søndag 25. mars 2012

Maktkamp

RFI melder søndag morgon at det pågår ein maktkamp i Mali nå. Ikkje i gatene, men i oponionen. Slik vi forstår det er her 38 anerkjende politiske pari og sentrale instituasjonar; som rettsvesenet, samstemde og dei fordømmer kuppmakerane.

Kuppmakerane har låst inne mange av dei som dei ikkje er enige med. Ein av reporterane frå RFI har klart å få informasjon om at 23 politikarar og leiarar i samfunnet nå er innelåst på eit lite rom i garnisonen i Kati. Desse vurderer sveltestreik, for dei opplever at dei ikkje får sine naudsynte rettar ivaretekne slik det er nå.

Malinytt, som nå er kontrollert av kuppmakerane, prøver på andre sida å vinne oponionen med og fortelje om kor mange parti og foreningar som støttar dei. Så langt vi veit er det kun eitt anerkjent parti som støttar dei. Dei prøver å få lista så lang som mogleg.

Nå skal vi ha søndagsfrukost og etter kvart ei svært lokal gudsteneste. Forsamlinga er lita, men vi har to prestar tilgjengelege. Om vi vil har vi både liturg og talar!

2 kommentarer:

  1. Glad dokk er ilag hele familien, traff Kristin og Harald i går, vi mintes sist gang det var kupp.Da var noen i Baf og andre i Bam av samme fam pdg at vi hadde hatt leirskole der vest. Håper det finnes en snarlig løsning både for dere og for det Maliske folket, som er hardt nok presset fra før med lite mat osv...

    SvarSlett
  2. Nå får dere virkelig trening i dondin, dondin! Vi tenker på dere og følger spent med. Hilsen fra en nydelig vårdag på Dokka, Ragnhild og Kåre

    SvarSlett