søndag 11. mars 2012

Au revoir!

På gjensyn, Bafoulabé! Nå er kofferten pakka, huset delvis rydda, kjøleskapet halvtømt og ting og tang gitt vekk. Pus er omplassert hjå bestemor hushjelp. Ho kan trengje ein menneskevennleg pusekatt, å stryke på. Vi har prøvd å ha avskjedsrundar der vi har fått det til. I denne kulturen er det viktig å helse på, og seie farvel. Velsigningar skal gjevast til og frå! Vi helser med venstrehanda til teikn på at vi ynskjer og møtast att.

Nær-vær
Det kjem tydeleg til uttrykk kor viktig det er å være nær. Være nær folk i deira liv og lagnad. Alle folk. Som Barou sa; "Ein ting er kva ein har i munnen, men det er det som er i hjarta som tel" Ofte syner det seg i handling. Det at vi, men Gjermund i særdelesheit, prioriterer å gå i alle gravferder i landsbyen, blir lagt merke til og sett pris på. Han går enten det er muslimar eller kristne. Gravferd er ein stad ein er nær lagnaden. Og slik eit godt døme på handling som kan være viktig å delta i.

Og gravferder er her til gagns. Minst ei i veka. Tirsdag fekk vi melding om at ein mann mellom førti og femti år døde plutseleg. Han var bror til ei av dei kristne kvinnene som deltek på etikk-seminaret. Han sjølv var muslim. Fleire av deltakarane på seminaret hadde helst på han om morgonen. Han døde i 15-tida. I 16-tida starta dei å grave grava. I 18-tida vart han gravlagd. Mest alle på seminaret deltok i gravferda.  Men. Noko vart vanskeleg. Imamen ville ikkje be for han, for han hadde ikkje levd som god muslim. Det blei vanskeleg for mange muslimar å akseptere dette, så nokon tok saka, og bad for han. Mange her kallar imamen for hyklar. Han har sine dårlege vanar som alle veit om, han og. Og tenk, i løpet av denne dagen - før mørket kom, hadde seks barn og ei kone opplevd alt dette.

Nærvær i lagnad er også ein dugeleg porsjon humor. Det krev både øving og mot for å takle humor utfordringa i ei anna kultur og språkverd. Ettersom åra går, maktar vi det betre og betre. Stort sett..! Som Salli sa leande i går, mellom munnfullane med eplekake og krem, Tierno (Gjermund) er ein god pastor fordi han har mykje humor og kan tulle og le i lag med folk, ikkje berre preike. Vi hadde ei felles avslappa stund i går ettermiddag, etter seminaret, og vi klarte å smette inn ein koseleg avskjed med folk som står oss ekstra nær. Salli og mannen, Ramata og hennar mor er nokon av dei.

Mango
Milde gåver, er takksamt å få. Først kan vi konstatere at Gud er raus som kan få denne ultimate frukta til å modnast midt i ein lang tørkeperiode, i dette ekstreme klimaet. Deretter kan ein takke venner for at dei raust deler med seg, av fruktene sine. I går fekk vi ein stor pose mango frå Coura.

Grøn, gul, rød, saftig, søt og leskande. Mango er topp, og aller best i toppen av eit tre. Gunhild har plukka mango frå eit par av misjonen sine tre ei stund nå. Ho seier at det å klatre opp i eit mangotre, plukke mango og ete han nett der oppe, er ei salig oppleving. Før mangoen er moden, lagar ho mangosalat; grøn mango, knust buljong, olje, eventuelt rå løk og anna "godteri".

Kvinnedag
Mamadou og Paga har gjort seg klar. Dei har eit eventyrleg "teater" 8.mars. Dei kler seg ut i dame-klær, tek handlekorga på armen og går på markedet for å handle "condiment". Alt som skal til for at du får eit godt måltid, minus mengde-mettande-karbohydrater som ris, mais, hirse. Det vekkjer allmenn åtgaum at to menn tek kvinnedagen alvorleg, lagar fest og teater ut av det, samstundes som dei pirkar i mannekulturen her. Hus, mat og barn er kvinnedomene. Denne dagen tek dei over husstellet. Paga gjer det også i praksis elles. Han både varmar vatn til kona om morgonen slik at ho kan vaske seg med skikk i den kalde tida, og han lagar og mat til familien i veka. Då er kona på jobb. Han har ikkje jobb utanom familien nå, då er det rett og skjel at han lagar mat heime. Ærast den, som ærast bør. Begge desse karane er kristne.

Apropos! Mamadou sa at det var den kjekkaste dagen han hadde hatt på markedet, så langt. Alle kvinnene var elleville og gav han milde gåver, så han kom heim med korga full av løk, kvitløk, olje, tomatpure, krydder, peanøtter, kjøt, potet, søtpotet, kål, tomat, og det mest utan å ha svidd av ein cefa.

Etikk takk!
Seminaret må seiast å ha vore svært relevant og godt tilpassa forholda her. Gerson, frå Gå Ut Senteret i Norge, har hatt førebiletleg undervisning og stimulert til gruppearbeid og samtalar. Gerson har både pedagogiske evner, kompetanse og erfaring som gjer han særdeles godt eigna til å snakke om seksualitet, og seksualitet på avvegar. Han har snakka om det gode, det rette, og om det som er krenkingar og overgrep. Han har brukt ei veke på det vi ofte brukar ein dag på heime i Norge. Han har relatert til konteksten og Bibelen. Han har utfordra, pirka og snakka med innleving over det vaksne modne ansvaret som foreldre og vaksne skal ha.

Han har snakka om integrerte leiarar, om sikring og beskyttelse av barn. Om at kristne må være i fremste rekkje for å førebyggje- og lage rutiner for å hindre krenkingar og overgrep. Kriminalitet skal meldst til styresmakta som forvaltar lova. Sjølv om justise kan være korrupt, så kan vi ikkje la være å gjere det som er rett. Vi må aldri tie om krenkingar og overgrep.  Midt i det heile må vi ha hovudfokus på hjelpetiltak for den krenka. Han har fått debatten opp og lagt til rette for at kyrkja her kan kome i gong med refleksjon og utvikling av retningsliner. Kyrkjepresident Adama, har kvar dag kome til oss og presisert at dette der så viktig og alvorleg at vi må få det ut i kvar vesle lokale kyrkjelyd. Vi må ha med gode illustrasjonar og snakke med same innleving som Gerson.

Far vel
Vegen her, imellom Mahina og Bafoulabé, er under utarbeiding. Det har teke så lang tid at folk er møkklei av dill og støv. I dag var det demonstrasjonar, opp-banking av ein ansvarleg vegmann så han hamna på sjukehus, steinkasting på bilar og stengd veg. Ingeborg og eg måtte gå ein lang omveg i solsteiken i dag, for bilen kom ikkje heim til Bolibana. Men nå er vegen open att. Neste spenning nå, er om jegeren som kom spesialbestilt hit i går, får skote den sinte flodhest-mamma`en og ungen hennar i morgon. Folk er redde denne flodhesten, han har sannsynlegvis forårsaka at ein fiskar døydde førre veke. Fellingsløyve er gitt. Nå ynskjer mange seg ei steik!

Vi har fått mange velsigningar og far-vel ynskjer med på vegen, dei siste dagane. Mange står nok på trappa i morgon tidleg kl. 07, også. Nå sender vi vidare velsigningar til alle heime i Norge som har gjort det slik at vi har kunne vore her. De er velsigna av folk her!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar