fredag 23. mars 2012

Byen vaknar

Det lysnar av dag rundt kl. 06 og vi er spente på kva vi ser då. Også i natt har vi hørt skudd, og nå i morgontimane. Men det er lite og spreidd. Ut av vinduet ser eg folk i bevegelse i gata, som vanleg, men her er rolegare enn normalt. Lite bilar ute, folk er redd for at dei skal bli tatt. Det har vore noko spreidd plyndring i byen. Har vi forstått det rett, er folk er bedne om å gå på jobb i dag og portforbodet oppheva på dagtid. Folk må jo få fatt i mat. Men for oss utlendingar er det uaktuelt å gå på gata nå, uansett. Grenseovergangar og flyplass er framleis stengde.

I morgontimane har vi ikkje fått noko særleg ny informasjon, vi avventar framleis. Vi skulle gjerne visst meir, situasjonen er framleis uavklart og ustabil. Nå et vi frukost, ventar på endå meir lys over saka og betre tider.

Journalist refleksjonar
Jeune Afrique (JAf) har i dag ein kommentar over avsett president Amadou Toumani Toure; ATT. JAf reflekterar over om han blei fjerna grunna ein mislukka konsensuspolitikk. Han har vore det store ikonet på 90-talet, nett på grunn av dette. Han har arbeidd for samtale, konsensus og fredelege løysingar. Han tok sjølv makta ved eit kupp i 1991, då han fjerna Moussa Traoure frå makta ved eit militærkupp. Så overgav han makta til det sivile samfunnet, året etter, då Alfa Oumar Konare vart president ved eit demokratisk val. No har han sjølv måtte gå på same vis, mellom anna fordi han satsa for mykje på det afrikansk-maliske prinsippet om konsensus. Dette prinsippet har ført til at alle partia i stor grad har blitt einige og at opposisjonen på denne måten er blitt utydelege. Men der andre land har tydd til makt for å stansa terrorisme, har ATT røvd å løysa uro og konfliktar gjennom samtalar. Han får mykje godord for dette, men dette har likevel ikkje bore nok frukt, meinar journalistar i JAf. Han har ikkje klart å forsvare det maliske territoriet på ein god nok måte.

Vi lyttar nå på RFI og ein debatt mellom ein malisk politikar og ein journalist. Dei meinar ATT vanskeleg kan kome til makta igjen fordi han har mislukkast på tre område; han har ikkje klart å forsvare malisk territorium, fått bukt med korrupsjon eller styrt skolepolitikken i rett retning.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar