tirsdag 27. mars 2012

Her e' hett!

Varmetida etablerer seg. Det har vore varmt lenge, men dei siste to dagane renn sveitten kor som helst, kva tid som helst. Plutseleg trur du at det er ei fluge som krabbar nedover leggen, men så var det ei sveitteperle som blei til ein bekk. Folk søv dårleg. Emanuel fylgde Gunhild og meg ut for å ta passbilder i stad. Han geispa og sa at det er umogleg å få sove om nettene nå,  på grunn av varmen,  så då blir det slik om dagen!

I dag var folk tilbake på jobb. I går var det fridag; martyrane sin dag. I dag har vi har prata, vurdert, diskutert, jobba med diverse og hatt fellesmåltid nede i garden. Ingeborg fekk yndlingsretten sin; tigadegena. Peanøttsaus og ris. Situasjonen i landet blei diskutert livleg og med ein god porsjon humor. Etterpå var det ein omgang med tedrikking! Mange råd blir gitt i dei tre te-omgangane.
Hett er det på andre område også. Frykta for at det skal blese opp til borgarkrig er reel. Det meste ligg og vippar. Folk som bur her passar på kvarandre, spør etter kvarandre og er urolege. Mange spør seg korleis det skal bli for alle dei som ikkje har mat, og som skulle få matvarehjelp frå land utanfor, når desse landa nå held tilbake pengane. Held tilbake pengar fordi det ikkje skal gå i krig og kuppmakeri. Som vanleg er det dei fattige og undertrykte som står att med svarteper.

Eg er heit, i toppen. Innimellom kan eg bli så skrekkeleg ergerleg når eg tenkjer på kva situasjon desse kuppmakerane sette landet og folket sitt i. Ustabiliserte heile landet i ei handvending. Det stemmer sikkert at presidenten ikkje har gjort nok i høve til korrupsjonsnedkjemping, krigen i nord, skolepolitikken og matveresituasjonen. Likevel. Var det nødvendig med eit kupp? Nå? Det er val i april. Fleire her meinar kupp var nødvendig. Eg gjere det ikkje. Eg forstår berre ein liten prikk. Men det forstår eg, at Mali treng eit radikalt oppgjer med korrupsjon på mange nivå.
Mykje tid brukte eg i Bafoulabe, til å snakke med unge. Aller mest dei i kyrkja. Samtala om kor viktig det er at dei går på skule, får ein god eksamen på lycee (vidaregåande) for så og ta høgare studier slik at dei kan få sentrale jobbar og påverke samfunn og politikk i god retning. Både unge og vaksne støttar denne tanken. Men kvar einaste gong stoppar det opp, ved at dei må realitetsorientere meg. Ved å seie at; “Gunn-Marit, eg får aldri den jobben utan at eg betalar for å få gode papirer, sjølv om kunnskapen er tilstades, og så må eg betale for å få jobben. Fleire hundre tusen fcfa.” Noko som er mange månadsløner. Det betyr at det er dei med pengar som kan få jobbar. I mange tilfelle må ein betale i naturalia. Kroppsleg naturalia! Er det rart det går ann å bli heit i toppen? Maktesløyse er ueigna våpen. Det er freistande å sitere Nordahl Grieg i Til Ungdommen.
Venner  (I.Lygre)

Kanskje du spør i angst,                             Her er ditt vern mot vold,
udekket, åpen:                                             her er ditt sverd:
hva skal jeg kjempe med                            troen på livet vårt,
hva er mitt våpen?                                      menneskets verd.





Alt dette er i mitt hovud, men det er ikkje poenget. Poenget er at dei unge i landet står opp for sitt vakre, stolte land med rik kulturell arv og tradisjonar for gjestfridom og vennskap.

Normisjon har bestemt seg for å flytte sine folk ut av Bamako, og etter kvart ut av landet. Vi er takksame for det. Slik vi ser situasjonen, synest det å være det einaste rette nå. Likevel. Medarbeidarane våre her er veldig triste. Når vi forklarar at det er veldig utsett å være utlending midt i ein by som er på kanten av kaos, forstår dei det. Men dei kjenner seg nok også ribba og kanskje meir redde, for alvoret blir større. Også for dei.

Det siste vi har fått av nyhende er at president ATT har vore i samtale med franske medier, og vi har dermed grunn til å tru at han ikkje er i fangenskap.
For eigen del, så har planen vore at vi skulle heim nå, kuppet kom oss dessverre fem timar i forkjøpet. Om alt går vel, kan det hende at vi kan reise heim med fly, i slutten av veka. Vi planlegg det med moderat engasjement, slik at vi ikkje blir for skuffa om det ikkje blir noko av.

Situasjonsbeskriving her, klokka er 18.35: Gjermund ligg slagen på sofaen under vifta. Han var tidleg oppe i dag.. Irene, Gunhild, Ingeborg og eg sit under ei anna vifte. Blanke i fjeset av sveitte, diverse plastkoppar med vatn og kvar sin pc. LAN ved kupp..  Apropos. Dei unge damene har trena med trappe-springing og vektløfting i dag, for å halde fysikken ved like. Dei er ikkje så verst. Å vera inne med.

1 kommentar: