mandag 23. januar 2012

Under tretti

Under tretti
 Vi frys! Her er utruleg kaldt for tida. Tights og sokkar under panjet, og ulljakke oppe. Eigentleg er det ein fornøyelse og fryse i Mali. Vi nyt det, på sitt rare vis. Deilig å legge seg i senga, og kunne ta den lette dyna over seg, og kjenne at det er godt. Nå har det vore mykje vind; ørkenvinden L`Harmattan, overskya og; kaldt. Det har vore eit par dagar der temperaturen ikkje har kome over 30?C, det er spesielt. Gjermund, som er mann (om nokon lurte), var i dag beden i barneraking. Malisk tradisjon for navnegivingsfest. Mennene blir inviterte. Markeringa er før frokost. Så på den måten må dei berre ha det for meg, som er dame (om andre lurte på det). I dag var det ei lita jente som skulle feirast. Ho fekk navnet Tenneba. Gjermund hadde med gåve. Eit nydeleg strikkasett i lilla og rosa babyull. Passar godt nå når det er så kaldt. Kan hende det har vore fadderbarn Margun sitt, for lenge sida?

Bøn for Mali
I kyrkja i dag ba Amadou oss alle om å be om fred i nord-aust Mali. Rebellar med anar frå tuaregar og kontakt/ erfaringar frå Ghadaffi sine folk har innteke byen Menaka. Liv er gått. I fylgje Maliske media nå i kveld har 47 mista livet. Mesteparten rebellar, men også to soldatar, som presidenten har sendt dit. Folk her i området er lett nervøse, men det er roleg her endå. I utgangspunktet trur vi ikkje det skal være noko problem framover heller. Men det er sjølvsagt avgjerande korleis styresmaktene maktar og handtere situasjonen. Nokon skuldar presidenten for å være ven med den avdøde Ghadaffi. Ghadaffi har gjennom mange år brukt pengar på ulike prosjekt i Mali, blant anna utviklingsprosjekt og løn til imamar. Kva som har vore, og er tilbakebetalinga for dette, er det delte meiningar om og uvisst kva som er sanning. Det er ikkje lett og forstå alt, og verda er ikkje svart-kvit. Fleire av våre vener her stoler heller ikkje på Maliske media, fordi dei meinar dei ikkje driv nok kritisk journalistikk. Fleire prøver å få inn RFI, BBC eller andre. Dei trur styresmaktene vil løyne sanninga. Men det er klart at styresmaktene også har ein formidabel kommunikasjonsjobb, slik at dei ikkje haussar opp unødig og set liv i fare. Vi ber om at dei får visdom til å handtere situsjonen på klokt vis. Likeeins vel å liggje lågt i terrenget både her vi bur og i kommunikasjon.

Fotball
Spør du Gjermund om pluss sider for tida, må ei være CAN 2012. Afrikameisterskapet i fotball. Mali er i pulje med Botswana, Ghana og Ginea. Det er fest, og alle ser kampane på tv. Innetida,  som den strenge veiledaren til Globale disiplar og volontørar har sett opp, må kan hende moderersat noko? Men så er det tryggleiken då. Det er fest når Mali vinn, og sorg når dei taper. Men begge deler kan gå vilt for seg. Folk har faktisk mista livet i seiersrus og opptøyer. Som så mange gonger for synlege utlendingar kan det være greitt å gå i eitt med tapeten. For nokre år tilbake havna Gjermund i eit kloakk-gjørmehol etter ein vill vinnarkamp i Bamako. Nå var det absolutt eit uhell, og mest til å flira av i etterkant men kaos kan det fort bli, ja.

Kvardagane
Gunhild trivest i Mali. Ho vil flytte hit. Ingeborg vil gjerne heim til vennene sine snart. Gjermund han nyt stort sett tilværet med det (nesten) frie manneliv!! Skrivar-kona ho strevar med å klare og komponere nok kreative middagsmåltider slik at ikkje nokon blir matlei. Vi har mangeslags utfordringar. I dag var vi innom markedet på veg til kyrkja. Det er då det går an å få tak i ferskvare. I dag blei det eitt kål, seks grøne tomater, to kilo løk og ein papaya. Papaya er godt, og så må papegøyen få mat. Visste de forresten at ei spiseskei knuste ferske papayafrø fordriv innvolsorm? Prøv! Du blir kvitt mykje mageherk.

Ekskursjonsturen for Den norske skolen,  torsdag til fredag gjekk fint. Gjermund tok med tre allereie skotne ryper. Som eg eigentleg hadde tenkt å lage til middag.. Jegeren tek maten med på førehand! Han skulda det på at dei kom for seint fram for jakt, fordi Globale disiplar og volontørar skulle ha sportsgruppa for ungdomane først. Prisverdig motiv det. Dei drog og eg skulle nyte roen nokre timar. Så kom den omtala vinden. Kald. Eg ana uråd, og tenkte dei ville kome heim på kvelden. Men dei holdt ut, fraus og sov lite. Men det blei ekskursjon med bål, gryte med makaroni og rype.

Velkomne
Til veka får vi ein delegasjon frå Rogaland, og litt til, på besøk. Det blir kjekt. Vi har laga litt planar for det. Mellom diverse arbeid dei skal sjå, skal dei få seg ein flodhestsafari. Vi kranglar litt om kven som skal være med som kjentmann, for det har vore ei noko nærgåande flodhest i det siste. Han driv og dunkar borti pirogane når folk er på elva. Så nå er det ingen av oss som vil bli våte, berre for nokre skarve rogalendingar.. Vi trekkjer lodd, he, he. Elles kjem veka til å gå i undervisning, førebuingar, samtalar, verdsetting, økonomiforvaltning, bestilling av mat til gjestene og det som elles kjem i vår veg.  Verdsetting går ut på å be sentrale kontaktar med ektefelle eller familie, på besøk til eit godt måltid mat og god prat. Å bli sett og å få dele måltidsfellesskap, refleksjonar og eit Ord frå Meisteren er godt for helsa og framtida. Absolutt tilrådeleg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar