torsdag 22. mars 2012

God natt, Bamako!

Aldri så gale, det ikkje er godt for noko. Sidan vi kom til Mali for fire månadar sidan, har eg ikkje sett mannen min så mykje som i dag! Millitærkupp. Litt strevsomme omstendigheter og ganske varmt, men vi lever likevel greit. Nå skal vi snart prøve å få sove.

Venner frå Bafoulabe ringjer og spør korleis vi har det. Ramata vil så gjerne vi skal kome oss trygt heim, sjølv om ho gjerne ville at vi skulle vore lengre i Bafoulabe. Mange telefonar og meldingar har det også vore frå Norge. Takk.

Takksame er vi for at det framleis er straum tilgjengeleg. Den har vore litt att og fram, men likevel mest heile tida. Det er godt fordi då har vi lys til utelampene i den mørke natta, straum til nett og mobiltelefon og til luftavkjøling. Men det har sin ulempe, for den lagar lyd, og då høyrer vi heller ikkje noko utanfor. Mor i huset likar å ha kontroll, sjølv når ho søv.

Byen høyrest rolegare ut i kveld. Vi har ingen nyhende å skrive om, men ein del urolege refleksjonar for tida som kjem. Til alle som ber og arbeidar, husk på landet; Mali. Det er eit land med lang og ærbar historie. Eit land med mange gjestmilde og vennlege folk. Eit land mange nordmenn er blitt glade i. Må Gud, Fredsfyrsten, ivareta land og folk her. Og heime i Noreg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar