onsdag 6. juni 2012

4. juni

Nyhender frå Mali den siste veka.  

Først nokre glimt frå situasjonen i nord.

Eit stort problem i nordområda er mangelen på medisiner. Av 17 apoteker i Gao, Kidal og Timbuktu er 14 stengt og dei tre som er åpne slit med å få tak i medisiner. Dette er særs bekymringsfullt då regntida er igang og med den meir malaria og andre sjukdomar.

Nokre meiner at Ansar Dine, islamist rørsla som ynskjer ein islamsk stat, har fått betydelege økonomiske forsterkningar mellom anna frå Algerie og  Quatar. Islamistar har kome frå fleire andre land mellom anna Tunisia, Algerie, Libya Sudan og Nigeria for å kjempe saman med dei lokale. Dei har ein opparbeida seg ein liten hær. Dei har store midler til disposisjon og betalar unge menn/ungdomar for å bli med i hæren deira. Ungdomar som er lett påvirkelege.

I Bamako
I Bamako jobbar politiet med å finne ut kven som var ansvarlege for angrepet på fungerande president Dioncounda Traore. Dei ynskjer å få desse dømt. Ein av dei politikerane som har støtta militærjuntaen Oumar Mariko kan også bli tiltalt. Han er no i Brussel og fleire er usikre på om han kjem attende no. Han meiner sjølv han har parlementarisk immunitet. Han er leiar for det første partiet som støtta militærjuntaen.  
Statsministeren Cheick Modibo Diarra var klar i sin tale då han var på besøk i Segou førre veke. Nord Mali er ein del av Mali og skal tas tilbake med eller utan våpen.

Militærjuntaens leiar Sanogo, nå eks president, var ute og lufta seg fredag i all sin prakt og vart køyrt til byen som om han var president. Han er offisielt på sidelinja, men ifylgje nokre kilder likar han lite å vere der. Me får håpe han klarar å bli der men siste ord er kanskje ikkje sagt om maktkampen. President Dionkounda Traore er enno i Paris men skal attende i slutten av denne veka om eg har forstått signala rett. Det blir spennande å sjå korleis han blir møtt av statsministeren, det politiske miljøet og folk flest.
Konflikten rammar turistnæringa hardt. Mange hoteller i Bamako er meir eller mindre stengde. Hotel Amitie er snart bankerott. Resturantar, kafear og andre teneste-ytande samanhengar  retta mot turistar og den internajsonale markedet er inne i  svært vanskeleg periode. Det er få utlendingar å sjå i gatelivet i Bamako. Nokre amerikanske/internasjonale misjonærar er attende i Bamako og i Kayes.


Litt frå kvardagen i vest Mali.
Det kjem stadig vekk regn i store deler av Mali. Det har kome fleire og fleire stader og nå er folk i full gong med å forbereie åkrane til såing. Nokre har allereie byrja såarbeidet i Bafoulabé. Xhontela kommune- (Goundara) har fått ein del tonn med hirse for å kunne hjelpe lokalbefolkninga visst eg forsto Aliou Jakite rett. Det er snakk om mellom 8-17 tonn, han var ikkje sikker på mengda med korn. Filip Keita, sonen til Etienne Keita skal vere med på dette på vegne av regjeringa. Filip og Bakary Kante, som no er ferdig med bibelskulen og som er i frå området planlegg no å holde regelmessige samlingar i Goundara. Filip skal vere der i 8 månadar ifylgje Aliou J.

Det er no vortesvin tid i Mali. På grunn av regnet og årsdtida er dei lettare å få auge på, så eg lurer på om me kan få UD til å få opne grensene for misjonærjegerane. Dette vil kunne vere eit godt humanitært prosjekt då vi kunne bidra med meir kjøt til dei familiane som et vortesvinkjøt. Det spørs vel om UD er med på ideen!?
På Bibelskulen i Bafoulabé lagar dei lemmer til å ha føre dei vinduene som er mot aust. I regntida ausar vatnet inn her. Desse skal kunne lukkast/opnast etter behov.

I Tambaga har dei no hatt fleire samlingar for dei kristne. Dette er viktige samlingar for å stykje dei kristne rundt om i distriktet. 10 tonn hirse er utdelt til dei trengjande.
Gjermund Johannes

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar