torsdag 30. august 2012

TAKK!

Befolkninga i Bafoulabé er svært takknemlige for den hjelpa som folk i Norge har gitt. Dette har vore viktig i ei vanskeleg tid. Ordføraren i Bafoulabé seier at: ”Hjelpa har avverga ei  stor krise og vi har unngått uro fordi hjelpa kom i rette tid.” I 30 landsbyar fekk folk mat i rette tid, slik at dei fekk krefter til å dyrke hirse, mais og peanøtter.

Ein gammal mann som fekk ein sekk med ris sa det slik: ”Dei som har gitt oss desse matvarene vil vere velsigna dei neste ti åra og ikkje møte noko vondt!” Karim Fofana og Amadou Diallo som har representert  misjonen og har  vore dei ansvarlege for å dele ut matvarene har aldri i sitt liv fått så mange velsigningar.
Samarbeidet mellom kommunen, helse- og sosialsjefen og kyrkja har fungert godt. Dei har hatt eit godt system som har sikra at dei som skulle få hjelp har fått det. 34 tonn ris/ hirse har blitt delt ut og vi kjenner oss trygge på at det aller, aller meste har gått til dei trong det mest.

Ei ulukke kjem sjeldan aleine, seiest det. I fjor kom det som kjent altfor lite regn som førte til tørke og hungeren som vi har fått vore med og lindra. Dette året kjem det helst meir enn nok med regn. I ein samtale med ordføraren i Bafoulabé kunne han fortelje at det i to små landsbyar var 45 bustader som hadde rasa saman på grunn av alt for mykje regn. Bekkene og elvene hadde der gått over alle bredder og kome inn i landsbyane. Fleire landsbyar og byar har kjenner på dei same utfordringane. Mange søv dårleg om natta når det regnar mykje fordi dei er redde for at huset vil ramla over dei når dei søv. Ein kvinne sa at ho står opp når regnet kjem og sit klar i ein stol til å springe ut av huset om det kjem ukjente lydar.
Vi menn slit ofte med å forstå at vi skal høyre på kloke kvinner! Høyr på denne situasjonen; Ei kone vi var i kontakt med var redd for at huset skulle rasa ned over hovudet på familien. Då ho sa det til mannen, berre bles han av ho; ”Du snakkar om ting du ikkje har greie på”. Ho var like redd, og kom igjen og sa det ein gong til. Mannen sin reaksjon var om lag lik, berre endå litt meir irritert og tverr. Då ho gjentok uroa si tredje gongen, forsto mannen endeleg at han burde høyre på kona, og dei gjekk ut. Då dei var kome nett utfor døra rasa huset ned!  Høyr på kvinnene,  mannfolk!

Gjermund, frå Kedogou i Senegal 

1 kommentar:

  1. Ut av vunduet mitt hørres det ut som om eg sitte på gjestehuset i Bamako. Faktisk e mitt nermaste tre som eg ser ut vinduet, den samme tretypen som vokse utafor gjestehuset i Bamako. Hvis eg lukke augene, e eg i Mali, å oppleve regntidå akkurat nå! Men livet i Brasil e veldig bra det og, her e det vinter nå, så varmen e heilt perfekt! Kjekt å lesa om Mali, trist med for møkje regn å hus som forsvinne, godt med kloke kvinner, å menn som lere seg å lytta te de! Eg ber! Hels him!

    SvarSlett