tirsdag 14. februar 2012

DEN TRETTANDE FEBRUAR!

Dagen i dag
Misjonærtilværet i dag starta som stabsleiar og organisator med ein del telefonavklaringar. Etter det var eg åleinemor og skolebuss. Så var det tid for kasserarjobb i 30 minutt. Vidare måtte ein avtale avlysast slik at eg kunne hive meg rundt og være sjåfør for trelasttransport. Då klokka var 10, var eg vaktmeister og skulle inspisere daude flaggermus på loftet i ein av misjonen sine bustadhus, være arbeidsleiar for ein og ein halv snikker og forhandle løn for arbeidet. I om lag 20 minutt var er veiledar og mentor for ein Global Disippel som ikkje var i form. Sidan eg var på dei traktene kunne eg bruke eit kvarter på organisering til misjonærkonferansen, neste veke. Som ansvarleg for stab og gjestehus er det ein god del som skal på plass før 28 norske skal ha overnattingsplass med myggnett, mat og drikkevatn. Her er gode medhjelparar, det trengs berre god organisering og oppfylging.

Så fekk eg lånt meg ein sykkel for å kunne utføre ein etterspurd jobb som sjukepleiar i landsbyen. Det vil seie at spørsmålet kom laurdag kveld. Kan du komme til min storebror og hjelpe han og meg å lese og forstå kva legen har uttala, og kva medisinar han har fått. Han er svært sjuk og redd, og ingen vil seie sanninga. Etisk utordring!! Eg sa at eg gjerne vil komme, samtale med han og be for han, om han ville. Noko anna har eg lite høve i denne situasjonen. Sjukepleiekompetansen ved rørte infeksjon, immunsvikt,  psykisk  og åndeleg helsearbeid. Sjelesorg og forbøn blei naturleg og eit ynskje frå den sjuke. Mange her ynskjer å be til Gud. Det fell dei naturleg å be om det. Vidare fekk eg ein lang og god pårørandesamtale, på tomannshand med søster hans.

Tilbake til utgangspunktet, der bilen stod, var klokka 13, og Ingeborg kunne få fylgje heim til Bolibana. Kort dag på skolen. Og endeleg skjedde det noko spennande, sa Ingeborg. For like ved innkjørselen til huset vårt felte vegarbeidarane eit kjempedigert tre. Veden var skikkeleg rød, og vi telte årringar til nærare hundre år. Ingeborg meinte dei kunne dra treet or vegen, og så kunne alle barna få leike i det! Men treet vart kutta i deler, og mange fekk deler av det med seg heim. I kveld var det ei ulukke der borte på vegen, i mørket og med alle tre restane i vegbanen. Ein moped med to personar leid ein ublid skjebne. Alvorsgraden blir visst størst i høve til å fortelje faren kvifor mopeden var blitt øydelagt og foten er halt.

I ettermiddag og kveld har eg arbeidd vidare med planar og skriftleggjering av misjonærkonferansen før planleggingsmøtet vårt i morgon. Innimellom lekselesing med Ingeborg og hyggjeleg småsnakk med folk som stikk innom med ulike behov. I den mørke kvelden har informasjonen til Norge blitt til. Alt i alt får vi tida til å gå! Ikkje kjem der meir tid enn dei vanlege 24 timane heller. Og korleis eg her skulle hatt tid til internett og aviser, er meir enn eg kan begripe. Har vi mykje meir tid til disposisjon i Norge?

Filosofering
Å vera misjonær kan være ganske grenselaust. Til dømes kan det være grenselaust mykje glede, sorg og fortviling. Det kan og være grenselaust mykje arbeid, og mykje grenselaust arbeid. Det er ofte også grenselaust mange interessante, kjekke, støvete, allsidige og irriterande arbeidsoppgåver. Forventningar kan også opplevast grenselause innimellom. Grenser er både rett, godt og trygt. Likevel skal nokre grenser forserast og utvidast. Å utfordre grensene sine er det fyrste oppdraget i denne jobben. Det ser ut til at det å utfordre grensene sine fylgjer jobben, sjølv etter mange år i feltet! Men det er forhåpentleg eit teikn på at ein lever i (beste) velgåande?

Matlaging
Den årlege konferansen, plar vere ei kjekk hending. Altså; neste veke. Når alt er klart og vi har fiksa hotell & restaurant næringa for ei lita veke, kan vi gle oss. På torsdag kom nokon med eit ny-skote villsvin frå bushen, som eg kjøpte halvparten av. Nå ligg det i frysaren, klar til tigadegena (peanøttsaus). Fredag var det perlehøner til sals, så nå er dei slakta, reinska, ned frosne og klar til same (nasjonalrett med ris i olje). Det er ei velsigning at vi nå har elektrisk straum og kapasitet til å fryse ned kjøtt. Alt her blir laga ferskt, frå måltid til måltid. Noko anna er skjeldan mogleg. Vi leiger kokkekyndige kvinner som lagar middag til oss, heime på eit tun. Så kjem maten i store fat, boren på hovudet av dei same flotte kvinnene. Gjermund får ansvar for å bestille grilla lam til festmåltidet. Han har ein kompis ved elva her, som lagar det godt til.

Far vel!
I morgon kjem Gjermund att frå sin ennte tur til Bamako. Han har hatt dagar fylte med anna arbeid enn skrivaren her. Ikkje alt fell det naturleg å skrive om i bloggen. Nokre grenser skal ikkje forserast. Turen i morgon, er eit dagsverk. Men det plar vere godt å kome heim.

Far vel, lev vel! Sjekk grenseovergangane, bruk nokre kroner på ein Primula og takk Gud for alt det vakre han har skapt. Deg og!

1 kommentar:

  1. Hei på dere. Kjekt å lese bloggen deres, da er vi liksom i Mali og Bafoulabe for en stund.....har hatt høytlesning for Håkan en stund nå. Ha en in konferanse og hils kjente. Klem fra Anita

    SvarSlett