tirsdag 10. januar 2012

Først i januar

Godt nytt år! Nå er vi allereie ni dagar inn i januar 2012. Spennande og utfordrande. Forhåpentleg vil gleder og vanskar kome i passelege dosar utover i kvardagane våre. Det gjeld å være aktiv handlande slik at ein i alle fall lagar seg ei glede eller to til dagen. Gledene kjem vel ikkje rekande på fjøler langs elva? Oftast må ein vel  lage til eitkvart sjølv, og be med seg einkvan.  Eller kan hende kjem gledene rekande, ein må berre være oppmerksam og leggje merke til dei!
I Bafoulabé kan ein gle seg over mykje. Det har vore deilig kjøleg, sjølv om varmen har hatt ein liten visitt i det siste. Sola skin om dagen, og nett nå er månen stor og gul om natta. Julefest og nyttårsfest er vel utførte, det har vore god mat, song, fest og fellesskap i kyrkje, i heimar og blant venner. Maliske og norske unge har hatt det kjekt i lag. Vaksne og!
Det er rikeleg av vanskar her og; ei tretten år gamal jente som døde i fødsel, sjukdom som ein ikkje får diagnostisert fordi ein ikkje har tilgang på pengar og lege, menneske med nedsett funksjonsevne som ikkje får hjelp til utstyr eller anna for å klare seg, lærarar som ikkje har fått løn på mange månader, avlingar som ikkje kom på grunn av manglande regn, tome matvarelager og tome lommebøker. Det er likevel  til ettertanke at ein her tilsynelatande lever meir i nå-et og difor kan  gle seg umiddelbart, sjølv om døden kan truge svært nær. Her går ein langt i å meine at det er Gud som bestemmer kva som skjer, uansett, og difor godtek mange skjebna utan større motstand. Mange frå vår kultur meiner vi er gudar sjølv og har store vanskar med å akseptere at vi er dødelege. Etter Skrifta sin tale og fleire sitt vet, må ein vel rekne noko midt i mellom? Alle menneske har ansvar både for tankar og handlingar, og vi kan gjere meir og mindre lure ting, men dødelege er vi. Gud har sjølv gjeve oss fridom og ansvar. Men han har og sagt han ynskjer at vi skal leggje livet i Hans hender.
Carpe Diem!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar