torsdag 22. mars 2012

Utfordringar

Mali er inne i ein spent situasjon. Soldatar frå hæren har i løpet av natta teke over kontrollen i landet fordi dei meinar at sitjande president og styresmakter ikkje har gjort jobben sin godt nok, i høve til opprøret i nord. Sjå informasjon på mellom anna: nrk.no, bbc og rfi.

Nå er det portforbod, og ein avventande situasjon. På grunn av alt dette reiste vi ikkje tilbake til Norge i går kveld, som planlagd. Kansellerte fly og stengd flyplass. Vi kjenner oss trygge her og held oss inne. Så lenge vi har straum og vatn så klarer vi oss bra. Totalsituasjonen blir diskutert utover dagen.

Til dykk som ber, be for at Mali klarer å halde på demokratiske rettar og ivareta folket sitt på ein god måte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar