lørdag 24. mars 2012

I xana sila

"I xana sila, lannaya ke doron", heiter det på khassonke. "N'ayez pas peur, crois seulement", på fransk. På norsk seier vi "Frykt ikkje, berre tru", og det er Jesus som er sitert. Karim ringte frå Bafoulabe i dag, og gav oss denne helsinga. Karim er vertskap, ansvarleg medhjelpar på Bibelskolen og pastor i kyrkja. Han ville berolige oss og seie at vi måtte helse familiane våre og seie at alt kom til å gå bra. Om vi hadde litt tolmod, skulle vi få reise heim i fred. Han helsa frå alle Bibelskoleelevane. Dei saknar Gjermund som nå skulle ha vore returnert dit for å starte undervisninga på mandag. Men her sit vi "fanga", og kan ikkje anna. Likevel; vi har det bra!

Heldig er det at så mange har mobiltelefon nå. På denne måten kan vi nå folk direkte og planleggje på avstand. Kjekke greier. Men det er jo ikkje det same som å være der, sjølvsagt.

Refleksjonen etter frukost i dag, kom frå Gjermund. Han siterte Amadou Hampate Bah; "Det finnest tre sannheter. Min, din og Gud sin". Hampate Bah er ein avdød malisk økumenisk muslim, filosof og forfattar. Kva og kven som er og har sanningar i dagens situasjonen, er usikkert. Sikkert er det at vi ikkje har tydninga. Mali har si største utfordring som demokratisk repubilkk, nokon sinne. Matvarekrise på grunn av tørke, krig i nord, planlagde demokratiske val i april og militærkupp nå. Her vi sit nå kan vi ikkje mykje anna enn å formidle tankar videre til dykk og be til Han som er sanninga. Han som seier at vi ikkje skal frykte. Be for at Mali si framtid blir lys.

RFI (Radio France International) melder at fleire her meinar at det ikkje er eit ordentleg statskupp så lenge presidenten ikkje er fanga eller "uskadeleggjort". Folk opplever det uavklart kva status eigentleg er.

For å sikre D-vitamintilførsla var vi ei stund ute i sola i dag. Eg var på gjestehustaket, flat på ei matte. I skyggen viste temperaturen 46*C. Eg freista sollyset. 20 minutt er leeenge. Når ein ligg slik lyttar ein ubevisst etter farlege lydar, og i desse tider er tolkninga nærast automatisk. Kropp og tanke er i auka beredskap og skvettenhet eit resultat av det. Men i dag var det ingen lydar som blei oppfatta som farlege. Deilig!
Unge venner frå kyrkja i Bafoulabe

"Ser du han som sitter på sin trone,
han som var og er og alltid blir?
Han har makten og hans rike vokser
gjennom dem han tilgir og befrir!
Jesus, vi løfter ditt navn i en lovsang,
du overvant mørke og død!
Gjør oss til tegn på ditt Rike som kommer
med lindring og rettferd og brød"
(Eivind Skeie)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar