Eks-president Sanogo klarar ikkje heilt å
halde seg vekke får den politiske scena. Han har stadige visittar rundt om i
militærleirane i og rundt Bamako. Når
han reiser rundt er sikkerhetsoppbudet
stort, som om han framleis er president! Stadig vekk høyrer ein om
arrestasjonar av militært personnel som var tru mot ekseks-president Amadou
Toumani Toure, han som vart avsatt av juntaen. Dei blir beskylda for å ha vore
med å planlagt motangrepet mot juntaen, eller for korrupsjon. Utan lov og dom
har dei blitt haldne i fangenskap 24 timar i døgnet utan lufting, utan
skikkeleg mat og sanitærforhold. No har endeleg advokatar fått besøkje fleire
av dei så forholda har betra seg noko, men advokatane får ikkje gjort jobben
sin skikkeleg og planlagt forsvaret av sine klientar slik dei skulle. Så lenge alt dette pågår vil tvilen vere til
stades, tvilen og spørsmålet om Sanogo og hans menn sin agenda? Kva vil han
eigentleg? Konsekvensen er at Statsministeren og regjeringa har ikkje den
autoriteten dei treng og landet er prega av usikkerheit og stillstand. USA,
Norge med fleire vil ikkje gje den hjelpa dei hadde tenkt så lenge dette pågår.
Den vestafrikanske unionen og den
afrikanske unionen ynskjer å ta med FN for å finne ei løysing på problema. To
ting kjem fram tydeleg no. For det første må ekspresident Sanogo og
militærjuntaen trekkje seg heilt for å kunne gje arbeidsro til regjeringa og
presidenten. For det andre er dei tydelege på at det kan bli nødvendig med ein
militær aksjon for å frigjere Mali frå opprørerane og terroristane i nord og få
kontroll over heile territoriet. Tuaregane prøver forresten no å ta tydelegare
avstand frå islamistane i Ansar dine og Al-Qaida. Tuaregane ynskjer ein
sjølvstendig sekulær stat. Det er ulike signaler om kampar mellom partane.
Regjeringa i Mali prøver seg på ei anna
løysingden afrikanske unionen foreslår for ikkje å provosere Sanogo og juntaen. Dei
vil oppløyse juntaen og gje dei moglegheit til å skape ein ny organisasjon som
regjeringa kan ta med på råd. Dei vil
likevel ikkje gje dei rett til å bestemme kva som skal skje. Den som lever får
sjå kva som skjer..
Ryktene i Bamako og austover går no på at
hæren er i ferd med å klargjere til eit åtak for å gjere dette på eiga hand
utan hjelp frå verdsamfunnet. Folk melder om troppeforflyttningar og to fly og to helikopter! er sett i områda.
Nokre spør seg om dette berre er for å skape frykt blant opprørerane eller om
det verkeleg er eit reelt åtak som er på gang.
Presidenten, Dionkounda Traore er
framleis i Paris. Ennå er det ikkje kome fram tydeleg informasjon på kva tid
han returnerer til Bamako. Rykta i førre veke sa mot slutten av veka. Det viste
seg ikkje å stemme. No har eg ikkje sett tips om dette.
Håp fordi ungdomen
står opp
Eit interessant
ungdomsfenomen, ikkje berre ungdomen forresten. Dei blir kalla eller kallar seg
for Les sofas-dette er eit namn som motstandsmennene til Samory Toure hadde.
Han var ein av dei siste store motstandsmennene som kjempa mot det franske
imperiet sin frammarsj rundt 1890. Han fall men vert minna som ein av dei store
skikkelsane i kampen mot mot koloni-overmakta.Les Sofas brukar rapping for å få ungdomen i tale. Dei ynskjer å vekkje ungdomen mot korrupsjon, mot ein politiskt elite som har ikkje har gjort jobben sin dei siste 20 åra med demokrati. Dei har eit sterkt ynskje om eit betre samfunn som fungerer slik det skal med ærlege og oppriktige politikarar.
Her er ein god
refleksjon som ein av leiarane har gjort. After 20 years
of democracy we were back to square one in a country without a state, without
laws, without anything,” group spokesman Mohamed “Ras” Bathily lamented to me.
As he expressed it, "If we elected an inept government, it’s because in the run-up to
elections we weren’t interested in the credibility of the men for whom we were
going to vote. Nobody was interested in their social platform, in their
morality, we just wanted the cash and the t-shirts they were giving away. Even
though they took advantage of our ignorance, our poverty and our vulnerability
to offer us trifles, we never had this civic reflex to vote for a platform, not
for a man. It was this error we made, the result of which was the election of
an incompetent government, the loss of two-thirds of our territory, chaotic
governance in every domain, no economy, no jobs, no health care, you see,
nothing was working! So we said, “This must never happen again.” And this
self-critique, this recognition of our own responsibility must lead to an
active civic awareness.
Det er håp for Mali når ungdomen våknar opp.
Litt frå vårt område i vest-Mali.
Laurdag hadde synodekomiteen komite møte i Tambaga. Alle
medlemmene i komiteen klarte å komme seg dit. Adama Bah, leiaren, fortel om eit
godt møte og om medlemmer ved godt mot. Det var gode rapportar frå dei fire distrikta, Bamako,
Tambaga, Bafoulabé og Oussoubidiania. I
tre av distrikta fortel dei om nye døypte den siste tida. I kyrkjelyden i
Tambaga slit dei litt med organiseringa då dei ikkje har eit sokneråd som
fungerer, men radioarbeidet og evangeliseringa fungerer godt i distriktet.
Karim Fofana, pastoren i
Bafoulabé, fortel frå ein tur han har hatt i retning Oualia. På vegen til
Oualia stoppa han i Beremasso. Der ville han høyre korleis det stod til.
Leiaren var bortreist. Han var dradd til Kenieba for å leite etter gull. I
Beremasso er det ikkje arbeid å få. Han har dratt for å kunne tene pengar for å
klare å brødfø seg og familien. Då Karim reiste vidare og kom til Oualia og Sollinta med tanke på å
forbereie ei større samling for å styrkje dei kristne i området, var det også
der mange menn som var reist for å leite etter gull. Det er ikkje uvanleg at
unge menn reiser for å prøve lykka for å kunne tene pengar til ein motorsykkel,
hjelp til familien eller til å få råd til å gifte seg, men no virkar det som at
også vaksne menn ikkje har noko alternativ fordi nauda er så stor. Karim fekk
høyre at dei nok snart kom attende då regntida nærmar seg. Då vil han prøve på
nytt å organisere oppmuntringsdagar. Om gulljegerane då ikkje døyr i ei
gruvesjakt! HMS faktoren er ikkje så stor.
I Bafoulabé skal dei i gong
med å dele ut mat til dei trengjande. Helse og sosialsjefen sa allereie i mars
i ein samtale eg hadde med han at det var lurt ikkje å gje mat for tidleg. Folk
treng mat når dei skal jobbe på åkrane og no er tida for det. I tillegg har
kommunen i Bafoulabé vore noko treg med å få tak i kven som treng hjelp. Det er
kanskje ikkje så rart med 29 landsbyar som skal kome med ei liste som skal
kontrollerast. I dag skal Karim Fofana og helse og sosialsjefen i møte med
kommunen for å kunne kome i gong med utdelinga i løpet av veka.
Kvardagen
i Bamako
Livet i Bamako er ikkje
enkelt. Ei gruppe som har tøffe dagar er gateselgerane som går kilometer på
kilometer for å selge varene sine. Håndkler, kjøkkenutstyr, leketøy, matvarer
ja alt kan ein få kjøpt av dei ambulerande handelsmennene. Ei steikande sol, varme, og regnet som no
byrjar å kome, hard pruting og lange dagsmarsjar held dei ut for å skaffe
pengar til mat, til studier, til familien.
No har det ikkje blitt enklare med uro i gatene, aukande arbeidsløyse, færre
turistar og dermed mindre pengar i omløp.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar