mandag 28. mai 2012

Etter pinse

Litt om den politiske situasjonen i Mali
Som de sikkert har fått med dykk via avisene har no Ansar Al dine, islamistane-som også er meir eller mindre på lag med Aqmi,  og tuaregaene blitt samde om at Azawad skal vere ein muslimsk stat. Eg trur at dei fort kan bli ueinige om sharialovgivninga og på kva måte den skal innførast. Tuaregane virkar å villle ta meir omsyn til dei lokale tradisjonane enn Ansar Al din sine leiarar. Det gjenstår å sjå kva dei får til framover.  Men det at dei har funne fram til ein avtale vil vanskeleggjere arbeidet for regjeringa og hæren i Mali å ta tilbake kontrollen over desse områda. For den maliske staten avviser totalt ein slik stat.

Sidan åtaket på presidenten førre mandag, som er i Frankrike for helsesjekk, har statsministeren vore tydeleg på at dei har kontroll og at livet i landet går som normalt. Presidenten skal innta si rolle når han kjem attende. På ulike nettsider og i Maliske aviser står det no om at fleire av dei som stod bak uroa førre veke no vil bli tiltala for dette. Det kan vere med og auke regjeringa sin autoritet  og samtidig heve saklegheitsnivået på innlegg for og imot presidenten. Ein om ikkje fleire radiostasjonar har vore med og spreidd mykje propaganda men vil no kunne slite med det og det vil kunne roe demonstrantane, det håpar no eg!

På laurdag var det ei samling i Bamako. Her var store deler av det etablerte politiske miljøet tilstade. Dei ynskjer å støtte dei byggjande kreftene i samfunnet og vere med og finne konstruktive løysingar for nordområda. Det er i alle fall eit positivt signal om ein vilje til å finne ein veg ut av bakevja ein no er inne i.

Al Qaïda au Magreb Islamique og Ansar  al dine har no funne eit lager av våpen som den maliske hæren hadde gøymt under jorda med tanke på ein lengre krig mot opprørerane. Ein kommentator skriv at dei no er betre rusta enn den maliske  og den burkinske hæren til saman! Vi får håpe at det ikkje er så ille. Det blir også påpeika at dei hadde store mengder våpen med seg frå Libya.

For flyktningane i nabolanda går dessverre situasjonen frå ille til verre. Det er for lite mat, lite vatn og sanitærsituasjonen er forferdeleg. Ein stad har dei eit toalett for 220 personar. Som nevnt tidligare er det og svært viktig å få inn nok forsyningar før regntida set inn. Verdens matvareprogram og Legar utan grenser med fleire jobbar for harde livet men har for små ressursar  til å kunne hjelpe alle.

Litt frå livet i kyrkja, denne gang kun frå Bafoulabe området.
I telefonsamtalar med Karim og Adama har eg fått orientering om at i løpet av førre veke har det no blitt avvikla to samlingar for å styrkje dei kristne. Den første staden var i Kankou området. Den andre staden det var samling var i Diokeli nær Manantali. Sisnevnte stad var det 100 som var med på samlinga. Her vart to stykker døypte. Etienne Keita og Simbo Sissoko var dei som underviste.

I morgon skal Karim Fofana til Gangantan for å sjå om det mogleg å få til ei samling der om eit par veker. Deretter står Sollinta nær Oualia for tur. Kyrkja i Kayes hadde ein turne for å styrkje dei truande i deira kyrkjer i Bafoulabe området. Kyrkja i Bafoulabé var med på filmvisning i Bafoulabé. Mange hadde møtt opp.
No har dei offisielt opna opp straumforbindelsen med offentleg belysning frå Bafoulabé til Mahina. Som nevnt vil dette vere med og  gjere det enkelt og forholdsvis billig for oss å få straum på bibelskulen.
I Normisjon jobbar vi for å hjelpe lokalbefolkninga som er råka av hungeren i «våre» områder. Mange har no fått hjelp, fleire treng det. Les meir om dette på Normisjon sine nettsider. Normisjon.no.
Mvh Gjermund Lygre

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar