søndag 8. april 2012

God påske!

Fri
Bålfat med fyr og pølse på spidd
Dragavikjå i april














Familie
Familie kan vera ein god ting. Til mykje. For eksempel ein tur til Dragavikjå for å sjå på strandlivet i april, eller fyre bålfat og spidde pølse i hagen, eller bli bedne til venner på komle, eller reise heim til Skånevik og møte 'alle' i heile slekta eller drikke påskedagskaffi med morfar og onkel. Og ikkje berre det, Gunhild kom heim til oss, på fredag. Kjekt å vere alle, ei lita stund.

Vi har det bra. Brukar tid på å koble av nå medan vi har fri med påske, men vi fylgjer og med på nyhende i Mali, og korleis det går med norske og maliske kollegaer. Fleire lever på vent i Senegal og Gambia. Det er og noko. Alt krev sitt av energi og tankeverksemd.

Forsiktig optimisme i Mali
Gjermund har laga eit resyme frå TV5 monde, Jeune Afrique, Malijet.com; På fredag vart kuppmakerane einige med forhandlingsdelegasjonen frå den Vest-afrikanske unionen om at dei går av til fordel for ei overgangsregjering styrt av leiaren for nasjonalforsamlinga, Dioncounda Traore. Det vil nok ta nokre dagar før alle detaljer er på plass. I går kom Traore, frå Burkina Faso, til Mali for å kunne begynne jobben med ei ny overgangsregjerning. Den gamle presidenten, Amadou Toumani Toure, vil stå fram og gi over makta til Traore. Videre vil han innsetje ein statsminister.

I og med avtalen som no er inngått mellom kuppmakerane og unionen har den Vest-afrikanske unionen oppheva dei økonomiske-, diplomatiske- og finansielle sanksjonane som dei sette i verk den 2. april, for å leggje press på kuppmakerane.
Utgangspunktet er at overgangs-regjeringa skal avvikle presidentvalg innan 40 dagar. Dei fleste innser at dette kan bli vanskeleg. Med tanke på den totale situasjonen landet er i og med krigen i nord. I nord er det uro, plyndring og vald. Heldigvis ser det ut til at det er noko meir orden og disiplin i rekkene etter kvart. Opprørerane er framleis ikkje heilt einige seg imellom. Gruppa som kaøøar seg Ansar al Din (Islams forsvarar) seier også no, at deira mål er eit Mali kor sharialovene gjeld. I og med at dei ikkje snakkar det same språket og heller ikkje ser ut til å ha dei same synspunktene på sharialover, sekulær stat mm. kan ein håpe at dette gjer at dei ikkje prøver å gå lenger sørover, i retning av hovudstaden Bamako.

Så langt ser det ut til at det  sivile- og politiske samfunnet stiller seg bak løysinga frå Unionen. I går, laurdag, var mange kvinner ute i gatene i Bamako og demonstrerte for eit betre samfunn med mindre korrupsjon og fred i nord. Ei av kvinnene blir sitert slik: "Vi skal vere vaktbikkjer for den nye regjeringa. Vi skal passe på at dei ikkje blir korrupte eller unnlet å gjere jobben sin."

Påske...
Den underlege påskedagen. Som heile kristentrua byggjer på. Utan påskedag er kristendommen berre ei livsretning med eit spennande førebilete, personen Jesus Kristus. Med påskedag derimot, er det gjort mogleg med ein relasjon. Relasjon til ein levande person, som samstundes er Gud. Kristus, min bror. Kristen tru er ikkje ein prestasjon, men ein relasjon. I den moderne virituelle vestlege medieverden er kan hende dette i meste laget, for mange. Det beste vi kan rå til, er å teste det ut. Teste ut om relasjonen til Kristus er ekte.

"Jesus stod opp igjen. Halleluja!

Klapp, alle hender, i glede!
Dette er dagen Gud har gjort.
Dette er dagen da Jesus
åpnet for alle livets port.

Lukk opp din dør og ditt vindu.
Dette er dagen Gud har skapt.
Gå fra ditt hus full av lovsang,
han skaper håp der alt vart tapt.

Syng gjennom parker og gater,
syng om den dagen du har fått.
Syng om din levende Herre,
Han er oppstanden, alt er godt!"
                                                Eivind Skeie 1987

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar