mandag 19. desember 2011

Sirissane snakkar


Natta er svart, varmkjølig og full av lydar. Sirissane er dei mest trufaste, men hundegalm, eselhaark og mopedkøyring er absolutt tilstades. Det er natt, familien sev, men skrivaren sit oppe og førebur eit blogginnlegg som så gjerne skal med på køyreturen til Bamako i morgon, ved hanegal. Mannen i huset og våre to volontørar skal til byen, ei dagsreis herifrå, for å hente gjester og avleggje ein eksamen. Då må vi nytte høvet til å få lagt noko inn på nett.

Nettilgangen så langt har vore sørgjeleg laber. Ikkje det at vi personleg saknar så veldig å hakke på den pc’en, men det er jo eit ganske greitt formidlingsverktøy. Og, ikkje minst, store deler av den verda vi til vanleg er ein del av forventar at vi både er tilgjengelege og aktive ytarar på det elektroniske nettet. Vår utfordring er mest å være oppdatert på nyhende som er viktige for samfunnet her og som vil berøre oss på ulikt vis. Så får kvar ta seg av sitt, som best dei kan.

I våre første år her ute hadde vi ikkje telefontilgang før vi var i hovudstaden, to dagsreiser frå der vi budde. Vanleg post fekk vi køyrd inn med kurer ein til to gonger i månaden. Vi bruka kortbølgeradio mellom kollegaer, etter avtale. Livet gjekk greitt, men avstanden kunne kjennast stor i blant. Nå har den jevne maliar mobiltelefon og vi kan ringje heim frå store deler av områda vi bevegar oss i. Likevel kan avstanden framleis være stor, ja, kanskje vel så stor, fordi forventningane er annleis. Både frå familie, venner, arbeidsgjevar og oss sjølve.

Sirissane i Bafoulabé snakkar sannsynlegvis om at folket her har teke venleg i mot oss, at vi har helsa på mange kjende, at kyrkja er full av mange unge engasjerte som ynskjer å være tydelege kristne, at folk har utruleg lite mat, at barn innimellom er ille sjuke men at barn under fem år får gratis malariabehandling, at folk ler så dei ristar av ein god vits, at folk har mange meiningar og høge stemmer om dei komande vala (president, kongress og kommuneval), at veien frå Mahina til Bafoulabé er under utbetring, at japanerane skal vinne ut jern rett her borte og sender steinane heile til Japan, at sementfabrikken rett nord her skal opnast til nytt år og har fullt mannskap frå Togo, at uro gjer stor skade i nordaust, at dei stadig betre veiene også gjer det lettare for bandittar og koma fram, at julestoffet er klart og mange syr seg nye klede til jul, at Ingeborg har fått seg kattunge, at storesøster og søskenbarn klarer seg godt som pedagogar, at Gjermund driv i transportbransjen og køyrer på smått og stort til nybygget på Bibelskolen, at han og fiksar kranar, fiskar og jaktar, at han gjerne skulle hatt meir tid til førebuingar.., at Gunn-Marit fekk ein firfoldig omfavning av sjukepleiarkollega og tidlegare ordførar Makan, som nå er pensjonert (i navnet og ikkje i gavnet), at tida ikkje går saktare her men at det er plenty av små og store ting som et opp tida og så er natta her igjen. Og sirissane snakkar!

I dag har vi vore i gravferd. Nabo-nabo kona døde i går kveld. Dotter hennar kom akuratt for seint, toget var eit døgn forsinka. Muslimsk gravferd i dag. Masse folk. Naboar deltek og fleire har med matter til å sitte på. Høgtidssamt og verdig.

Fram til jul er det førebuingar av ulikt slag, første juledag er det stor fest i kyrkja. Mange kjem då, det blir mykje song, tale, fellesskap og god mat. Dei vaksne i huset her førebur også undervisning til januar, Bibelskole og mini-seminar i kyrkja. Spennande aktuelle tema om livet, det gode livet. Både fysisk, psykisk, sosialt og ikkje minst andeleg. Her er det lett å snakke med og om at livet har ein andeleg dimmensjon. Det er også etterspurt å få undervisning og samtale om korleis ein kan leve eit sunt og godt liv, både i møte med seg sjølv, familien, samfunnet og i kyrkjelyden.

Våre Globale Disiplar klarer seg godt, dei skal få både språk og kulturlæring medan dei er her. Dei høyrer til familiar i kyrkja og et alle dagens måltider i heimane der. Mangt og mykje får dei være med på og lære!

Julebesøket som kjem har vi stor tru på at har varme hender og nettkontakt! Vi trur vi går nettare tider i møte. Til venner som les blogg, vil vi gjerne ynskje gledeleg julehøgtid, nettkontakt med Han som ER og varme hender både til fjern og nær.

Flodhestsafari
Gjettegryte ved Lillefossen
Vi er på utkikk etter flodhester
På tur ved nærheten av flyplassen i Bafoulabe
Ingeborg har fått seg kattunge, Findus
Gunhild trives med katter i huset
Under de første ukene av oppholdet i Bafoulabe var det mange søskenbarn samlet

Ha ein velsigna dag vidare, frå familien Lygre, v/Gunhild!

1 kommentar:

  1. Hei på dere, kjekt å lese på bloggen deres. Alltid kjekt å høre fra Mali!! Håper dere har hatt ei fin julefeiring. Regner med at dere har fått julebrevet fra oss. Hils så mye til både svarte og hvite venner!! Klem fra Anita og Håkan

    SvarSlett