tirsdag 21. februar 2012

Det stig!

Varmetid
Under myggnettet ligg eg, varm og vaken. Målet er å få sove. Å sove når varmen gjer det slik at kvilepulsen ikkje kjem heilt ned. Å lytte til lydane er liksom starten på søvntoget, som ein ventar på skal kome. I denne døsen kjem ein rytmisk djup bass og blandar seg. Kjent og kjært. På avstand. Bassen høyrer heime i elva, stort sett, rett nedanfor huset vårt. Flodhesten. Kanskje det er Mali Sadjo?

Bafoulabé. ”Landsbyen der to elvar møtest”. Den svarte og kvite elva. Den kvite elva kjem frå Guinea sine fjell, den svarte slangar seg opp mot Manatali 100 km. Den store Manatali-demninga som gjer straum til deler av Mali, Senegal, Mauritania og etter kvart Guinea. Demninga er 70 km lang. Herifrå og vidare kallast elva, Senegalfloden. Floden er brei over her og det er naudsynt med ferje for bilane og pirogar for folk. Men infrastrukturen er i farten og bru er under planlegging. I denne landsbyen høyrer legenda om Mali Sadjo til.

Mali Sadjo som etter legenda for mange generasjonar sidan var ein venlegsinna og folkekjær flodhest. Han berga landsbyen frå fleire vanskar. Den vakre unge kvinna, Sadjo med mange beilarar i landsbyen, vart forelska i flodhesten. Det gjekk så langt at ho reid på flodhesten i gjennom landsbyen, og svartsjuka tok ein av dei unge mennene som hadde sett seg ut Sadjo som ektemake. Sadjo hadde gjort det klart at det var flodhesten for henne. Ved nattetid tok mannen fram geværet og drap flodhesten. Sadjo si sorg var endelaus, og i gråt over sin døde flodhest tok ho sitt eige liv. Men legenda er ikkje slutt, for den unge mannen fekk dobbel sorg og enda sine dagar på same måte som Sadjo.

Det siste først
I går klypte ein lastebil straumlina, og vi var utan straum lenge. I og for seg så går det veldig greitt å være utan straum. Vi har jo vore det i mange år her. Men når vi nå er vane med kjøleskap og fryseboks på elektrisk straum og har kutta ut dårlege gassdrivne kjøleskap, får vi eit problem. For her er varmt, det nærmar seg fort 40 grader på dagtid nå, og fryseboksen er full av kjøtt til konferansen denne veka. Akk. Alle utfordringar ein har. Søndag ettermiddag og nattetimar gjekk til å prøve å få fatt på eit aggregat som kunne gje nok straum til å berge mesteparten av matvarene. Bensinaggregatet som vi hadde gav ikkje nok straum, hadde dårleg stabilisator og så vidare. Ingen hadde noko til utlån i landsbyen. Men med gode kontaktar fekk vi låna eit i nabolandsbyen som gjekk mange timar i natt. Heldigvis klarte dei å reparere straumnettet og vi har fått att straumen frå i dag tidleg. Maten vart berga. Natta vart litt rar, så søvnbehovet er ikkje ganske dekka.

Holefjedlet!
På fredag tok Gjermund alle dei norske jentene med på blå-tur til Holefjedlet, på veg mot Kankou. Dei starta ørtidleg, for å få gjort noko før sola og varmen tok dei. Dei fekk klatra litt, sjå utover eit stort område, luska seg inn i kjekke hol i fjellet, teke bilder og sett noko svært skjeldan. Dei kom rett inn i ein bavianflokk på rundt 50 bavianar. Mammabavianar med barn på mage og rygg, og pappabavianar som gav klar beskjed om kven som eigde fjellet. Nokon var rimeleg nære. Gunhild er jo aldri redd for nokon ting, men ho var visst ikkje kjempehøg i hatten når pappabavianen berre var nokre få meter frå henne og brølte ut sitt sinne. Men tøft var det. Særskilt etterpå når alt var gått bra. Bra fangst på den turen!

Langhale papegøye
Ingeborg sin første papegøye tok fyketur på eiga hand for halvanna veke sidan. Fridomen lokka. På torsdag ringte ho heim frå skolen og hadde fått ein annan type som ho ville ha med heim. Mor i huset er passeleg nøgd med alle dyr og fuglar som må ha mat, og som er kven sitt ansvar? Storesøster la inn ein liten parole om kor viktig det var for veslesyster at dette gjekk i orden.. Snakke for seg, kan dei. Begge to. Papegøyen var vakker. Irrgrøn, lang hale og med rødt nebb. Han fekk mat, vatn og sitte på ei grein. Så fauk han og, etter andre døgnet. Han hadde ikkje ein gong prøveflygingar først.

Dynamitt
Dynamitt er sprengstoff. Vi har nett kjøpt sprengstoff slik at folket i landsbyen Mansadji skal få seg ein brønn. Dei har ikkje ei einaste vasskjelde i landsbyen og ba om hjelp til dynamitt slik at dei kunne komme lengre ned, mot grunnvatnet. Vi har fått ei pengegåve frå ein tysværhegre som har avslutta geitehaldet, TAKK! Kanskje desse pengane kan gå til dynamitt og diverse i Mansadji?

I desse dagar har vi eit anna sprengstoff rundt dørene. Mat. Når ein er ikkje har mat. Då er ein fattig. Det er dyrt å være fattig. Og det går på verdigheten laus! Misjonen har sett av midlar til å kjøpe inn hirse og ris, til eit matlager, som skal disponerast etter orden og ansvar. Det skal utruleg lite til før det endar med uverdighet og store vanskar. Snublande nær ligg også den svært utbreidde korrupsjonen. Vi vil gjerne at kyrkja i samarbeid med sosialsjefen kan være med å strukturere dette. På denne måten kan ein også sørgje for at andre enn oss får velsigninga tilbake. Det er folk i lokalsamfunnet her som vil få ei stor stjerne, som har vore med å formidla nestekjærleik. Det går an å be for dette. Det er større sprengkraft i dette enn det ein vanleg nordmann i 2012, kan forstå.

Makan sin refleksjon
Slik min ven, pensjonert sjukepleiar/ ordførar, Makan sa: ”I alle år betalte misjonen for sosial- og nødhjelp til trengjande. Eg er ein av dei som får velsigninga tilbake fordi folk veit at eg var med og distribuerte dette. Sjølv om det ikkje var eg som betalte.”  Vidare beskriv han noko eg kan kjenne meg att i. Han nå er pensjonist, mot tek litt pensjon men arbeidar gratis med å hjelpe folk, tidleg og seint. Eg spør om han er trøtt. Han seier at det at folk blir friske, at dei takkar og at han får velsigningar frå takksame folk er så stor løn at han kjem til å halde fram slik så lengje han maktar. Denne refleksjonen forstår eg mykje av! Det gir meining. Det er meining.

Gull
På laurdag tok vi lørdags-kyrkje-ungdomane med på avslutningstur til haugane ved flystripa. Kjekt. Dei ville ha praten før maten. Vi snakka om at dei er verdifulle. Som menneske. For kvarandre og for Gud. Dei er gull. I Mali er det masse gull. Det er mange gullminer rundt her, i Lulu, Sadjoula, Tabakoto og Kenjeba blant anna. Men dei unge visste ikkje om noko i Bafoulabé. Dei kunne være enige i at  Bafoulabé har mange gullressursar i menneske. Metallet gull er liksom mest stas som ring eller smykke og ikkje som ein gullklump i lause lufta. Altså må ein foredle metallet. Den menneskelege foredlinga pågår heile livet. Det snakka vi om, og litt til. Seriøse refleksjonar og spørsmål. Så var det medbrakt varm mat; same med perlehønekjøt. Og kald brus! Og så var det takk, song og rytme heilt til sola gjekk ned.

Vi stoppar her
Årsmøte i kyrkja skal vi fordøye litt før vi skriv om. Nå er det konferansetid, masse praktisk, gjester og fulle hus. Mali vant bronsemedalje i Afrika-meisterskapet i fotball. Elfenbenskysten fekk sølv og Zambia vann gull. Det var solid innsats frå alle. Her nå vaskar Ramata så det sprutar, Aliou og Mamadou bankar i veggen slik støvet står for å skal sette ny air-kondisjon i veggen før gjestene kjem om ein time. Heidundrande. Ikkje veit eg kven som vinn den kampen. Omnstekte wolo/ ryper til kvelds. God mat med god smak i hyggjeleg lag hjelper på det meste.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar