tirsdag 28. februar 2012

Mot avslutning

Takk for maten!
Salli og dei andre kvinnene som var med i arbeidslaget rundt konferansen er svært nøgde. Dei har hatt jobb, tent pengar og ete god mat. Det er dei vel unt, for dei har gjort ein framifrå jobb. Konferansen er vel i hamn. Takk og lov. Det var litt nervepirrande innimellom med straumbrot og problem med el-nettet internt. Heldigvis hadde vi folk vi kunne spørje; Aliou og Mamadou. Dei jobba på spreng mellom anna oppunder tak-platene, som nok heldt ein særdeles høg temperatur på dagtid. Det gjekk godt. Eit par pc`ar fekk ein el-trøkk som slo dei ut, men kjøleskap og fryseboks levde over. Vi hadde god mat, i så rause mengder at arbeidsfolka også fekk sin del. Og dei takka vel for maten. Det gjere vi og!
Mat for tanke og sinn, på norsk, er prioritert på konferansane våre. Undervisning, samtale, debatt og sosialt fellesskap er viktige komponentar. Generalsekretær Rolf hadde god undervisning og snakka mellom anna om å være disippel og om å kunne bli såra i kampen. At det er meir regelen, enn unntaket. Men at det er både mot og kraft å hente til livet, hjå Kristus sjølv. Vi hadde gode debattar om arbeid og strategi. Det er alltid viktig å ikkje gå for raskt i tiltak, men først spørje seg fram til kor ein er. Derifrå kan vi ha idear som kan brukast til sensibilisering for eventuelt videre arbeid. Vi har ein tendens til å ha svara før vi kjenner spørsmålet og i det heile veit om "den andre" er interessert i at vi har eit svar. Adama, kyrkjepresident, var klar på at det viktigaste vi kan hjelpe kyrkja med nå, er undervisning, leiaropplæring og -oppfylging.
På kyrkjeveg
Søndag klokka 9, på sykkel mot landsbyen i varm sol frå klår himmel. Det er observasjonsmoglegheiter for eit heilt liv. Hjula på sykkelen balar seg framover i djupt støv- og sandlag. Forbipasserande bilar og motorsyklar legg att ei støvsky som gjer at ein må puste sakte, lukke auga mest att og får grus mellom tennene. Nett nå er det svære køyretøy som arbeidar for at vegen skal utvidast og leggjast asfalt på. Etterlengta. På søndag hogde fleire av naboane til vegen ned murane rundt husa sine. Vegen skal være brei. Sveitten driv og støvet legg seg i porer og pustereiskap.
Småbarn, større barn, damer med barn i magen og på ryggen og bør på hovudet, og gamle koner i nyvaska reint tøy som luktar godt når ein syklar forbi, bevegar seg i sitt eige mønster ved og på vegen. Syklande, gåande, køyrande i ei salig blanding. Perlehøner, høner med lange kyllingfylgje, geiter, sauer, ei ku og to, hundar, eselkjerrer og eit og anna laust esel er å sjå. Til alt overmål står det ein svær flodhest midt i rundkøyringa. Men han er av sement og med kvitt merke i panna. Ganske tøff; Mali Sadjo.
Ved vegen står små mobile bodar, nokon sel bensin på liter glasflasker, andre har lappebod for fiksing av punkterte dekk og endå fleire sel tobakk, sukker og te. Eg syklar forbi grønsak-, kjøt- og fiskemarkedet som opnar på denne tida av døgnet. Berre ferskvare er gangbart her. Kvaliteten og mengda varierer mellom årstidene og avlingane.
Helsingar langs vegen er ein del av dagleglivet.  Etter år i Bafoulabé har kontaktnettet blitt utvida. Det er hyggjeleg. Likevel; framleis ropar barn "tubabo" taktfast og sterkt. Tubabo betyr utlending- kviting, og det er lite høfleg. Mange foreldre lærer barna sine av med dette. Det hender eg brukar tid på å stoppe, og seie at eg heiter Maryama og ikkje tubabo. Av og til hjelper det, og elles puttar eg imaginære proppar i øyrene. Verre kan det være når barn er så frimodige at dei spring fram og tek tak i sykkelen. Då må eg skjenne ordentleg. Det kan være farleg for både den eine og andre. Har ikkje hjelm tilgjengeleg heller..
Så høyrer er tromming og song, eg er komen til kyrkja. Dei unge i koret varmar opp. Det var litt kaldt i dag.. Varme er eit relativt begrep. Det har eg alltid visst. Endå kan vi sitte ved sida av kvarandre ein søndag morgon utan å bli klistra fast i kvarandre av sveitte. Men om eit par veker sildrar det nok godt.
Oppunder taket, mellom sementbrikkene og tak platene er det ei god glipe slik at luft og vind skal sirkulere. Der har ei due laga seg reir, og ho ligg fint under heile gudstenesta. Både når trommer og song står til værs, og når det er meir stille bøn. Karim preikar på bambara, eg får med meg ein del. Det er khassonke som er mitt språk her. Han ber mellom anna for valet i Senegal denne dagen. Og det ser ut til at han vart bønhøyrd, for det gjekk for seg i rolege former, etter ein del bråk tidlegare. På kyrkjetrappa tek vi kvarandre i handa og ynskjer kvarandre velsigning og god søndag. Eg ber kvinnene i kyrkja heim til meg på tysdag. Kaffi, Lipton og kanelboller til å bite i og eit ord til å tyggje på. Snart drar eg herifrå, tida har passert raskt. Ei lita stund i lag på verandaen vår til song, samtale og bøn er ei fin avrunding.
Det er her vi er nå
Hjernen er mesteparten av tida der kroppen er. Heldigvis. På fredag fekk eg ein sms frå broder`n heime i Norge, med helsing og at alt var vel. Eg blei glad. Men det kjendest som om det kom frå ei anna verd. Og det gjorde det jo for så vidt også. Hjernekapasiteten set sine eigne grenser, og det reknar eg for ein Guds styrelse.
Globale disiplar og Gunhild er på eit par dagars tur til Oussoubidiagna. Det er godt å flytte litt på seg og sjå noko anna. Gunhild er tilbake der ho var Global disippel i fjor. Irene er lærar for Ingeborg her. Dei klarer seg godt. Sjølv om Ingeborg nå tel på dagane til ho er heime hjå vennene i Vestli og på skolen der.
Denne veka er det opprydding i rekneskap og kasse, ordinær bibelskoleundervisning, praksistur til Mansadji med bibelskoleelevane, kvinnemøte, mentorarbeid og førebuingar til etikkseminaret neste veke, mellom anna. Vi har mindre enn to veker att i Bafoulabé, så nå må vi starte avrundinga og avslutninga, for denne gong. Gjermund skal fortsette ei stund til, men damene sluttar av om kort tid.
Etikkseminaret neste veke er svært spennande. Det skal handle om seksualitet og om seksuell vald. Vår jobb blir å tilføre kunnskap og refleksjonsgrunnlag som etter kvart kan takast opp og integrerast i modne ansvarsbevisste haldningar og handlingar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar