søndag 19. august 2012

Festtid og fare

Det er avslutning på Ramadan i desse dagar. Fastemånaden blir avslutta med ein stor fest. Skredderane har ei av dei travlaste tidene i året før festen. Dei jobbar dag og natt for å få klargjort alle festdraktane. Mange slit med å få endane til å møtast særleg dette året med alle krisene. Det er nok mange fortvila foreldre som ikkje kan gje kleda dei ynskjer til sine barn og kjøpe den festmaten dei så gjerne skulle hatt. Det er også ei side av krisene i Mali.

Det er gode meldingar frå ulike deler i landet om ei god regntid. Mange ser lys i tunnelen. Maisen nærmar seg moden og hungeren vil avta. Nokre ser lite lys. Dei har mista eit barn eller ein gammal. Unicef og andre organisasjonar fortel om ein knalltøff kvardag med stor barnedødlighet på grunn av underærning. Adama Bah fortel om mange i Mahina/Bafoulabe området som et eit måltid til dagen. Den hjelpa vi har fått vore med og gitt har vore viktig og berga liv men den når ikkje så langt.

I desse dagar jobbar dei intenst med den å få den nye regjeringa på plass. Lurer på om eg har skrevet noko lignande før. Men trur at eg er nærare sanninga i dag enn tidligare. Det virkar som om det er vilje til å få på plass ei regjering frå dei ulike partia og grupper i samfunnet.

Mali ynskjer ikkje å få hjelp av den Vestafrikanse Unionen får å sikre institusjonane i landet. Dette vil dei klare sjølv var den tydelege meldinga dei gav på eit stort møte i Bamako denne veka med den vestafrikanske unionen. Krisa i nord vil dei styre sjølv med hjelp utanfrå.

Skuleverket i Mali har dårlege resultater dette året. På den vidaregåande skulen i Mali er det kun 13% som har bestått og er klar for vidare studier. Resten må ta eit år til. I Bafoulabé var det kun 3-tre stykk som besto eksamen!!




Ein kommentator i ei avis skyldar dette delvis på foreldrene som ikkje tar sitt ansvar på alvor. Foreldrene gir barna ei dårleg oppfølging. Dei skapar barn uten grenser, barn får bestemme for mykje sjølv- barna er småkongar. Forelderene har ikkje nok autoritet, nok disiplin på sine barn. Dermed slit lærerane med det same .Mobbing og vold er eit problem mange stader. Lærarutdanninga er ikkje god nok.

Lærerane har ikkje eit godt nivå. Nokre har kjøpt seg papirer, andre har bestått men har verken motivasjon eller tilstrekkelege evner til å lære frå seg. Meir kan seiast!

Neste veke reiser Therese Glendrange, Roar Flacké, Alf Halvorsen og underteikna til Mali for å lytte til våre maliske brødre, søstre og kollegaer, vi vil også prøve å oppmuntre, veilede, lære, planlegge med meir. Tanken er også ein tur til Sengal for å finne ein stad ein kan trekkje seg tilbake til i haust når det trengst/ha som base. Du er herved utfordra til å be for denne turen.

Eg klipper frå ei norsk avis: 450.000 er drevet på flukt i Mali



PÅ FLUKT: Stadig flere blir drevet på flukt i Mali. Foto: Reuters / NTB scanpix 

Minst 450.000 mennesker er drevet på flukt fra sine hjem i Mali, etter at militante islamister har tatt kontroll over de nordlige delene av det vestafrikanske landet.

Ifølge en fersk FN-rapport har 260.000 mennesker flyktet til naboland og lever nå i FN-leire, mens 175.000 er på flukt i eget land.

Flesteparten har flyktet fra militante islamister som siden militærkuppet 22. mars har tatt kontroll over byer som Timbuktu, Kidal og Gao.

Islamistene skal ha bånd til terrornettverket al-Qaida og har innført sharialover i områdene de kontrollerer.

Ifølge FN lever mange av flyktningene i Mali under svært vanskelige forhold og mangler både mat og vann. Mange av dem har også søkt tilflukt i områder som er rammet av tørke, og titusenvis trues av sult og sykdom.

FN anslår at det nå er om lag 4,6 millioner mennesker i Mali som har behov for matvarehjelp utenfra.

I Nord Mali kjem er smitte med den frykta koleraen på. Mange er omkomne og fleire og fleire blir ramma av sjukdomen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar