søndag 11. november 2012

Å byggje - for øyra!

Bygging på bibelskulen

Adama Bah har fotografert arbeidsfolk i arbeid

No er det full fart på bibelskulen i Bafoulabé. Juckou Konate og hans team er i ferd med å reise radiobygget. Her skal det vere eit studio, kontor, undervisningsrom og lager. Dette gir oss ein god anledning til å gje ei god opplæring og praksis i radioarbeid til elevane på bibelskulen. Samstundes vil vi kunne sende jevnlege program på radioen. Vi ynskjer eit bredt repertoar. Vi håpar å få til eit samarbeid med det lokale helsevesenet, slik at dei kan bruke radioen til å fremme folkehelsa. Musikk og kultur vil vere viktig å ha på programmet. Kristne radioprogrammer på ulike språk vil vere viktig for å nå ut med den glade bodskapen om han som blei menneske, vår bror og vår frelsar. Undervisning og praksis vil gje elevane nyttig praksis i å forbereie og gjennomføre  formidling av evangeliet offentleg . Her vil vi jobbe saman med elevane i forkant og gje evaluering i etterkant. Dette blir nyttig og god erfaring for alle partar.

Aadama Bah er i full gong med å få dei formelle bitane på plass. Han har god kunnskap om dette og veit kva kanalar ein må bruke for å få dette til. Han driv allereie no radioarbeid blant fulanerane med utgangspunkt i fulanersenteret i Mahina. Han er sjølv tidlegare elev på bibelskulen.

Straum er kjekt å ha. Kunne du tenkje deg ein kvardag utan straum,; utan elektrisk lys, utan oppvarming, straum til pc og fjernsynet. Dette er kvardagen på bibelskulen. No gler vi oss til å få innlagt straum på bibelskulen. Dei formelle tinga er på plass. Me manglar kun to stolpar som kjem så snart vegane har tørka opp etter regntida. No meiner dei at vegane snart er ok slik at transportørane vågar seg ut på vegen. Fram til no har faren vore for stor for at transportørane med sin lastebil kunne setje seg fast i eit gjørmehol og i verste fall bli verande der i fleire dagar om dei var uheldige. Innan utgongen av november håpar vi dette vil vere i orden.

Gjermund Lygre

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar