tirsdag 26. juni 2012

Besøk frå Mali

Adama Bah er komen til Norge. Vi fekk lov til å ta imot han og vere saman med han litt dei første par dagane. Han fortel om ei kyrkje som tar ansvar og om eit arbeid som fungerer. Samtidig legg han ikkje skjul på at kyrkja ynskjer at vi skal kome attende og stå saman med dei i tenesta for dei heilage.

 I Bamako hadde det regna bra ei tid men no treng dei  på nytt regn. Siaka Coulibaly var i Tambaga på laurdag og der var dei bekymra og bad om forbøn. Regnet truga med å kome då han reiste og etterpå høyrde han at det hadde kome godt med regn der. Karim Fofana kunne i går fortelje om to gode regnbyer i Bafoulabe området i løpet av helga. No byrjar befolkninga såarbeidet seier han. Ei utfordring med alt det gode regnet som kom er dårlege vegar…Vegen mellom Mahina og Bafoulabé er snart ferdig. På grunn av vegarbeidet-dei har byrja med å leggje asfalt no og bruene er nesten ferdige, så er det nokre omkøyringar og Karim fortel om to bilar som stod fast i ei myr heile helga på grunn av regnet.! På måndag var handelsmennene hos kommandanten for å finne løysingar på vegutfordringane. Dei treng å få varene fram.

Både Adama og Karim fortel at matvareutdelinga går sin gang og at den fungerer godt både i Oussoubidiania, Tambaga, Mahina-blant fulanerane og i Bafoulabé. Dei som skal få hjelp får det. No vi dei og vurdere korleis ein kan hjelpe dei mest utsette i og rundt kyrkjelydane i Bamako.

  
Biletet er henta frå ein av byane i nord. Situasjonen for sivilbefolkninga blir verre og verre. No slit dei meir og meir med å få tak i vatn, straumen er så å seie fråverande og matvaresituasjonen er heller ikkje blitt noko betre. Hjelpa som er komen er ofte overtatt av Ansar Dine og dermed får kun dei som dei syns er verdige til å få hjelp, får hjelp. Ei anna utfordring som no er i ferd med å byggje seg opp er plaga med store grashoppesvermar . Dei er observert i nord og ein fryktar dei vil komme sørover då det er der det er mest mat og finne og dei kan ikkje ta den andre vegen då det er lite mat der. I og med konflikta får ikkje kompetente folk/etatar ta tak i denne problematikken der dei skulle.

 Ansar Dine jobbar med å innføre sharialovene i dei områdene dei har kontroll over. For nokre dagar sidan tok dei eit par som hadde fått eit barn utanfor ekteskapet og gav dei begge to 100 piskeslag som straff. Etterpå kunne imamen stolt fortelje at dei hadde gifta seg og han var den heldige som hadde fått vie dei! Dette var for å statuere eit eksempel.

Un membre d'Ansar Dine près de Tombouctou, le 24 avril 2012.

AFP PHOTO / ROMARIC OLLO HIEN
I hæren jobbar dei for å klargjere seg til kamp. Dei slit med gamle strukturar, dårleg utstyr, korrupsjon, mistillit med meir. Det ei lang historie meiner ein kjennar av hæren i Mali. Hæren hart ikkje fått nok midler dei siste 30 åra!

I regjeringa og departementa er det stadig endringar i stabane. Dette meiner fleire kommentatorar  er eit dårleg signal. Her er det snakk om å få inn sine eigne folk i nøkkelstillingar og dermed få meir makt og meir pengar. Siaka Coulibaly meiner dette meir skyldes at dei som no har mista makt og innflytelse er misnøgde og klagar til journalistane. Kanskje sanninga ligg ein stad midt i mellom??

Siaka seier vidare at livet i Bamako og ellers i landet er ganske normalt, unnateke nordområda. Folk kjenner lite til uroa no. Korleis nasjonale media forheld seg til dette er interessant å vite. Utfordringa videre for heile befolkningaer som før, matvaremangelen. I Bamako er det lite militære å sjå i gatene. Det som manglar i bybildet er utlendingane.

Ha ei god sommarveke – sommar, i alle fall i fylgje kalenderen. Gjermund Lygre

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar