onsdag 28. desember 2011

Sist i desember

Her er usedvanleg stilt. Skrivaren er åleine i huset, heilt til i morgon. For første gong i Mali. Det er vanlegvis alltid eit barn der mor er. Det er takksamt å ha barn, men godt åleine og, i alle fall ei stund!
Mannen, jentene,  julebesøk, volontøar og globale disiplar er i Sittokotto på overnattingstur. Sitokotto byd på elv, foss, bush og stjernehimmel. Kjekt, spennande, vakkert og kaldt i natt. Gjermund har med fiskeutstyr  til elva og hagle til jakta. Tynne madrassar under kroppane på steinhellene og tepper til å ha over seg. I natt har dei fyrbøtar og bål, i kveld kokar dei mat i ei gryte over bålet. Menyen er meint å være tilpassa kveldens fangst, men med så mange munnar har Gjermund sikra med seg to perlehøner frå nabo Samba og brød frå Mahina. I gryta elles er det sausen som skal gjere susen; olje, kvitløk, løk, buljong, krydder, kjøt, tomatpure, makaroni og det som elles må være å oppdrive. Sist dei var der fekk dei ein lang svart cobra på besøk. Men er han lur, held han avstand. Cobraen altså.
I dag har det vore arbeid med årsoppgjer og det har teke tid, på slutten fekk eg ein del instruksjonar i nett-tilgangar. Men det er a la malienne og huttemegtu for dårlege kontaktforhold. Det er ikkje mine ord, men Adama sine, og fortvilande for alle. Han har funne ein måte å leve med det på, men i ettermiddag drøymde vi om anna tilgang og vi gjorde diverse søk. Kan hende er det noko å hente ein stad, berre vi har pengar? Det gjeld å ha opparbeida seg relasjonar til høg og låg, i aust og vest. Adama har eit rikholdig kontaktnett, og er svært god i behageleg kommunikasjon, så det er  lurt å være ven med han!
I hagen har vakta kome, han er jegerkompis av Gjermund og plar være nattevakt når kvinne og barn er åleine heime. Vi bur nær vegen, med mykje trafikk og framandfolk. Nattevakt er ein form for tryggleiksfaktor og logistikkhjelp. Han kan hjelpe til med både eitt og hitt om det er behov.  Sist han var nattevakt kom han rett frå jakt og hadde medbrakt jordekorn som han laga til, i gryta på bålet i hagen. I desember må han ha bål heile natta, her er kaldt nå, nedi  11 C inne på verandaen. Endå kaldare der han er. Han har fått ein god ullgenser som tante Magny sende ut med Jostein. Takknemleg!
Inne har eg ein annan jeger, så åleine er eg rett nok ikkje. Findus Pus er ganskje kjekk, og må leve livet sitt innandørs til veterinæren har sikra han rabiesvaksine.. Førebels nøyer han seg med jakt på alt som dinglar, og litt på papegøyane på verandaen. Dei har kraftige nebb, så pus veit ikkje kva han balar med. Eigentleg. Levande pels- og fjørkledde har god effekt på fleire i familien. Andre balar mest med å jakte på tilsvarande. Men i heimen har mesteparten rett på livet. Det finnst absolutt unntak. Til dømes maur. Beistalege store maur i tal, fart og formasjon; som kavalleriet. Jegeren-mannen tok skikkeleg fatt ein kveld her, og jammen bar det resultat. Eit uhorveleg resultat. Skrivaren toler mykje, men må beklage all kredlå med dei bestå der.  Nå er dei kremerte, og huset kjekkare å bu i.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar