fredag 23. mars 2012

God kveld

Store-jentene spelar kort med Gjermund, Ingeborg kokar suppe på ein spiker og 'hu mor' skriv blogg. Vi har gjort aktive tiltak for å unngå brakkesjuke. Direktøren og kona inviterte oss over gata til eit lite bad i bassenget i hagen deira, nå i ettermiddag. Og situasjonen var slik at det var tilrådeleg. Godt! Kjekt!

Portforbodet gjeld nå mellom kl. 18 og 06. Vi utlendingar held oss likevel inne heile tida, etter råd frå ambassaden. Hushjelpa til direktøren hjelpte oss å handle inn mango, bananer, løk, paprika, gulrot, tomatpure, buljongterningar, ris og spagetti. Miniprix har stengt, men han klarte å skaffe kjøttdeig på marknaden.

Vi er veldig takksame for at vi har straum mest heile tida. Nå er vatnet stoppa, og dei sa at det kjem ikkje att før på mandag. Vi sparer! Drikkevatn er viktigast, og det bør halde det vi har samla opp. Det går nok bra. Sveitten som kjem etter dei 40*C, vaskar vi av ved ein høveleg anledning.

Situasjonen er framleis uavklart. Vi har ikkje høyrt skuddsalver i ettermiddag, og er avventande til kva som vil skje videre. Det er rimeleg mange senario, og nokre av dei er ikkje greie. Problem med misnøye mot juntaen i befolkninga, konforntasjonar mellom presidentvenlege soldatar og kuppmakerane, ustabilitet i landet og fritt leide for rebellane i nord, plyndringar i gatene forårsaka også av juntaen, matvaresituasjonen er vanskeleg og prisane er femdobla på få timar. Flyplassen og grensene er stengde, sentrum og vegane er utrygge. Det er fare for å bli stoppa og i beste fall kun bli fråteken bil og verdisaker. Så vi held oss inne! Om vi gjerne skulle ha vore flytta herifrå snarast, veit vi og har tillit til at Normisjon, deira kontakt med styresmakter og andre organisasjonar gjer sitt ytterste for å være oss til hjelp. Ingen kan trylle, så dette er ein real jobb. Takk, til alle dykk som svettar for oss, ein fin vårdag heime i Noreg.

Normisjon måtte i dag informere min norske arbeidsgjevar om at på grunn av 'force majeure' kjem eg ikkje på jobb på mandag, som planlagt. Kva tid eg er tilstades der, ja, sei det! Men bessede så er vi der att! Arbeidskollegaene der er svært dyktige og omtenksomme. Eg gler meg til å sjå dei att! Dei er spesialistar på posttraumatisk stress, så etterkvart er eg nok i trygge hender!

Læraren til Ingeborg var omtenksom og samtala med elevane i klassen til Ingeborg i dag. Lurt. Det er som om hovuda våre her ikkje heng heilt med, til alt det norske, for det er fullt av så mykje her. Men det er her vi er nå, så det er vel greit nok. Vi er rolege og ved godt mot. God natt!

"Hører du den hemmelige sangen,
røster som forenes til ett kor?
Ser du hvordan jordens folk og stammer
samles til et folk som ber og tror?
Se, våre føtter er lette på fjellet!
Vi kommer med budskap om fred.
Midt mellom folkene løfter vi
navnet til han som har bøyet seg ned"
(Eivind Skeie)

Same månen over oss alle, men her ligg han.      (J.Lygre)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar