onsdag 25. april 2012

Sutten av april

Gjermund les og klypper frå internasjonale nyhende

Tre drepne langs veiene i nord. Eit barn er drept etter å ha trakka på ei mine. Plyndring, herjingar, voldtekter, matvareog medisinmangel med andre ord mange brudd på menneskerettighetane. I fylgje FN er det nå 286000 flyktningar som eit resultat av uroa.

Maktkampen pågår for fullt i hovudstaden Bamako. Presidenten og statsministeren slit med å få den makta dei i fylgje forhandlingane med militærjuntaen skulle få. I maliske medier står det om desse maktkampane, om arrestasjonar, drapsforsøk, om koalisjonar som skapes, går i oppløysing. Det kan synast som at det er ein ting som er sikkert og det er at det er usikkert.

Matvaresituasjonen.
Eg har nett snakka med to maliske kollegaer og begge vert meir og meir bekymra for matvaresituasjonen. Hirse er nesten, for ikkje å seier heilt umogleg å oppdrive overalt i Mali. I Bafoulabé området er matmangelen meir og meir følbar. Folk slit meir og meir med å få nok mat til dei daglege måltida. Dette såg vi allereie rundt jul og det blir berre verre og verre. Helse og sosialsjefen i fylket sa at det no er ille. Det var i mars. Men han var særleg bekymra for sommarmånadane då folk skal ut på åkrane. Har dei ikkje då mat vil dei ikkje kunne klare å jobbe på åkrane. Såkornet vil då og fort bli ein mangelvare som gjer at landet i verste fall kan gå frå vondt til verre sjølv med ei brukbar regntid. Fordi dei ikkje får så og dermed ikkje hauste dette året heller. I Bamako slit dei også med eit anna problem. Straumen er svært ustabil, kjem og går. Dette er også ein konsekvens av den dårlege regnttida med lite vatn i demningane. I tilleg kjem uroa som har ført til vanskar med å få tak i diesel og anna drivstoff til diverse anlegg.  

I fylgje Jeune Afrique er det ikkje lenger tuareg-rebellane somhar overtaket/styrer i nord
No er det Ansar Eddine-tuaregar som reknar seg som islams forsvarerar og Al-Quida som regjerer i lag. Begge gruppene ynskjer å fremje eit islamsk styresett med sharialovgivining. Litt om sharia:
Sharialov er eit straffesystem der Koranen er lovboka. Den heilage boka nevner ikke spesifikt kva slags straff som passer for alle typer lovbrudd. Det er dei skriftlærde som tolkar Koranen og forteller kva boken utmålar i straff for ulike synder.

Eit eksempel fra Pakistan. Eit lokalt overhode i Swat-regionen sier til The Guardian at personar som er utru mot ektefellen vil bli steina. Bruk av alkohol og sex før ekteskap straffast med pisking, og tjuvar får kappet av handa med mindre dei ikkje er så fattige at tjuveri er eineste måte å få mat på.
Eit nytt Afghanistan
Ein god del mennesker i Mali og i landa rundt er redde for at Mali skal bli eit nytt Afghanistan. Eit område med mykje uro, maktkampar, kamp for eit strengt islamsk styresett, terror, narkotikatrafikk mm. Nord Mali er også eit transittområde for narkotika og dermed kriminalitet og kriminelle bandar med store økonomiske interesser ifylgje media.
I media er det også kome meldingar om at Boko Haram-fundamentalistiske muslimar frå Nord-Nigeria, også er komne for å vere med i kampen for eit reinare islam i Mali. Dei har stått bak mange angrep på kristne og kyrkjer i Nigeria med mange drepne blant dei kristne.
Ein kan vel kanskje seie at for fleire av desse gruppene i nord-Mali er intensjonen å kjempe for eit land som lever etter Koranen på alle vis. I dette området-frå aust Senegal og vidare forbi Nigeria har det oppover i historien vore fleire muslimske riker. Fleire menn, td El Hadj Oumar Tall(på 1800 tallet) har etter å ha vore i Mekka og fått inspirasjon derifrå og på andre vis sett seg føre å reinse bort animistane og ta eit oppgjør med sløve muslimar som etter deira syn då ikkje lever som sanne muslimar. Dette opplevdes og oppleves også i dag provoserande på dei muslimane som  skal «tvangsreformerast» til gode muslimar.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar