Uroa i Mali,
held fram. Den politiske situasjonen er framleis uavklart. Kuppmakerane held på makta men vi les i media, t.d. vekemagasinet
Jeune Afrique på nett, at det føregår forhandlingar. Den Vest-Afrikanske
unionen prøver å få kuppmakerane til å gå av og få til ei overgangsregjering
leia av presidenten i nasjonalforsamlinga; Dionkounda Traore. Det er Unionen som har sett i verk blokaden,
som eit pressmiddel mot kuppmakerane. Det vil være viktig for Mali at blokkaden
blir heva. Då kan ein «normal» kvardag ta til igjen, i den sørlege delen av landet. Forhåpentleg
kan det få hjula til å gå rundt og få fart i tiltak som kan hindre ein vidare
frammarsj frå tuareg-opprørarane i nord.
Tuareg-opprørarane i nord erklærte i går at frå dags dato er
områda nord i Mali ein eigen sjølvstendig stat, kalla Azawad. Dette er området
nord i Mali har tradisjonelt og historisk vore tuaregane sitt område. Dei har
ved fleire høve prøvd å få til ein sjølvstendig stat, eller i det minste større
sjølvråderett i og over dette området. Her og nå er området i nord også ramma
av tørke og hunger. Internasjonale mediar snakkar om ei humanitær katastrofe. På
grunn av uro og uavklarte situasjonar er det nå svært vanskeleg å nå fram med matvarehjelp
i Mali. Det vil og bety at det er vanskeleg å hjelpe folk som er på flukt i
sitt eige land. Hungerkatastrofa rammar ikkje berre Mali, men også Senegal,
Burkina Faso, Niger, Tchad og Mauritania.
Tuareg-opprørarane er innbyrdes uenige. Frå vår synsvinkel
kan dette kanskje være positivt for framtidsutsiktene. Tuareg-opprørarane består
av fleire grupper. Ei gruppe ynskjer ein sjølvstendig sekulær stat medan det dei
to andre; islams forsvarerar; Ansar al Din og Al Quaida inspirerte opprørarar
ynskjer at sharia-lov skal gjelde. No kan det sjå ut til at det kan bryte ut
kampar mellom desse gruppene, men dette er enno ikkje bekrefta.
Det er bekrefta er at det i nord dessverre er ville
tilstandar nå. Vald, herjingar, ran, valdtekter og kidnappingar av folk frå det
algirske konsulatet mellom anna. Mange flyktar eller prøver å flykte i mot sør
og til nabolanda. Mange kristne vert forfylgde, ein del av desse har klart å
kome seg til hovudstaden Bamako. Dei har måtte forlate alt dei eigde og hadde.
No ber kyrkjene i
Mali om forbøn for landet og situasjonen. Dei ber oss særskildt om å huske på
alle dei forfylgde i nord og om konkret hjelpt til kyrkjelydanei Bamako som no
tar imot flyktningar. Dei treng matvarehjelp, klær og overnattingsplasser
mellom anna.
NOEN MÅ VÅKE I VERDENS NATT
"Noen må våke i verdens natt,
noen må tro i mørket,
noen må være de svakes bror,
Gud, la din vilje skje på jord!
Hjelp oss å følge ditt bud!
noen må kjempe for andres rett,
Gud, la ditt rikes tegn bli sett!
Hjelp oss å følge ditt bud
Herre du viser oss Kristi dag!
Selv under livets tyngste slag
er vi hos deg, du vår Gud!"
Svein Ellingsen 1975
"Noen må våke i verdens natt,
noen må tro i mørket,
noen må være de svakes bror,
Gud, la din vilje skje på jord!
Hjelp oss å følge ditt bud!
Noen må bære en annens nød,
noen må vise mildhet,noen må kjempe for andres rett,
Gud, la ditt rikes tegn bli sett!
Hjelp oss å følge ditt bud
Herre, du våker i verdens natt,
Herre, du bor i mørket,Herre du viser oss Kristi dag!
Selv under livets tyngste slag
er vi hos deg, du vår Gud!"
Svein Ellingsen 1975
Takk for at dere holder oss oppdatert! Vi ønsker dere en velsignet påske!
SvarSlett