søndag 30. september 2012

Siste i september

Regntida er fortsatt god, helst litt for god ein del stader. 
No har Normisjon 4 misjonærar ute og fleire kjem ut dei komande vekene. I oktober vil der vere 7 stykker på plass om Gud vil og den politiske situasjonen tillet det.
Elektrisiteten skal snart gjere sitt inntog på bibelskulen. Vi håpar at vi har straum innan ein månad. No vil ein byrje å lage murbrikker som skal bli til eit radiobygg neste år.
Gimme og Karina må vente nokre dagar til før dei kan reise til Oussoubidiania og Goundara på grunn av mykje regn i området. Dei er i Bafoulabé.
Det er ein labil sikkerhets situasjon i Bamako rundt nasjonalfeiringa den 22 september. På grunn av dette ventar Roar og Therese noko med å reise tilbake til Bamako. Også dei er no i Bafoulabé. 
Arbeidet i kyrkjelydane fungerer godt dei fleste stadane. 
Som nevnt tidlegare har matutdelinga stort sett fungert veldig godt. Men endå har mange det tøft. I Bafoulabé har dei fått eit tonn til med ris å dele ut til dei mest trengjande.
I fylgje ei gruppe frå dogonfolket som har vore på rundreise i nord-Mali er det enno nokre få kristne igjen i nord.
Her er nokre betraktningar utifrå nokre nettartiklar. At det pågår ein maktkamp er i alle fall sikkert.
Ein kommentator meinar at no er det imamane som rår, som har gode tider.
Dei brukar no anledninga til å styrke sin posisjon og islam sin posisjon i landet medan politikerane og hæren prøver å ordne opp i endelause konflikter. I tillegg så er ikkje politkerane og hæren samstemde i korleis dei skal løyse situasjonen i nord. Kor mykje hjelp skal dei få utanfrå slit dei og med å bli einige om. Statsministeren «overlevde» som statsminister takka vere støtte frå viktige imamar meiner fleire. Han var på veg vekk frå maktsentrumet, men nytta anledninga til å gå på ei storsamling som islamsk råd hadde med 60000 tilstade på ein stadion. Der fekk han stor støtte og presidenten kunne ikkje anna enn å ta han med videre. Om dette er heile sanninga veit ikkje eg men at det seier noko om at leiarane i islamsk råd har stor makt, er vel ikkje å ta for hardt i.
Tidlegare var islamsk råd respektert no er det eit råd ein fryktar…
 
Fleire og fleire fryktar for framtida. Ein sekulær stat er langt ifrå einaste alternativ i framtida slik stoda er no. Nokre vil meine at ein ein islamsk stat vil kunne vere eit alternativ som vil innskrenke pressefridom, religiøs fridom men likevel så trur dei at dei med ein slik islamsk stat ville lettare kunne stanse opprør i nord og krava om sjølvstende frå tuaregane. 
Ifølge ein kommentator så slit dei islamistiske organisasjonane i nord Mali med økonomien. Dei har store utlegg; lønn til soldatar, drivstoffutgifter, klare å få administrasjonen til å fungere, straum og vatn etc. Dei kan få lokalbefolkninga mot seg om dei ikkje kan ordne opp. I følgje eit «rykte» tilbyr leiaren for Ancar Dine å trekkje seg tilbake og overgi områda til Mali sin hær viss han får 500 mill norske kroner. Blir spennande å sjå….
Be for Mali:
  • Om ei god avslutning på regntida.
  • For arbeidet i kyrkjelydane
  • For leiarane i alle kyrkjene i Mali
  • Om tryggleik for våre utsendingar
  • For presidenten, regjeringa og hæren.
  • Om ei god løysing på situasjonen i nord og generelt.
Gjermund Johannes

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar