søndag 15. januar 2012

Søndag og sol

SØNDAG OG SOL
Sol frå skyfri  himmel. Varmt i sola, men ein del vind. Første del av Larmattan (årlege vindstraumar frå Sahara) har starta. Vinden kan gjere det litt luftigare, men sand-støvet er ei sann plage. Mangelen på regn siste året har sett sine spor, det er også tørrare og meir støv. Her får vi alle ein tone rødt i håret, og dusjvatnet blir jordrødt. Rett og slett fordi det er masse jord der. Ein må halde grei hygiene her, særskildt med tanke på hender og ansikt. Luftvegane har ein stri tørn, så det er som alltid eit føremon å ikkje røykje i tillegg..

SKUGGAR
Tidleg i dag morgon fekk eg telefon frå Tatou. -Ho er ei av dei lærede kvinnene i kyrkja, og som mellom anna underviser på Bibelskolen. Ho er open på at ho har krevjande dagar i heimen, då mannen sterkt mislikar at ho er kristen. Uansett, ho har fleire vaksne barn. Eine guten er nå ferdig utdanna lege, i Bamako, han prøver å kome seg til Europa eller Canada for å få teke spesialisering. Det er ikkje lett når ein ikkje har pengar.  Mali utdannar fleire legar enn dei er villige til å betale løn, ikkje fleire enn dei treng!  Difor vil ei spesialisering kunne gje ein lege fast jobb.  Førre veke ba Tatou på vegne av eit anna barn, dotter si, om litt pengestøtte slik av mannen til dottera/ svigersonen kunne reise til Bamako for å få medisinsk hjelp. Han har diabetes og var blitt så dårleg, truleg også av andre ting. Vanlegvis er vi restrektive med pengestøtte til menn, det plar gå til kvinner og barn. Denne gongen støtta vi mannen på 42 år, med kone på 37, og 5 mindreårige barn. Telefonen i dag morgon hadde skuggar. Tatou sa at svigersonen døydde seint i går kveld. Ho hadde fått beskjeden på telefon, så fekk ho tak i ein pirogue og drog over til dottera, på Bafoulabé sida av elva, for å gje dødsbodskapen videre og, være nær dotter si.

Etter gudstenesta i dag, gjekk heile kyrkjelyden heim til familien for å kondolere. Mannen vart gravlagd allereie kl. 10 i dag, i Bamako. Han døydde av hjartekomplikasjonar, sa Tatou. Døden er brutal. Att sit ei ung enke med fem barn. Mannen er gravlagd på ein annan stad, få timar etter at ho mottok dødsbodskapen. Korleis skal det gå med henne og barna, framover? I dag var ho berre full av gråt. Heile-halve landsbyen var der for å kondolere og gje velsigningar. Åleine er ho ikkje. Men inni seg er ho vel ganske einsam.

Apropos! Litt lys er det at den morlause babyen lever enda. Babyen til den unge jenta på 13 år, som sjølv måtte bøte med livet. Bestemor prøver å amme litt, men det meste går med morsmelktillegg som vi har sponsa. Babyen er svært sårbar, men kan hende går det bra.

SLANGE SEG
I går såg Karim ein tjukk og god slange på veg til Mahina. Jammen låg han der på vegen heim og. Bibelskoleelevar  tok seg ei stripe og slakta droget. Giftslange, men med rett prosedyre blir det eit godt slakt og middag i dag! Gjermund sikra seg nokre munnfullar, som vanleg. Av og til yt han service og hentar og bringer kvinner og barn på Bibelskolen til søndagsgudsteneste. Det passa jo godt i dag, for då fekk han smake dagens rett, på returen.

SLAPPE AV
I går tok Gjermund med Adama og Karim på ein liten rekreasjonstur i bushen. Det blir lite tid og rom til avkopling for både den eine og andre. Leiarar treng avstand, tid og rom for å bevare helse, vet og forstand. Skal dei gjere ein god jobb og leve lenge må det til både kvile og påfyll. Noko av det viktige vi kan gjere er å leggje til rette for både forståing og praksis for dette. Så ein liten tur med bilen, i bushen, nær elva,  der fiska Karim og Adama og Gjermund jakta. Og så drakk dei te og åt kanelboller som Ramata hadde laga. Vellukka. Fangst vart det og;  eit jordekorn, ei rype og fleire ulike fiskeslag.

SKOLE
Det går mykje i skole og undervisning for tida. Og det er noko av det viktigaste vi får være med på her. Underviser og veiledar. Gjermund seier det er svært meiningsfylt. Gunn-Marit er ikkje uenig i det! Han held seg stort sett med undervisning på Bibelskolen, litt også i blant i kyrkjelydar i nærleiken her, og i Bafoulabé. For Gunn-Marit er det mest blant kvinner, ungdommane i kyrkjelyden og litt på Bibelskolen. Grunnleggjande hygieneundervisning på Bibelskolen vart svært got motteke både frå menn og kvinner. Til og med prøver dei å etterleve dette i praksis, og då er det mon i det.

Undervisninga for ungdommane er spennande, viktig og tydeligvis også etterlengta. Lørdag kl. 15.00. Hovudintensjonen er å hjelpe ungdomane til refleksjon. I går handla det om mål og meining for livet, og i livet. Og vi våga oss bortpå noko som fleire av oss kanskje skulle reflektera over; å leggje vinn på leva etter dyder. Mot, måtehald, rettferd og klokskap. Vi snakka om kva det tyder, og korleis det kan sjå ut når den einskilde skal gjere reflekterte og  ansvarlege val. Sannsynlegvis er dydene også gode hjelparar for ei god helse, både fysisk, psykisk, sosialt og andeleg. Eller kva?

Den norske skolen lever og andar. Ein elev, to lærarar og tre globale disiplar (GD)er innom i blant. Fredagane framover er sett av til ulikt prosjektarbeid. Kunst og handtverk, musikk, naturfag, samfunnsfag og norsk skal dekkast inn. Men prosjektet er først etter gym timen i første time. På fredag hadde spreke GD muskeltrening for den eine eleven, så det blei gangsperr både her og der. Tema for prosjekt blir flette siv-vifte, ekskursjon med overnatting i bushen, farging av tøy med ekte bogolanfargar som er henta i bushen, trening i bruk av djembe (tromme), pussing og brenning av xalama (lokal vekst som brukast som kjøkkenredskap) og matlaging frå botnen av med først å handle på markedet og så koke på eit lokalt kjøkken;  grua på gardsplassen.

SOPIHOP  SOL!
I dag skulle det gå i S! Berre for å minne dykk alle der heime om at for kvar dag blir det lysare der nord. Sola finnst endå. Ho er her! Sola er gul, varm og deilig! Stort sett. Endå i alle fall. Lev i lyset! På alle måtar. Og det er eit nødvendig ord i Norge. Gå ut i lyset, kvar dag. Du får betre helse, både fysisk, pyskisk og åndeleg! Ikkje utan grunn  Jesus seier han er lyset i verda, livgjevande lys! Kjelde: Bibelen. Johannes 8.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar