søndag 1. april 2012

Palmesøndag

I dag
Gjermund har hatt sin morgonprat, på telefon, med Karim i Bafoulabé. I og med at vi har to timar i ulikskap blir det rett før gudstenesta begge stader. Palmesøndag kl. 09 i Bafoulabé og kl. 11 i Førre.  Situasjonen i Bafoulabé er roleg. Det skal være barnedåp i dag. Gjermund skulle ha vore der, difor er det greitt at han kan ringje og halde kontakten på denne måten. Det gjer ei lita kjensle av å i ikkje ha blitt lete att åleine, samstundes som det fremmar relasjonane framover.

Alle Normisjon sine misjonærar i Mali, er nå evakuert ut av landet. Det var, slik situasjonen har utvikla seg, på høg tid. Det er ikkje trygt å vera utlending i Mali under desse omstenda. Det gjeld både vanlege ting som forsyningar, helsestell, administrasjon, infrastruktur og tilgang på pengar. I endå større grad gjeld det den tryggleiken i høve til eigen sikkerhet, fare for plyndring og uorden, pågang frå ei befolkning som i større og større grad er på veg inn i matvarekrise og ein krig i nord som er meir og meir ut av kontroll.

Opprørarane har nå teke endå fleire stader, dei har mest fritt leide. I ettermiddag forstår vi at tuaregopprørarane nå har innteke både Gao og Timbuktu. Den Vestafrikanseke unionen trugar med  å stengje grensene sine frå i dag av, slik at ein ikkje vil kome inn i nabolanda til Mali, om ein ynskjer å kome ut av landet. Likeeins vil alle forsyningar bli stoppa denne vegen. Og Mali har inga kyststripe.. Dette er “takk for sist” fordi leiarane frå Unionen, som skulle kome til Mali på torsdag, blei nekta å kome inn i landet. Ut i frå informasjonen vi får diverse stader i frå, verkar det som om juntaen forstår at dei må be om hjelp utanfrå. Så vidt vi forstår forhandlar dei nå om hjelp med å stille med 3-tusen soldatar til hjelp mot krigen mot rebellane i nord.

I går – og før det
Vi er heime att, i Norge. Relativt trøytte, men med godt mot. Det har blitt mange endringar og tankar i det siste, så det tek litt tid å lande att. Vi har levd i ein makt- og opinionskamp med store mengder av motstridande informasjon som vi har prøvd å analysere og forstå. Det har til tider vore stritt.

Natt til torsdag bles det opp mot storm. Sand- og støv storm. Det var støv, over ALT. Heimreisa som starta torsdag morgon, vart også bortimot nervepirrande. Denne dagen var det skipa til stort møte mellom fire leiarar i frå den Vestafrikanske Unionen, som skulle møte Juntaen, i Bamako. Vi var klar over at det kunne bli uro, men fly bilettane var torsdag, så vi måtte berre køyre på. I den siste tida har vi blitt vane med at det blir som det blir.., men vi prøver etter beste evne.
Først drog vi til den Senegalesiske ambassaden for å be om visum. Visum måtte vi ha, fordi den siste reiseruta vi fekk, la turen om Dakar. Vi pakka bilen med all bagasjen og planla å køyredirekte ut til flyplassen etterpå. Vi ville nødig skilje oss av med passa våre, på den andre sida av byen, og med bruene mellom, og flybilett seinare på kvelden. Emanuel (!) var sjåfør. Ein god sjåfør og medvandrar. Vår ven Taxi-Keita, køyrde opp løypa for oss, og vi sto i telefonkontakt med han undervegs. Lurt. Rett nedi byen var det stengt fordi Juntaen skulle passere, på veg til flyplassen (!) for å ta i mot leiarane frå Unionen.  Møtet var flytta til flyplassen for å unngå bråk i byen!! Vi berre kikka på kvarandre, og heva augnebrynene. Ideen om å reise med fly denne dagen verka utruleg dårleg akkurat då, men den som lever får sjå! Vi køyrde videre, etter at sperringa var opna att.

På den Senegalesiske ambassaden var dei hyggjelege og gjorde noko dei ikkje plar, gav oss visa på dagen. Medan ambassaden jobba sette vi oss på ein restaurant like ved. Dei to store jentene sovna på kvar sin sofa, Gjermund og Ingeborg spela kort, Emanuel slappa av og fylgde med og det gjorde eg og! Spenning. Vi passa på å bestille mat, sjølv om det var tidleg. Visste ikkje korleis dagen kom til å bli. Vi hadde med mykje vatn og litt kjeks i eit nett, det var det heile. Maten var god, og visa var ferdig før vi var ferdige med maten. Utruleg! Medan nokon av oss nytta toalettet fekk andre tilfeldigvis informasjon om at det var store problem nede i byen, med uro og bilar i brann. Videre forstod vi at vegen til flyplassen var stengd, grunna demonstrasjonar ute på flyplassen og store stryker militære var der nå. Det kjendest som om vi var litt låst innimellom. Ikkje kunne vi dra til flyplassen og ikkje tilbake til gjestehuset til Normisjon. Vi drog innom det norske konsulatet, i same gata som Senegal ambassaden. Der fekk vi stadfesta informasjonen og vi fekk kontakt med MELM sine misjonærar, som stod på flyplassen og skulle heim med Air France flyet, same føremiddag. Utvegen for oss vart då og køyre til deira gjestehus, via snirklete vegar, eit stykke før flyplassen. Der kunne vi være rimeleg trygge, slappe av og vente på betre tider.
Vi kom fram, fant vakta som låste opp for oss, og der sat vi og venta. Huset vitna om at nokon hadde reist på kort varsel! Det såg ut slik det gjorde etter oss. Konvoluttar med namn og lappar med beskjedar. Det var ei viss spent og trist stemning huset bar. Og det bles, stikker og strå. Støvet låg over alt. Dei store jentene la seg ned på kvar si seng i eit rom, og sovna. Gjermund og sjåføren kvilte i eit anna. Ingeborg og eg fordreiv tida med å fylgje med og lese litt. Vi fekk tak i fleire telefonkort med kreditt og fylte opp mobilbatteria med straum. Vi venta på betre tider, Siaka og familien Deriaz. Vi skulle reise med same fly til Dakar. Vi hadde deira pass og visum. Dei hadde våre bilettar, som ikkje var klare før vi kjørte.
Undervegs småsnakka vi om berre å ta bilen og køyre til Dakar. Medan alle dei militære var på flyplassen kunne vi kanskje kome forbi i Kati, der hovudmilitærbasen er, og så kome oss videre ut av landet. Vi holdt oss i skinnet, sjølvsagt.., og avventa.
Ut på ettermiddagen får Emanuel melding frå ein kjenning som arbeidar i militæret, om at alle dei militære har trekt seg tilbake til Kati, og at vegen til flyplassen er opna. Det var sivilbefolkninga som hadde vore like ute på flystripa og demonstrert, militære hadde vore der for å halde ro og orden. Flyet med Unionsleiarane hadde måtta gjere vendereis.
Siaka og familien Deriaz kom, og at Taxi-Keita køyre opp løypa for oss, og vi drog mot flyplassen. Alt syntest roleg. 100 meter før flyplassen vart alle køyretøy stoppa av militære for bagasjesjekk. Alt gjekk roleg for seg. Unge soldatar. Emanuel opna bakdøra, men dei vinka oss raskt videre då dei høyrde vi representerte misjon. Strategisk plassert stod tungt skyts. Ingen trong å være i tvil om kven som hadde makta. På flyplassen var det roleg. Rolegare enn vanleg. Vi sat ute i den varme og støvete vinden og venta på å få sjekke inn. Litt letta, skitne, trøytte og forventningsfulle.
Til alt overmål gjekk alt etter planen videre! Vi hadde pakka for alle eventualitetar, kledd oss i lette maliklede og bestilt hotelrom i Dakar. Bilettane vart omsnudde så mange gonger at vi til slutt berre reiste, og var spente på korleis alt kom til å bli. I verkelegheita! Dei få gongene eg hadde tillete meg å tenkje tankar heilt ut, hadde eg lura på korleis utreisa ville bli sjåande ut, og om det verkeleg blei noko utreis. Det er ikkje alle tankar som det er naudsynt å grave i, unødig. Andre tankar kan det være lurt å grunne litt meir på undervegs.
Frå Bamako flyplass var det videremed fly til Dakar, Dakar-Paris, Paris-Amsterdam, Amsterdam-Sola, og frå Sola-Mortavika-Arsvågen-Førre med bilar og ferje.
Det er mykje å takke for, og det er mange å takke! Først og fremst takkar vi vår ven, Jesus Kristus! Han har vore til uvurderleg hjelp på fleire område! Mange har huska på oss på ulike måtar, med helsingar og bøner. Nokon har arbeidd med kontaktar, bilettar og vurdert situasjonen. Siste ut var praktisk omsorg; nystekte boller frå tante på flyplassen, transport med bil frå fleire personar, varmt hus og mat i kjøleskapet frå bestemor, internett og aviser frå nabo Jan Åge og Elin, eit lass med varme pannekaker frå familien Eikje på laurdag og nydelege påskeblomster frå fleire naboar her. TAKK! Vennlegheit er ein veldig god ting.
Og, Pus er komen heim. Han har hatt det litt vel godt i matfatet hjå morfar, så nå må han springe litt ekstra.., meinar Ingeborg. Både Pus og vi syntest det var godt å kome heim til Vestli att! Det er inga tvil om det. Kanina Tussi er komen heim, og Flekken skal vi hente om litt. Takk for dyrepass.
Nå brukar vi tida på å kople oss opp på alle praktiske ting som telefon, internett, post, aviser og ordningar elles. I tillegg til å kvile og gå tur. Gjermund har sin andre lange tur i byheiane nå. Vind, 0*C og snøfnugg innimellom. Litt motstand er godt, når ein berre har klede. Inne har vi fyr i ovnen, pus i korga si og Ingeborg “tek att huset” og vennene sine.
I morgon
Ei veke på overtid, skal eg på arbeid att i morgon. Det blir godt. Det er òg godt at det er ei kort veke. Så blir det ein mjukare start. Gjermund lever i eit mellomtilvære og har uferdig arbeid i Bafoulabé. Han brukar tid på oppdatering og kontakt med medarbeidarane der, herifrå. Ingeborg har påskeferie, og kan nyte masse venninne- og familiefellesskap i kjende omgjevnadar.

Kvinneneklassen, med sin lærar Tatou
Elevar ved Bibelskolen, det er snart eksamen..










Palmesøndag

Hvorfor valgte du en eselfole, Jesus?
Du kunne i det minste valgt en hest!
Du gjorde deg så ussel og så liten
da folkemengden ville lage fest.

Hvorfor valgte du en tornekrone, Jesus?           Hvorfor valgte du den smertefulle døden?
Du kunne fått en gullkrone så fin,                       Et lite ord, og du var sluppet fri!   
for folkemengden ropte: "Hosianna,                 Du kunne bedt din Far å sende engler!
velsignet konge!" Sjansen var jo din.                 Det kunne vel fått folkesnakk på glid.

Alt kunne blitt så annerledes, Jesus.                  Du roper ut et nådens år fra Herren,
Takk at du ikke tenker slik som vi!                      et gledesbud for fattig og for rik.
Du kom med annet oppdrag hit til jorden:       Den blinde skal få se, den døve høre.
Hver undertrykt og fanget skal bli fri                Takk, Herre Jesus, at du valgte slik!
                                                                                                                                               Elisabeth Aanje, 1981

2 kommentarer:

  1. Det gjør inntrykk å lese det dere har vært gjennom! Merkelig å lese om kjente og kjære steder i lys av den virkeligheten som har vært de siste dagene.

    Jeg håper dere får finne roen igjen når dere nå har landet i trauste trygge Norge. Men vær obs på at slike opplevelser kan sitte i lenge, og det kan dukke opp reaksjoner lenge etter at dere har kommet hjem.

    Vi var gjennom en slik runde i fjor, i forbindelse med valget i Elfenbenskysten. Det var ingen dramatikk i selve reisen vår (takk og lov), men da situasjonen etterhvert spant ut av kontroll kom også reaksjonene våre sterkere. Så ta vare på hverandre!

    Hilsen

    Inge Aukan,
    tidligere Mali og Elfenbenskyst misjonær for NLM

    SvarSlett