tirsdag 6. mars 2012

Mars

Praksis
Sosionom Pluss og volontør Irene (sosionom med masse ekstra fag og diverse praksis rundt i verden), har fått praksis som sosionom. Som volontør her, er ho lærar. Her er mange trengjande for tida. Dei kjem i hytt og ver, og når vi minst har planlagt det. Sjølvsagt. Nauda har ikkje slike grenser. Ei godt vaksen dame med ansvar for ei foreldrelaus jente på om lag 8 år, kom og bad Irene om hjelp på tirsdag. Dei to hadde kome langvegs frå, nord for elve, delvis gåande og delvis ”sitte på”. Mor sjølv hadde dårleg kne, og jenta kom mest utan klede. Irene tok dei i bilen og kom til oss på Bolibana for å få hjelp med språk, vurderingar og eventuelt støtte. Dei var trengjande. Men vi vil gjerne jobbe på lag med sosialsjefen og dei lokale ordningane, så vi bad dei først gå til sosialsjefen på sjukehuset.


Ingeborg syntest det sto så dårleg til med kleda til den unge jenta, at ho gjekk inn og fann ein av draktene sine, og gav jenta. Det var sjølvsagt stas, ho tok dei på.  Ho fekk ein bamse og litt godteri også! Ingeborg lika ikkje at dama pakka vekk godteriet, og sa at jenta måtte få det med ein gong. Det blei ein orden på det.  Deretter skulle Irene ta dei med i bilen til sosialsjefen for vurdering, då ho eigentleg skulle til Mahina for å få diesel på bilen likevel. Dama kunne jo ikkje gå.


Men. Det er ofte eit men! Og nokre gonger også menn med to n-ar, eller manko på så danne. Bilen ville ikkje gå. Plutseleg. Død. Forargeleg. Ingen av oss hadde tid til streker i arbeids planane våre den dagen. Eg venta alle kyrkje-damene til avskjedssamling. Ei var komen allereie, ho låg i hengekøya og venta.  Men, det er berre å brette opp erma. Opp med panseret, ned i den svære traktormotoren, kva er gale? Batteriet flatt? Dårleg kontakt? Lite kjølevæske? Vi riksa og kikka. Ingen mann i nærleiken heller. Ikkje alltid at det hjelper heller forresten. Men vi ringte Mamadou, og han var veldig snill og kom og hjelpte oss, når han var ferdig med arbeidet sitt. Imedan sat diverse damer i hagestova og venta på betre tider. Masse vatn måtte til som drikke. Her er godt og vel 40 grader C, i skyggen, for tida. Bilen stod i sola.


Joda, batteriet var flatt. Mamadou vaska og fiksa, så pass at vi kunne prøve å få skua bilen i gong med handmakt. Ein masse damer, nokon med fleire skavanker, sette den svære bilen i bevegelse!  Visst klarte vi det. Bilen starta. Dei naudlidande vart etterkvart sette av hjå sosialsjefen, og kom att med Irene på returen. Jenta utan kleda ho fekk, dei var gøymt godt i ein pose, og med beskjed frå sosialsjefen at han inga hjelp hadde og gje dei. Det er vanskeleg å hjelpe. Det er ofte feil og ikkje gje hjelp. Og det er halv-farleg og gje pengar. Men dei fekk ein 10-tusen lapp (130 kr). Det held ikkje lenge, men dei får ein halv sekk (25 kg) med ris og litt til. Det er ikkje godt å bære så mykje, langt opp i bushen, med eit vondt kne. Dette er livet, for fleire!


Kombinasjonen lite mat og dårleg hygiene kjem til å føre til stor naud framover. Når ernæringsstatus går ned, går sjukdomsfrekvensen opp. Når sjukdomsfrekvensen går opp, går ernæringsstatusen endå meir ned. Her er sopt for pengar til medisinar og mat. Dei med fart i hjernevinningane klarer snart å forstå kva utfordringar som aukar framover mot neste avling, i september, tidlegast. Misjonen har sett av pengar til innkjøp av hirse og ris, for trengjande. Distribusjonen kjem til å bli krevjande på fleire måtar. Kor skal ein lagre dette? Kven skal passe på det? Kven er trengjande? Korleis skal hjelpa gjevast? Kor mykje skal ein få? Kven skal dele ut? Skal nokon prioriterast før andre?


Apropos! Bilen kom i gong, med beskjed om og ikkje å stoppe før batteriet var så opplada at bilen kunne starte igjen på vanleg vis, neste morgon. Nytt batteri blei bestilt. I mellomtida måtte Irene leggje inn ein lang køyretur kvar morgon, for å lade batteriet. Ingeborg gjorde store auger, onsdag morgon, då Irene henta henne til skolen som ein del av batteri- køyretur-terapien. Har Irene køyrd heile natta?? Heldigvis hadde ho ikkje det. Men diverse praksis har ho fått. Ho er frisk, flink og likande. Men korleis blir praksisen i Norge, etter dette mon tru?


Bloggen og livet
Førre bloggside gjekk i eitt, utan avsnitt. Kan hende er det eit teikn det og. Innimellom er det som om det så vidt går og trekkja pusten. Andre gonger sit ein i fred og ro i den mørke fløyelsnatta og har ein god samtale med utvidande horisontar. Det er den gode sida av livet. Bilete skal det kome på bloggen, når vi kjem til Bamako. Neste veke ein gong.


Reise
Rydde, gi bort og pakke gjorde Ingeborg og eg i går. Så er det gjort. Veka som kjem blir full av andre ting. Neste helg flyttar vi oss mot Tambaga og vidare Bamako. Vi gir bort mykje av tinga våre. Dei kjem meir til nytte her. Skolebøkene må heim.. Katten, Findus- pus, må vi gje derimot bort. Helst til nokon som er litt snille og som ikkje et han, med ein gong i alle fall. Findus har vore til stor hjerteglede for Ingeborg. Det ser ut til at dei er gjensidig glade i kvarandre. Vi andre likar han og, puseklatten vår. Men så ventar det ein pusekatt heime i Norge og; Tipp! Han ventar vel på Ingeborg og familien sin?


Å reise har minst tre sider. For det første er det eit makk-arbeid. Men mest er det det paradoksale i å reise frå nokon, til nokon. Nokon er triste, nokon er glade. Og vi som reiser ber i oss begge deler. Regn og sol, om ein annan. Det kan være litt krevjande for tankane og kjenslene i blant.


Presten
Gjermund hadde preik i kyrkja i dag. Det er ei blanding av fortelling frå Bibelen, preik og teater. Levande preik, trur eg det kan kallast. Det fell i god jord her. ”Jesus ber for alle sine” var teksta i dag. Jesus utfordrar i det han stiller spørsmåla: ”Kva vil du eg skal gjera for deg?”og ”Vil du bli frisk?” Han ansvarleg gjer den einskilde, og brukar viljen vår som dørhandtak. Han trengjer seg ikkje på. Han vil gjerne ha ein samtale med den einskilde før han gjer seg gjeldande inn i livet. - Nå spørst det om dette var det Gjermund sa. Han snakka mest bambara i dag, men eg trur det var om lag dette!


Mange takka i kyrkja i dag. Sakn vil det bli både her og der. Men vi lova kvarandre å huske på kvarandre og be for kvarandre.


Elles arbeidar han aktivt på Bibelskolen. Dei har nett hatt gjennomgang av gravferdsspraksis. Det er viktig for leiarar i kyrkja å bli trygge på denne praksisen. Det viktigaste å vite at ein får ei verdig gravferd. Det er ille for ein kvar, kristen eller muslim, om ein ikkje får ei ordentleg og sømmeleg gravferd. Fordi her ikkje er mange kristne som kan dette, er det viktig å lære opp stadig fleire leiarar.


I kveld har han teke i mot mange ekstra gjester til seminaret som startar i morgon. Vi har leig eigen sjåfør til å handle inn resten av det som trengst for mat og losjering, i morgon. Det er mange detaljer som må på plass. Eg må stille meg i kø i banken i morgon tidleg for å få ut pengar til å betale utgiftene med. Det er eit lite ritual det og. Vi er spente på denne veka. Temaet er svært aktuelt. Seksualitet, krenkingar og seksuell vald. Det handlar om menneskesyn, når alt kjem til alt!


Søndag
I dag var vi inviterte til Ramata på avskjedsmiddag. Nybakt bagett, pommes frites og tomatsteikt høne med løk og paprika. Papaya og sitron til dessert! Det var nydelig å sitte godt under det store mangotreet, full av grøn mango, og ete endå betre. Takk! Te blei servert i tre omgangar; bitter som døden, sterk som livet og søt som kjærleiken.


Klokka 17 skulle kvinnene i kyrkja ha si samling. Eg ville innom for og seie farvel. Men varmen for tida gjer at enten må ting skje tidleg på morgonen eller seint på ettermiddagen. Det vil seie at eg var første person tilstades. Fayke skulle ta i mot oss heime hjå seg, ho kvilte middag då eg kom. Avslappa. Ho tok til å sope og sette fram stolar då eg kom. Etter kvart, på heimveg gjennom landsbyen er det berre å betrakte livet. Livet lever synleg i gata. Her flettar ein hår, kranglar med naboen, hentar vatn, reparerer bilen, leikar med ei tom øskje, køyrer eselkjerre, spaserar til og frå. Om ein er høfleg helsar ein til høgre og venstre, og nokon ropar over muren.


Sist i kveld var ein hyggjeleg kaffi invitasjon heim til dei Globale Disiplane. Mykje god mat, som skal fortærast før dei dreg i slutten av veka. Midt i selskapet måtte vi ned i brønnen, for å sjekke vatn- standen. Det var tomt for vatn. Pumpa klarte ikkje å få opp vatn. Pumpa var stoppa. Sikringa var slått ut. Vi må ha lengre tamp, for å få pumpa lengre ned. Lite vatn i år. Dårleg regntid. Langt frå Norge.. Nå er det vassrasjonering. Selskapet fortset med kaker, kaffi, quiz og mange liter drikkevatn med isbitar. Veldig kjekt.


Nå skriv dei globale disiplane og volontørane våre takkekort og gjer bort mange av dei flotte maliske draktene sine. Mange opplevingar og erfaringar rikare. Mykje kan dei takke vertsfamiliane og vennene sine i landsbyen for. Gjestfridom er ein god ting som alle ynskjer å ta med seg vidare i haldning og handling. Spørsmålet er om ein må reise til Mali for å lære det?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar