Dagen har lysna. Vi er våkne og har sovet godt. Det er vatn i krana! Rimeleg stilt i gatene her. Vi har starta undersøkingane på siste nyhende.
Vi har ikkje på noko nivå fått bekrefta meldingane frå i går kveld om at president ATT skulle har teke tilbake nasjonalforsamilnga. RFI melder kl. 08.30 at kuppmakerane blir meir og meir isolerte. Vakta ute meinar å ha høyrt at rebellane nå har arrestert alle ministerane. Det mest dekkande begrepet på all informasjonen vi får er forvirring og rykter. Som vi så ofte har skrevet før; situasjonen er uavklart og ustabil, og vi avventar det heile.
Det skulle vore interessant å vite kva som er realiteten oppe i alt dette. Men kan hende finnest det fleire sanningar om korleis dette er? Det er rimeleg sikkert at situasjonsbiletet er fragmentert. Fleire gonger har eg lurt på kva det gjer med folk her, at dei stadig får så motstridande meldingar? Som Ramata sa før vi reiste; Mali er eit rykte-land. Ho meinte vel kan hende noko i retning av at mange likar å uttale seg, men sanningsgehalten ofte ikkje er verifisert. Det fører mange gonger til ugreie situasjonar, også i dei små ting. Til dømes ved utfordringar i storfamilien, i venneflokken eller i landsbyen. Det hender rett som det er at det er behov for lengre oppklaringsrundar!
Når eg får ete frukost, skal eg reflektera litt meir over dette...
Kjære dere gode folk! Så godt at alt er bra med alle dere. Tårene rant da nyhetene om kupp i Mali kom hit. Mali, det tryggeste landet i verden. Jeg følte meg mer trygg der enn noen steder i Oslo! Vi ber og håper at folket i Mali får ledere som kan gi dem trygghet og det de trenger for å leve.
SvarSlettMange gode klemmer fra Hilde og Pio
Kjære dykk! Takk for omtanke. Kommentaren dykkar er svært sentral! Enig. Alt godt til dykk.
Slett