tirsdag 22. november 2011

Bamako er nådd! Første etappe i reisa til Bafoulabe var Førre, Haugesund, Oslo, Paris. På trass av liten margin i Paris kom vi med rette fly og til og med bagasje! Forflytting synest vi alle er litt strevsomt, det er liksom ikkje tida for lange betraktningar og refleksjonar. Men det kan jo henge saman med at vi har teke ut kreftene på førehand med førebuingar, og difor er relativt trøtte.

Møtet med Mali er blidt! Sansane er fine instrument til å ta i mot med. Det resulterar i nyanserte kjensler og tankar. Livet er ikkje svart kvitt, eller enten eller,det er fargerikt og begge deler. Minst.

Å bli berørt på huden av fløyelstemperatur, støv og litt fukt. Varmt og tørt også. Håret blir "høy" (slikt høy som vi slår på enga om sommaren og tørkar til sauene om vinteren) ganske fort. Å kjenne lukta av Mali med støv, krydder, eksos, mat, bål og te. Å møtta synet av flyplassen, alle menneska i kø for å få fylle ut papirer, sjekke visum, pass og vaksinasjonskort. Å sjå alle folka og starte helsingane allereie ved foten av flytrappa. Her er det menneske og relasjonar som tel, mykje meir enn studiepoeng og pengar. Sjølv om det sjølvsagt er greit å ha det nok av det siste. Å smile, være venleg, helse og vise omsyn og respekt for alle. Det går opp og ned mellom folk her og, men dei held ein relasjonell stil på alle måtar. I tjukke lag! Å lytte til folk sin konversasjon både med ord, lydar og kropp - er topp. Lærerikt. I dag har vi starta på å smake. Felles middag med folk som arbeidar ved MPN sin administrasjon i Bamako. Veldig gode medarbeidarar som Marry Anna, Siaka og Tabita. Vi sat ute (Tysværselskap) med menn og kvinner rundt kvart sitt store fat. Ris med deilig peanøtt- og tomatsaus. Litt kjøt på toppen. Ingeborg, som her ber navnet Fatoumata, hadde ei god stund med masse smakfull saus. Handa og ansiktet trong ein vask etterpå. Deilig når det lufttørkar på om lag tre sekund.

Det er godt å være her! Vi skal bade i basseng og ete mat på resturant og så alt det andre kvardagslege som visumsøknad, ordning av økonomi, skolegang, arbeidsoppdrag som skal takast i mot, pakking, handling og diverse ting som skal ordnast før vi startar turen videre mot Bafoulabe på fredag. Det er ein dagsetappe med bil med stor oppakning på delvis ymse veg. Men det er ikkje endå. Nå skal vi sove i ei god seng på eit godt gjestehus. Kjent og kjært.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar