onsdag 8. august 2012

Midt i regntida!

Ein liten tilstandsrapport

På den politiske fronten har det skjedd mykje sidan sist eg sende mail. Det som er fremme no i media og viktig for framtidat: Presidenten Dioncounda Traore er komen attende frå Paris. Han er i ferd med å skipe ei ny samlingsregjering. Det er uvisst om statsministeren blir med videre. Fristen for å få på plass den nye regjeringa er på fredag. Med regjeringa på plass vil den vestafrikanske unionen letta på sanksjonar/vanskar for den maliske staten.

Djibril Bassole, meklaren i denne situasjonen, var i går i Gao for samtalar med Ansar Al Dine. Han seier i etterkant at dei er interesserte i samtalar. For at det skal bli fredsforhandlingar må islamistane ta avstand frå Al-Quaida og gjere slutt på overgrep i samband med innføring av sharialovgivning.

Islamistane, les Ansar Al Dine mfl. prøver å innføre sharia lova. Lokalbefolkninga i Gao td. er lite glade for dette. Ungdomar har stansa eit forsøk på å kappe av ei hand på grunn av mistanke om steling. Det er ein tydeleg kamp om makta og om sjelene! Ordføraren i Gao, som er i Bamako, fryktar at fleire og fleire vil gå over til islamistane om ein ikkje snart får tatt gode grep for å løyse krisa i nord. Islamistane prøver å hjelpe folk og prøver å omvende folka for si tru og si overbevisning. Andre stemmer er lite til stades, dermed vil ein kunne bli meir eller mindre tvungen til å gje opp for overmakta.

Det er av og til demonstrasjonar i Bamako. Seinast mandag var det nokre hundre som ville prøve å gå mot president palasset for å vise si misnøye med  presidenten. Denne gongen vart dei tydeleg og bestemt stansa av politi og hæren. Det er nokre, deriblant Oumar Mariko, som meiner at presidenten må gå av då overgangsperioden på 40 dagar er over. Det må nå haldast val. Dei fleste innser at no må landet først kome på fote før ein kan avhalde val.

Matvareprisane har ikkje blitt så høge som frykta melder Siaka C. i Bamako. Eit eksempel. Ein sekk med ris kostar no 18000 fcfa. I februar var det 15000 fcfa trur eg.

Regntida eg så langt god dei fleste stader. Det ser ut til at dei fleste har fått så det det skulle så. Det er ein viss optimisme å spore då ein veit at om ikkje så lenge kjem maisen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar