18 millionar er dei siste tala eg har sett på dei som er ramma av hungeren i sahel beltet dette året.Av desse er meir enn 3 millionar i Mali.
Her eit bilete som illustrerar godt kva som skjedde i fjor. Lite nedbør gjorde at åkrane aldri fekk bere fram det den skulle ha gjort.
Nokre klipp frå nyhetene den siste veka:
No regnar det godt td. i Bafoulabé. Folk er på åkrane og sår. Vi kan vere med og be om ei god regntid dette året.
Ein million barn mellom 0-5 år skal vaksinerast mot poliyomelitt i Bamako i år.
Medlemmene i nasjonalforsamlinga blir sitjande fram til valget neste år.
Samanstøytar mellom lokalbefolkninga og Ansar Dine sine soldatar i Gao i løpet av veka som gjekk.
I Timbuktu var det harde trefningar mellom Ansar Dine soldatar og tuaregopprørerane. Dei sistnevnde vart dei store taperane og mista mest menn og måtte trekkje seg ut av byen. Ein av dei viktigaste leiarane deira vart skadd og evakuert til Burkina Faso. Dette betyr i praksis at tuaregane som ynskjer ein sekulær stat har måtta gi tapt for islamistane og er i alle fall tilsynelatande sett på sidelinja i nord no. 35 mennesker er talet på omkomne i desse trefningane så langt eg har lest meg til.
Mali har 7 deltakerar i London OL.
Her er det militante islamistar som er i ferd med å øydeleggje eit grav mausoleum i Timbuktu. Ingen graver skal vere høgare enn 20 cm då det er imot islamsk lære ifylgje tolkninga til Ansar Dine og Al Quaida. Difor riv dei desse ned !.
Til helga vil dei prøve å få til ei nasjonal samlings regjering kor alle dei store partia er med. Dei fleste store politiske partia er allereie på plass i Ouagadougou i Burkina Faso med dette målet for auga. Kjem dette på plass vil det bli enklare for det internasjonale samfunnet å støtte ein resolusjon i FN med tanke på å sende ein internasjonal styrke til Mali. Den vest-afrikanske unionen er som nevnt tidligare i ferd med å klargjere denne styrken.
Som om det ikkje er nok utfordringar allereie i Mali. No trugar koleraen med å ta liv. Det er allereie bekrefta 25 tilfeller av kolera i nærleiken av Gao. To av desse er døde. Dei andre er innlagt på sjukehus.
Det er store gass og oljeressurser i sahara området. USA, Kina, Frankrike er alle på leit etter nye kjelder for å sikre sin tilførsel av dess nødvendige varene, I tillegg er det også andre ting å finne under jorda si overflate som gjer at heile sahelbeltet er interessant.
Franskmennene er tydelege på at dei ikkje ynskjer eit sterkt nærvære av Al Quaida i Mali. Det er farleg for heile sahelbeltet og like mykje for dei sjølve!
Litt for smilebåndet ein sommardag:
Oppslag på butikken:Gebiss funnet
Eigaren kan få det tilbake dersom han gir ei forklaring på korleis det hamna i jordbæråkeren min.
Dele nøtter
Det var en gang to gutter som skulle ut og plukke nøtter. De var gode venner og avtalte på forhånd at de skulle dele likt. Da de var ferdig med å plukke gikk de hjem. På vei hjem gikk de forbi en kirke, og den ene gutten sa:
- Vi stopper her og fordeler nøttene i kirka.
Men da de gikk opp hovedtrappen mistet de to nøtter.
- Pytt, de tar vi på hjemveien, sa den første gutten.
Også begynte de og fordele. Da kom kirketjeneren forbi og hørte stemmer:
- En til deg og en til meg...
Kirketjeneren trodde at det var Gud og djevelen som fordelte mennesker, og løp til presten og fortalte det. Da presten hørte dette løp han til hovedtrappen og lyttet:
- En til meg, en til deg...
Da trodde han også at det var Gud og djevelen som fordelte mennesker. Men kirketjeneren og presten var jo veldig nysgjerrige på hvordan Gud og djevelen så ut så de gikk opp hovedtrappa og akkurat da hørte de:
- En til deg, en til meg, en til deg og en til meg. Sånn da mangler vi bare de to nede i hovedtrappa.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar