild personar og familiar, frå dag til dag.
For oss norske går ein del krefter praktisk og mentalt til å være i naudsynt beredskap; halde seg oppdatert på situasjonane rundt i landet/ nabolanda, halde seg oppdatert på situasjonen her vi bur, ha gode relasjonar med folk i gata og med styresmakter, være passeleg synlege, ta omsyn til kor ein oppheld seg, sikre at bilen og jerrykannene er fulle av diesel (diesel får ein ikkje alltid tak i her), ha nok kontantar på lager (banken har ikkje alltid det tilgjengeleg), sikre situasjonen for alle i staben, auke vakthald og gjere sitt arbeid mest mogleg som normalt. Ingen av oss er personleg trua! Det er totalsituasjonen som er utfordrande, og av erfaring veit vi kor lite som skal til før noko tippar feil veg. Alt i alt kjenner vi oss mest trygge, men situasjonen krev meir av kreftene våre, enn normalt her.
Håp
I samtalen med Makan, som eg siterte over, klarte eg likevel å bli optimist. Han seier at fleire stader i nærleiken her nå, skal eit prosjekt starte opp for å sikre matvaretilgang framover. Det skal innan 3-4 månader starte opp hagar, med aggregat-drivne pumper som skal sikre vatninga med vatn frå elva. Mais veks fort, ein kan hauste om 3-4 månadar. Difor er det så viktig at ein får sådd mais tidleg, slik at folk har dette å ete medan dei ventar på hirsen, som treng 6-7 månader før han kan haustast. Om dette blir effektuert, er det eit særdeles godt tiltak!
Adama, ein av våre godt orienterte vakter, seier ar styresmaktene har sett av såkornlager som skal seljast til folk for billig penge i juni og juli. Dei som ikkje har pengar skal få ein viss mengde såkorn gratis.
Glede
Midt oppe i alle slags fortredeligheter og sørgjelege hendingar, så er her mange gleder. Både for fastbuande og mellombelse nordmenn. Heldigvis. Ein fotballkamp, til dømes. Eller sangen, bønnene og samholdet i kyrkja, eller eit godt måltid mat som kom til ein litt overraskande. På onsdag tek vi med arbeidarane våre til Djaloula. Då skal vi få sjå på Fulanersenteret og vi spanderer god mat. Vi trur det er viktig at arbeidarane i misjonen veit litt om kva arbeid misjonen driv, og at dei får ei hyggjeleg stund i kvardagen ein kvann gongen.
Denne veka har Ingeborg og eg hatt overnattingsbesøk av Gunhild og katten (bror til vår pus), medan far var borte. Trivelig å ha begge jentene her i lag, ei lita stund. For det er snakk om berre; bitte-litt!! Gunhild for-ligg-seg ikkje i foreldreheimen. Lausrivinga har vore eit faktum, lenge. Kattane gnog på kvarandre, søstrene litt og? Men mest var det KOS!
I morgon skal vi feire bursdag, Ingeborg er 11 år. Det er ti år sidan mor i huset hadde ein tripp til Norge, og budde i huset til Astrid i Kopervik, medan resten av teamet var att i Bafoulabé. Det var ei grei ordning for å tryggje starten til Ingeborg og fø-na-opp litt, før ho var med tilbake til Bafoulabé. Takk, Astrid!
Kvardag
Irene og Gjermund kom att frå Bamako i går. Veldig greitt, faktisk. Det blir ein del reising, og Ingeborg er den som likar det dårlegast. Men ho kosar seg når han er tilbake, og fekk han med på ein liten klatretur, berre dei to. Gjermund hadde til og med fått med nokre modne mango frå byen. Veldig godt.
Katten har vakna, han har strekt dei fleste lemmene, geispa, rista på hovudet og er klar for ein leikerunde. Tygge på leidningen. Det er på tide å avslutte dette skrivet. Nå står sendinga att, og det er eit kapittel for seg.
Med ynskje om mot, meining og livsglede i denne februarveka i 2012!
Apropos!
Kva skulle ein gjort utan mødrer? Lite og ingenting. Berre sjå på dei som marsjerte til Presidenten. Eller spør Ramata som får hjelp av si mor til å passe veslejenta medan ho arbeidar hjå oss. Eller spør meg som ved hjelp av mor på underfundig vis klarer å få gjort eit svært naudsynt nettbankbesøk. Takk, takk. Så er det vel mor i huset som skal bake kake til bursdagen her i morgon og?
søndag 5. februar 2012
Bilete
| Ingeborg og Gjermund på blåtur |
| Kirkepresident og radioansvarlig for fulanerarbeid |
| Ørkenroser |
| Veiene utvides i Bafoulabe, her er hovedgaten i Mahina blitt utvidet |
| En god lærer og inspirator i menigheten |
| Arbeidet på bibelskolen pågår |
| Alle bilbelskole-elevene på overfart med ferjen |
| Bibelskole-elevene på evangeliseringstur i en annen landsby |
| Besøk fra vestlandet |
| Besøk fra vestlandet |
| Smilende damer på bibelskolen |
| Smilende damer på bibelskolen |
| En av bibelskole-elevene med hans fire barn |
| En av fruene på bibelskolen vasker klær |
| Sammen har damene ansvar for oppvarting av alle på bibelskolen |
| Nytt klasseromsbygg på bibelskolen |
| Mens noen arbeider i bibelskolehagen. lager andre te |
| Barn av bibelskole-elever, i år er det elleve barn |
Abonner på:
Kommentarer (Atom)