tirsdag 31. januar 2012

Sist i januar


Tomberongo
I hagen vår står det eit tre. Og på det treet veks det tomberongo. Det er ein frukt som er liten og litt søt-sur. Den har størrelse med vill kirsebær med stor kjerne; mykje skrik og lite ull. Men dei er populære, særskilt for barna. Vi har ein stillteiande avtale med naboen og Ramata, som hjelper oss i huset, om at det er dei som haustar dette. På den måten er det oversikteleg og ikkje full fyr i hagen. Det er ikkje nødvendigvis slik at alle barn og unge heller klarer å halde seg til tomberongo om dei kjem inn. Så nå har det vore tomberongo-slang, av den litt uvørne sorten. Eg har måtta be naboen sitte vakt medan eg var ute på dagtid. Og dei syndige spora under treet og over alt i hagen elles var lett avslørande i støvet.. Ja, ja. Ingeborg ville gjerne skjære ned heile treet, så kunne dei berre plukke det som var, sa ho. Ho er ikkje særleg begeistra for å bli beglodd, når ho har sin kveldsrunde med litt føysing, song med elva som panorama, prøve-flygingar med papegøyen og valsing med katten. Ho leikar absolutt med barn her omkring, men denne hagestunda er for la solitude.

Å ha frimod
Bandjon hadde vitnemål om å være meir lik Maria enn Eva, i kyrkja i går. Eva let seg freista medan Maria gjekk med bodskapen om ein oppstaden Herre. Ho utfordra kvinnene i kyrkja til å være frimodige, og fortelje om det gode dei opplever som kristne. Ho fortalde om barna til ei anna av kvinnene som hadde sagt til kompisane at han ba før han gjorde lekser og skulearbeid. Slik at han skulle bli meir konsentrert og gjere godt arbeid. Kompisane blei nyfikne og syntest dette var rare greier. Dei måtte dobbeltsjekke om han faktisk også fekk gode skuleresultat. Og det gjorde han, for han er ein hardt arbeidande ung mann. Han har nemleg planar om å bli lege, gjerne barnelege. Kommentarane har difor kome at det er gagn i den kristne trua. Sjå på resultata til Timothy.

Å ta i mot gjester
Vi har hatt besøk. Kjekt frå a til å. Interesserte og smarte gjester. Alltid kjekt når folk reflekterer og spør. Vi har vår fulle hyre med å være gode vertar og sette over til rett språk, og på ein måte som ikkje vert til ubehag for verken eller av dei som treng tyding/ oversetting.  Oversetting mellom språk er mykje meir enn tørre ord. Orda skal også ha meining! Det siste der er nok både ei språkleg, filosofisk, kulturell  og psykologisk nøtt. Det er difor det etter mange år i utlendighet er blir så utruleg godt å bruke sitt eige morsmål, sin eigen dialekt. Ingen veit kor heldige dei er, som kan få bruke og høyre sitt eige morsmål. Nyt det, om du kan!

Prest Arne hadde preik i kyrkja på fredag kveld. Den vart godt lytta til. Gjermund over sette norsk-bambara. Mykje liv og røre. Songen i kyrkja var sterkt fysisk! Og alt var nesten heilt mørkt. Kyrkja har endå ikkje samla inn heile summen med pengar som må til for å installere straum dit. Berre lommelykter og mobiltelefonar med lys. Arne preika om den blinde som fekk synet att. Til slutt ba dei prest Kåre om å be for alle bøneemna; sjuke, konflikten i nord, fotballkampen Mali-Ghana på laurdag og straum til kyrkja. Vel heime att fant prestane ut at dei kunne vera ein del av bønesvaret sjølv, og la pengar i ein konvolutt. Med på-pluss av pengar frå foreldra til Irene og den største summen som dei har samla inn sjølv, har kyrkja nå den nette sum av om lag 2500 kr. Allereie i dag har kyrkja starta arbeidet med å få leggje inn straum.

Gjestene fekk oppleve mykje, forhåpentleg vil dei ha mange gode minner og tankar med seg videre. Laurdag drog dei til Oussoubidianja, og den omtala fotballkampen såg dei hjå Gagny. Resultatet var sørgjelege; 0-2. I morgon dreg dei til Goundara og så videre til Bamako. Gjermund er med som tolk og kjentmann, men til Bamako skal han for å arbeide litt på nettet og handle inn til Bibelskolen. Volontør Irene,  er med på rundturen, ho treng til Bamako for og søkje jobb frå 26. mars. Ein kjem ikkje inn på Finn.no herifrå.

Apropos besøk! Prest Arne hadde med pakke frå bestemor. Og det var stas. Donald pocket, pinnechips, filmar og litt diverse. På laurdag kveld, når alle var reist og berre Ingeborg og mamma var heime då rigga ho seg til i ein stol med pcen, chips og katten i armkroken! Ingeborg og katten såg film i lag, men katten vart bedøvd etter ei stund så han sovna i armkroken. Nyydeleg stund!

Laurdagar
Eg kosar meg med undervisninga til ungdommane. Ja, det vil seie, eg kunne stor-kost meg. Det er det språket som alltid er eit hinder. Det å kunne forstå og bruke eit språk på begge sider, vrengje det ut og så få ei dobbelt god meining, slik at folk set att med eit poeng som når frå hælane og opp til øyrene. Tema sist time var “Å ta ansvar - for seg sjølv”. Og vi var innom dei tre (fire) goda som veldig ofte blir til freistingar og fall. Appetitten på makt, pengar, sex og rusmiddel. Eg snakka rett frå levra. Levra mi er då oppblanda med diverse.. som sjukepleiarkunnskapar, psykisk helse og Bibelen. Levra mi har kan hende andre deler og. Det fungerer i alle fall godt som bakteppe for refleksjon. Særleg fordi det ikkje er så flaut når eg snakkar om det. Av kommentarane forstår eg at det er ein del som fører til djupare refleksjon. Det er dei som skal leve sine liv.

Kvinner til besvær - eller menneskeverd?
Presidenten i Mali har nett signert ein ny familielov. Den har vore arbeidd på ei stund. Den fortel at kvinna er mannen sin eigedom, særskilt gjeld dette i ekteskap. Presidenten meiner han er pressa av sterkt truande muslimar. Noko han heilt sikkert også er. Det bekreftar mange her. For folk med livlig fantasi, som denne skrivaren her av og til har, kan ein fort hamne borti spennande “tilfeldigheter” eller konspirasjonsteoriar, alt etter som. Som ein uansett ikkje skriv på nettet. I alle fall ikkje herifrå.

Det er kvinnene som held samfunnet oppe. Dette kom visst også frå levera mi. Det som om det er ein trong til å helde kvinnene i taumar. Negative taumar. Eg har mykje eg kunne sagt. Det vil seie, oversett. Tatou har hatt dugeleg undervisning for oss, så det er ikkje berre ei norsk blåøygd kvinne som i heilag vreide skriv dette. Slik fleire forstår dette er det nedslåande med tanke på mellom anna vald og seksuell trakassering og krenkingar.  I praksis er det kanskje ikkje store endringar frå i dag, det veit vi vel ikkje endå. Men det er ikkje oppløftande at dette vart signert i januar 2012. Korleis dette vil falde seg ut framover, er ikkje opplagt. Sikkert er det at fleire må ha dette som fokusområde framover.

Fokus på etikk og integrert liv er tema på Bibelskolen. Eg har fått i oppdrag å ha undervisning om kva, korleis, kvifor vald og krenkingar, og vidare korleis oppdage og korleis unngå vald og krenkingar i nære relasjonar/ relasjonar. Etter fattig evne førebur eg meg, og har fått tilsendt god informasjon frå psykologspesialist og kollega, Marit Helene. Takk! Heldigvis har eg passert førti. Då er eg så gamal at eg ikkje lenger let meg pelle på av dei som seier at dette kan du ingenting om, du kjenner ikkje denne kulturen. Det er min påstand at det er u-kultur same kor det er i verda, ein driv med vald og krenkingar. I alle fall forstår eg det slik at menneskeverd er tildelt oss alle, uansett. Men som før sagt; å ordleggje seg klokt, er eit bøneemne.

Kvardag
Denne veka er det Jim frå Kayes, som skal ha undervisning på Bibelskolen. Karim og Oumar er og tilbake. Då er det fleire til å ha ansvar. Gjermund og Irene kjem hit att på tors-fredag. Gunhild er lærar i 100 % denne veka, Ingeborg skal være elev i same stillingsstorleik. Ho mor skriv blogg. Blant anna. Blant anna så må ho bruke mykje sinnsro for å få sendt bloggen..

Snart februar. Dagane i fedrelandet er rosa på denne tida! Lev vel!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar