søndag 25. mars 2012

Stillstand

"Eg har då sagt deg:
Ver modig og sterk!
Lat deg ikkje skremma, og mist ikkje motet!
For Herren din Gud er
med deg overalt der du går".

Dette var beskjeden frå Gud til Josva, leiar av Israelsfolket, på omlag 1250 f.Kr. Mange har i ettertid kunne ta dette til seg. For Gud er den same då, som nå!

Det kjennest som om situasjonen her står stilt. Det gjere nok ikkje det, det er berre ulike fasar i opplevinga av å være "fanga". Men vi har det bra. Vi har det veldig mykje betre enn dei 14 maliske leiarane som er innestenge på 12m2, og med 3 madrassar, på ein garnison borti her. Det kunne være interessant å reflektere over makt, avmakt, maktesløyse og maktkamp. Ellers har vi lite nytt å melde. Vi har ordre om å halde oss i ro, og avvente. Vi avventar. Det er det vi held på med. Tidleg og seint!

I kveld er refleksjonsevna litt bedøvd. Vi har hatt ein roleg dag. Gudsteneste, middag med variasjonar over same tema, liten tur på taket i sola og ein film i kveld. I dag fekk vi melding om at Miniprix opna, så vakta handla litt for oss. Han fekk tak i sjokolade!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar