torsdag 24. november 2011

Overgangar!

"Dei kvite har funne opp klokka, likevel er det dei som mest aldri har tid", fekk eg som ein kommentar i dag. Som det ikkje var nok ; hjernen heng igjen ein stad oppi lufta, der vi for forbi på mandag.

 Av ein etter annan supermerkeleg grunn, opplever eg også i Mali at ikkje tida strekk til, slik eg gjerne har planar om. Kan det skuldast planane? Eller forventningane eg har til meg sjølv? Eller kan hende forventningane andre har til meg? Eller litt av alt?

Vi har - fått nye sim-kort til mobiltelefon, fått nye passord og kodar (hovudet er fullt!!,) logga på nett, fått arbeidsinnstrukser, svetta, sove med climatisør. Irene, lærar/ volontør/ søskenbarn, har starta skole med Ingeborg. Vi har - del-planlagt eit stort seminar neste veke i Bafoulabe, fjernstyrt arbeidsoppgåver for medarbeidarar i Bafoulabe slik at vi har eit tenleg hus å flytte inn i og kan ta i mot gjester neste veke, hatt gode samtalar med medarbeidarar i Bamako, spraya badet med antimyggmiddel, hatt ein observasjon- og handletur til Marche Rose, hatt kaffi hjå direktør Roar og Hildegunn, handla mat og husholdning, pakka det forsvarleg (mat og såper for seg!), pakka bilen med kantiner og koffertar på taket, frose ned smør og kjøtt slik at det toler den lange bilreisa i kjølebag, drukke brus, drukke vatn, ete på resturant, bada litt i basseng, hatt papaya og lime til forfriskning, filosofert over kor meiningslaust urettferdig verden er, hatt vondt i hjarta når vi handlar inn masse dyr mat, smilt venleg til tiggarar, smilt venleg til menneske med alvorleg nedsett funksjonsevne som tek seg fram på baken i eit mylder av trafikk, folk, støv og skitt. Vi helsar på norsk, bambara, khassonke, fransk og til og med engelsk. Språka kjem, om ikkje rekande på ei fjøl, så er dei i alle fall tilstades. Og refleksjonar blir det; Språk er nøkkelen inn til mennesket inni kroppen. Språk er ord og språk er kropp. Fasinerande samspel, eller mangel på det.

Einkvan forstår vel kvifor hjernen heng att ein stad oppi lufta? I morgon skal han kanskje bli rista på plass på dagsreisa til Bafoulabe. Venner i Bafoulabe ventar. Ramata ventar. Gunhild ventar. To unge norske volontørar, Arne og Jostein, ventar. Globale disiplar ventar. Ja, ingen går dagdrivande og ventar på oss..! Men vi går med ei for-ventning om å møtast att. Det kjennest godt. Då plar hjernen dale også.

Forventning om nett-tilgang i Bafoulabe er kraftig nedjustert. Vi ser. Litt etter litt; Dondin - dondin

1 kommentar:

  1. Hei!
    Det rykker ganske kraftig i reiseføttene mine når jeg leser bloggen deres!
    gleder meg til å følge dere på bloggen og i bønn!

    SvarSlett