tirsdag 27. mars 2012

Siste på tirsdag

RFI melder i kveld kl. 22.30 at portforbodet blir oppheva frå i morgon og at grensene opnar for vanleg trafikk. Den vestafrikanske union (CDEAO) har vore samla til eit møte i Abidjan i dag, og drøfta krisa i Mali. Dei er enige om å sende fem av sine eigne leiarar til Mali på torsdag for å samtale med juntaen. Dei ynskjer ei løysing der ATT overgjer makta til leiaren for nasjosonalforsamlinga, slik at han kan danne ei regjering som kan styre i ein overgangsperiode, til val blir gjennomført. Soldatane blir bedne om å gå tilbake til kaserna.

Dette er eit av fleire forsøk. Det gjenstår å sjå kva utfallet blir.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar