lørdag 17. mars 2012

På tur

Svineøya i Manatalidemninga fekk besøk av oss på søndag ettermiddag. Hilde og Alf var vertskap. Vi låg over til mandag. Manatalidemninga er over sju mil lang, og ganske brei over midten. Han gjev elektrisitet til fleire land, og store område er neddemma. Mange landsbyar måtte flytte på seg då demninga skulle bli eit faktum. Endå står tre langs kantene, dei stikk opp som pinnar som ikkje er rotna på over tjue år. Hard ved!












Vi gjekk på land, og laga leir på store steinar og fjell. Vannstanden går nå ned, heilt til regntida i juni-juli. Då vi kom på land fann vi masse apekattspor i sanden. Vi såg bavianar, masse biller, ein sverm svære øyenstikkerar, fuglar og fisk i vatnet.

Hilde og Alf serverte grilla rypebryst og grytefritert pomme frites. Vi drakk solbærtoddy, kaffi og te, og den siste porsjonen med kanelboller som Ramata laga. Dagen var svært disig, men natta var klar og vi såg stjernehimmelen godt. Vi lokaliserte nord via stjernene og tenkte at der ein stad, er Norge. Langt, langt borte. I nattemørket høyrte vi også nokre apekattar om "grein" og klaga seg litt. Dei sat vel oppå fjellknausen og var leie for at vi okkuperteden stranda dei vanlegvis bruka for å drikke vatn. Eller kanskje dei sat og lo for dei rare menneska som låg på madrassar og sov?

På morgonsida gjekk Gjermund og Alf på jakt. Det blei lite fangst. Men Gjermund såg ein liten løve-bror. Altså ikkje den vanlege store sorten, men ei mindre utgåve. Kjekt nok, å sjå. Ikkje skuddhald. På grunn av lite beite på land var det komen over to fulanerar med all buskapen sin, dei skulle nok helst ha sett dyret død. 

Glidande på vatnet, i tidlege morgontimar, kom ulike fiskarar i piroguane sine. Litt fangst hadde dei fått. Innsjøen har ulike typar fisk, blant anna store Nilabbor/ Capitaine. Etter kvart kom sola, varm og stikkande. Litt over midt på dagen frakta Alf oss til land att, i den vesle aluminiumsbåten med to hestars påhengs. Mange takk, for ei flott oppleving! Derifrå og videre kjørte vi mot hovudstaden, for å fullføre løpet der inne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar