onsdag 28. mars 2012

Siste frå Bamako, denne gong ?

Torsdag morgon startar vi med å prøve å få visumsøknad til Senegal, og køyrer så ut til flyplassen for å vente på ein flyavgang på kvelden. Det er vanlegvis best å ta seg fram på dagtid, på stigande sol. Vi er spente både på visumsøknaden, køyreturen til flyplassen, det omtala kaoset på flyplassen, ventinga, billettar og om bagasje og folk faktisk får kome om bord. Og om flyet vårt går. Første etappe er Dakar, litt før midnatt. Morgondagen kan bli nervepirrande og slitsom. Men det kan fort gå bra! Fredag skal vi være i Dakar og med flytur til Paris, natt til lørdag. Reisefylgje når Noreg på litt ulike tidspunkt på lørdag. Heime er vi ikkje, før det nesten er blitt søndag. Nin Ala sonta; om Gud vil!

Å reise frå Bamako i varmetida, og å gå ut av flyet i Dakar, har vi opplevd før. Det var ei saleg oppleving. Nesten som himmelen, trur vi det må være. Ikkje frys og ikkje svetta; 24*C og havluft!! Denne gongen trur vi at i det augneblikket vi forhåpentleg er på eit hotelrom i Dakar, kjem til å ha ei god kjensle! Første krevjande etappe er passert.

I dag og, har tida gått til masse praktisk. Gjermund reiser heim med oss andre og det betyr at mykje har måtta blitt planlagt i dag. Det mest krevjande dei siste dagane er alle vurderingane, att og fram og opp og ned og tilbake igjen. Innlevingsevna vår er ikkje dårlegare enn at vi levande kan førestelle oss stressnivået på hovudkontoret i Norge, dei har òg hatt sine "oppognedattogframogtilbarstrettengonger." Takk for arbeidet!

Vi gler oss veldig til at dette får ein ende, i denne omgang, for oss. Vi er veldig klar for det. Vi har det bra, men er nok ganske trøytte. Både mentalt og fysisk. Men det er ikkje farleg å være trøytt. Med kvile, god mat, god prat, fysisk aktivitet, gleder og grenser reknar vi med å være 'fit for figth' på kort tid. Det er godt å kome heim, til der vi høyrer til. Der vi har familie, venner, skole og jobb. Men. Etter mange år i Mali høyrer vi også til her. Gunhild har vakse opp her! Difor er gleda delt med vemodet.

1 kommentar:

  1. Vi ønsker og ber om at denne dagen skal være god og at hjemreisa skal gå greit!hilsen Ragnhild og Kåre

    SvarSlett