torsdag 22. mars 2012

Å sitte inne

Nå er vi inne i magen til gjestehuset, i Bamako. Vi underheld oss med å kontinuerleg samle nyheter og sit med pc'ane og skriv meldingar ut i verda. Vi har støpselet i veggen og nyttar høvet mens det framleis er straum. Alt er til lading. Vatn har vi hamstra i koppar og kar. Det er ikkje sjølvsagt at det blir verande tilgang på straum og vatn. Gjermund har bedt vakta kjøpe eit brød, så har han sitte vakt på innsida av porten. Her er noko liv i gatene. Folk er ute. Men mykje rolegare enn vanleg. Skotsalver høyrer vi rett som det er. Men noko av dette er sannsynlegvis kruttsalver for å skremme.

Vi hadde ei litt tett oppleving for eit par timar sidan, då vart det skote rett ved gjestehuset her. Med stor sannsynlegheit berre i lufta, men vi flytta oss til ein sikker stad, langt inne i magen på gjestehuset. Naboen her er tidlegare minister, og det var henne dei ville ha fatt i. Ho er på reise, så det roa seg relativt snart. Heldigvis.
Skuddsalver eller rød-fis? i det fjerne. Nå var det nett eit fly i lufta her. Rart.Fantasien min lurar på om det kanskje er presidenten som nyttar høvet til forflyttning? Og skreddaren går forbi i gata med symaskienen på skuldra som vanleg, og klikkar med saksa si, slik at vi skal vite at han er klar for å sy. Frå moskeen lyd kalleropet som vanleg. Gjermund har vore litt ulydig og sett seg på gata for å snakke med den gamle vise naboen her. Kan være nyttig informasjon og hente der.. Han lova dyrt og hellig å kome inn om det blir spetakkel..

Eit habilt vitne, med politisk posisjon, seier at det verkar som om det kan gå roleg for seg videre. La oss håpe det! Det kan verke som om hæren og spesialstyrkene er samde om opplegget, og difor ikkje slost mot kvarandre, men vil leggje til rette for at det kjem til ei mellombels løysing også på på politisk nivå. Vi ventar på betre tider. Radioen melder at alle grenseovergangar er stengt, og at portforbodet ialle fall gjeld til i morgon, at vi alle skal være rolege og fylgje råda vi får. Det vil seie at vi ikkje kjem til gamlelendet med det aller første. Normisjon i Norge arbeidar nå inn mot UD for å få hjelp med situasjonen, jfr. normisjon.no.

Irene har vore venleg å laga eit måltid av rester vi har funne i skap og på benk. Pasta, kjøttdeig og noko saus. Veldig godt. Gjermund klarte til og med å få fatt i brus. Bordbøna innehaldt også ein takk for at alt har gått bra med oss, så langt og bøn om at situasjonen i landet må stabilisere seg snarleg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar