søndag 26. august 2012

Å vera der, i Mali!

Gjermund reiste til Mali torsdag som var. Har reiste i lag med misjonær Alf, avtroppande direktør Roar og påtroppande direktør Therese. Torsdag kveld var dei i Bamako. Turen gjekk greit, dei vart vel tekne i mot av medarbeidarar i MPN der. Gjermund fekk telefonkontakt med Ramata, som skal møte han i Bafoulabe. Det var ho som måtte rydde og låse ned tinga våre då Gjermund ikkje kunne returnere i mars, men blei evakuert heim til Norge i lag med oss andre. Vi sky'pa i lag frå Bamako. Kjende lydar omkring der. Gjermund sa det var vakkert å sjå Mali, vått og grønt. Livgjevande for vekstrar som skal sikre avlingar framover. Takk!

Alf og Gjermund starta turen videre til Tambaga og Bafoulabe på fredag. Gjermund ringde frå Tambaga, i utkanten av ei samling dei hadde der. Jentene fekk sky'pa med han derifrå også. Alt vel. Millitære er å sjå, med ujavne mellomrom. Gjermund sin kommentar var at dei til nå hadde verka uintresserte eller venlegsinna. Alf og Gjermund tek forholdsreglar, har dei sagt.

I går kveld tikka det inn ei sms-melding : "Hei. Nå har me fått eit godt måltid hjå Karim og co. Alt vel." Det betyr at dei er vel framme i Bafoulabe, og har møtt mange av vennene våre. Eg kunne gitt ein del for å fått vore ein del av det, for ei lita stund! Hjarte og tanke er der blant vennene ved savanna, nær Senegalfloden, under den mørke stjernehimmelen, med dei tunge, kraftige regntids lydane og -luktene. Vi er rike som har vore der! Som eig venner der! Problemet er at det er der og eg er her. På ei anna side er det godt med avstand til alle dei samfunnsmessige og politiske problema som rir landet i desse dagar. Refleksjonsevna blir utfordra.

Skrivar frå luftige og lyseblå Førre; Gunn-Marit

Gjermund ringte nå frå Bafoulabe. Dårleg nettilgang, så han har ikkje fått lagt ut bilder på facebook. Han hadde ei bøn, og det var at folk kunne vere med å be om tenleg vær. Enkelte stader har det kome altfor mykje regn, så det er fare for at avlingar kan råtne på rot. "Er det ikkje hengjen, så er det sprengjen!"                       Tenleg vær, er ei god bøn. Slik eg forstår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar