mandag 26. mars 2012

Spenning

Dondin, dondin er navnet på bloggen vår. Som så ofte før har vi fått prøvd ut sanninga i; litt etter litt. Akuratt nå går det veeldig litt etter litt. Vi synest nok det er rart å være slik på vent. Vite så lite, lure så mykje og tenkje på alleslags merkelege ting. Midt oppi dette skal vi leve vanleg; sikre drikkevatn, skaffe mat, lage mat, vaske opp, brenne søppel, høyre på radioen, lese nyhende på nett, prate med vakter, ha litt familieliv og gje meining til kvardagen.
                                                                                     
Adama, Karim og Tierno
Mange av våre venner her bryr seg om korleis vi har det, og dei ringjer for å muntre oss opp. Dei veit at vi skulle heim til skole, studier og jobb etter endt arbeidsøkt her. Dei veit at familiane våre ventar på oss. Mange maliarar vil ha vanskelegare for å forstå at misjonærar eventuelt må reise ut av landet på grunn av utryggleiken her. Dei er lei seg på både sin og vår vegne. Som ein tidlegare malikollega kommenterte; "Mali er det tryggaste landet i verda. Eg har aldri følt meg så trygg som i Bafoulabe". Vi kan være mykje enig med henne i det.




Kanskje vi anar ei spenning mellom den maliske vennligheit og gjestfridom på den eine sida, og rykter og raske høgrøysta ordskifte på den andre.

Bafoulabe er roleg i dag og. Hadde vi ikkje vore i byen nå, fordi vi skulle heim til Norge, hadde livet i Bafoulabe gått omtrent som normalt. Der hadde vi hatt mat i skapa, kunne gått på marknaden for å handle og hatt venner rundt oss. Likevel ville vi ha merka militærkuppet på kort eller lengre sikt; manglande import av mat, skyhøge prisar på mat og drivstoff, manglande drivstofftilgang, auka nødbehov i befolkninga s og redusert høve til å nytte hovudstaden sine naudsynte tenester. Tenester som helsestell, administrasjonssentrum, tilgang på pengar og reiser ut av landet.

Kanskje vi skal ta bil, i lag med Jostein og Gunhild?
Endå avventar vi heimreis. Fleire kjelder meinar flyplassen åpnar i morgon, kan hende startar flyselskap flygningar. Reisebyrået Normisjon brukar, bistår oss i arbeid med å skaffe billettar til eventuelle flygningar. Endå held vi oss i ro, etter ordre får ambassaden.

Det einaste vise vi kan seie er; dondin, dondin!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar