tirsdag 7. februar 2012

Utsikta i dag

Oker
Pusekatten har lagt seg oppå skrivebordet mitt. Han har krølla seg saman, sett sin indre motor i gong og er i sovemodus. Han er ein liten, svart og okerfarga ball. Frå Skaparen si side er han nok svart og kvit, men med den intense vinden siste døgnet og alt ørkenstøvet har han, og det meste andre, fått fargen oker. Det knasar mellom tennene og det meste ein tar på har ru flate. Ser ein etter vil ein oppdage at det blir brunt på handa. I dag er til og med utsikta oker. Sola kjem ikkje gjennom, og på elva ser ein berre eit stykke oppover. Klestørk er her rett nok, men lyse klede bør vente med vask til ein annan dag..

2-1
Særdeles spennande kamp i går kveld. Kvartfinale Mali-Gabon. Det enda med 1-1, ekstraomgangar og straffespark konkurranse. Men så vann altså Mali til slutt, etter godt utkjempa kamp, og jubelen var laus over alt. Onsdag eller torsdag er det semifinale, mot Elfenbenskysten. Det blir ei hard nøtt!

Utfordringar
Mali kan saktens trengje å vinne litt, og få litt håp. Mali er inne i fleire store utfordringar som har kosta dyrt, og som kan kome til å koste atskilleg meir. Les på nett, t.d. Normisjon.no, BBC og RFI.

RFI melder i dag at situasjonen siste døgnet er roleg og at Presidenten og alle partia har klart å arbeide fram ein felles uttale og planlagd løysing av situasjonen. Det er von i dette. Kvinnene i Mali er sterke, på mange måtar. Deira marsj til Presidenten i førre veke, har sett spor. Når kvinnene reiser seg i fellesskap, bør ein lytte! Her og har fleire mist sine i kamphandlingane i nord. Mange rykte går, og presidenten får mykje kritikk. Men av meg får han mest forbøn. Han kan trengje det, til gangs. Han har ein utakksam jobb, og kva som er rett og gale er ikkje lett og dømme om herifrå.

I samtale med mange her er det tre hovud utfordringar for tida; krigstilstanden i nord, valet i april og matvaresituasjonen. Summen av dette er ustabilitet og utryggleik. Makan, pensjonert velrenommert sjukepleiar og tidlegare ordførar her i byen, gjer meg eit døme: Korleis er det om eg har nok mat til tre måltider om dagen, medan naboen min har kun nok til eitt måltid? Korleis vil dette påverke naboskapet? Det seier seg sjølv. Det er lite som skal til for at frustrasjonen blir teken ut eller at kriminaliteten vil auke. Der kjem også til å bli travelt for Makan, for mange kjem til å bli sjuke. Ting heng saman. Det er ille, for folk et opp såkornet sitt nå, og når ein skal så i juni har ein ingenting å så. Matvaresituasjonen er svært alvorleg. Vi vil få til ein samtale med sosialsjefen her, kanskje det er noko vi kan bidra med, i større skala. Nå hjelper vi einskild personar og familiar, frå dag til dag.

For oss norske går ein del krefter praktisk og mentalt til å være i naudsynt beredskap; halde seg oppdatert på situasjonane rundt i landet/ nabolanda, halde seg oppdatert på situasjonen her vi bur, ha gode relasjonar med folk i gata og med styresmakter, være passeleg synlege, ta omsyn til kor ein oppheld seg, sikre at bilen og jerrykannene er fulle av diesel (diesel får ein ikkje alltid tak i her), ha nok kontantar på lager (banken har ikkje alltid det tilgjengeleg), sikre situasjonen for alle i staben, auke vakthald og gjere sitt arbeid mest mogleg som normalt. Ingen av oss er personleg trua! Det er totalsituasjonen som er utfordrande, og av erfaring veit vi kor lite som skal til før noko tippar feil veg. Alt i alt kjenner vi oss mest trygge, men situasjonen krev meir av kreftene våre, enn normalt her.

Håp
I samtalen med Makan, som eg siterte over, klarte eg likevel å bli optimist. Han seier at fleire stader i nærleiken her nå, skal eit prosjekt starte opp for å sikre matvaretilgang framover. Det skal innan 3-4 månader starte opp hagar, med aggregat-drivne pumper som skal sikre vatninga med vatn frå elva. Mais veks fort, ein kan hauste om 3-4 månadar. Difor er det så viktig at ein får sådd mais tidleg, slik at folk har dette å ete medan dei ventar på hirsen, som treng 6-7 månader før han kan haustast. Om dette blir effektuert, er det eit særdeles godt tiltak!

Adama, ein av våre godt orienterte vakter, seier ar styresmaktene har sett av såkornlager som skal seljast til folk for billig penge i juni og juli. Dei som ikkje har pengar skal få ein viss mengde såkorn gratis.

Glede
Midt oppe i alle slags fortredeligheter og sørgjelege hendingar, så er her mange gleder. Både for fastbuande og mellombelse nordmenn. Heldigvis. Ein fotballkamp, til dømes. Eller sangen, bønnene og samholdet i kyrkja, eller eit godt måltid mat som kom til ein litt overraskande. På onsdag tek vi med arbeidarane våre til Djaloula. Då skal vi få sjå på Fulanersenteret og vi spanderer god mat. Vi trur det er viktig at arbeidarane i misjonen veit litt om kva arbeid misjonen driv, og at dei får ei hyggjeleg stund i kvardagen ein kvann gongen.

Denne veka har Ingeborg og eg hatt overnattingsbesøk av Gunhild og katten (bror til vår pus), medan far var borte. Trivelig å ha begge jentene her i lag, ei lita stund. For det er snakk om berre; bitte-litt!! Gunhild for-ligg-seg ikkje i foreldreheimen. Lausrivinga har vore eit faktum, lenge. Kattane gnog på kvarandre, søstrene litt og? Men mest var det KOS!

I morgon skal vi feire bursdag, Ingeborg er 11 år. Det er ti år sidan mor i huset hadde ein tripp til Norge, og budde i huset til Astrid i Kopervik, medan resten av teamet var att i Bafoulabé. Det var ei grei ordning for å tryggje starten til Ingeborg og fø-na-opp litt, før ho var med tilbake til Bafoulabé. Takk, Astrid!

Kvardag
Irene og Gjermund kom att frå Bamako i går. Veldig greitt, faktisk. Det blir ein del reising, og Ingeborg er den som likar det dårlegast. Men ho kosar seg når han er tilbake, og fekk han med på ein liten klatretur, berre dei to. Gjermund hadde til og med fått med nokre modne mango frå byen. Veldig godt.

Katten har vakna, han har strekt dei fleste lemmene, geispa, rista på hovudet og er klar for ein leikerunde. Tygge på leidningen. Det er på tide å avslutte dette skrivet. Nå står sendinga att, og det er eit kapittel for seg.

Med ynskje om mot, meining og livsglede i denne februarveka i 2012!

Apropos!
Kva skulle ein gjort utan mødrer? Lite og ingenting. Berre sjå på dei som marsjerte til Presidenten. Eller spør Ramata som får hjelp av si mor til å passe veslejenta medan ho arbeidar hjå oss. Eller spør meg som ved hjelp av mor på underfundig vis klarer å få gjort eit svært naudsynt nettbankbesøk. Takk, takk. Så er det vel mor i huset som skal bake kake til bursdagen her i morgon og?

1 kommentar:

  1. Hei.
    Håper Ingeborg har hat en fin bursdag.
    Vi gleder oss til dere kommer hjem.
    Hilsen Vilde og Ane.

    SvarSlett