tirsdag 1. mai 2012

Gjermund noterer

Cedeao/vest- Afrikanske unionen i hardt vær

I forrige veke på eit møte i Abidjan kom CEDEAO med eit forslag/vedtak om at Dionkounda Traore og overgangsregjerninga skulle sitje i 12 månadar og ikkje berre i 40 dagar slik som det står i lova. Alle innser at det vil ta meir ein 40 dagar før ein kan avvike eit val i Mali. I tillegg vil CEDEAO sende soldatar til Mali.

Dette førte til stor frustrasjon for ikkje å seie sinne blant militærjuntaen i Bamako som ikkje var tilstades i Abidjan. Dei vil ikke finne seg i å få ei slik løysing tredd ned over hovudet. På laurdag var det 200 soldatar på flyplassen for å unngå bråk då presidenten kom tilbake frå Abidjan. No er det mykje skriverier i dei maliske avisene, nettsider og generelt i vest-afrika. I dei fleste maliske avisene er dei opprørte over ei slik ytre inngripen i deira utfordringar . Det er større støtte i dei internasjonale  mediene i området for ei slik løysing.

 Har Sarkozy også skyld for uroa i Mali? Ein del kommentatorar meiner at franskmennene ved Sarkozy har støtta touragane,i tillegg var det jo Sarkozy som ivra mest for å få fjerna Gaddafi. Noko som førte til at dei maliske soldatane som hadde vore med Gaddafi reiste heim att. Ein ting er sikkert og det er at Sarkozy ikkje treng å slappe av i Mali når han har tapt ??!! valget mot Hollande.

Allereie no er det mange som er kritiske til enkelte medlemmer i den nye regjeringa. I denne veka vil forhandlingar/samtalar mellom juntaen, regjerninga og CEDEAO fortsetje. Mykje kan skje… Samtidig føler folk i nordområda seg gløymde både av maliske myndigheter og det internasjonale samfunnet. Ordføraren i Gao, som nå er i Bamako, kastar ut ein utfordring til alle med myndighet i Mali. Han meiner at islamistane er gode på å hjernevaske folk, han meiner dei er kapable til å få mange, mange med seg. Det hastar med å ta tak i situasjonen i nord før andre får kontrollen over hjernane og liva til folk.  I og med at folk ikkje får hjelp utanfrå kan, også folk vere villige til å ta parti for islamistane, for å få mat!

Siste nytt frå  Bafoulabé

I telefonsamtale med Karim Fofana  i går, fortel han at det ved gudstenesta 22 april, vart ein familie på fem døypte i Bafoulabé. Halleluja. Ungdomsarbeidet går godt, ungdomane er aktive i gudstenesta og på eigne samlingar. Kvinnene i kyrkja har eit lite prosjekt der dei lagar såpe, som dei legg ut for sal. Her og nå situasjonen er at mange familiar i Bafoulabé og omegn merkar meir og meir matvaremangelen og kan ikkje ha tre måltider til dagen.

 Vegarbeidet mellom Mahina og Bafoulabé går sin skeive gang. Eit nytt firma har overtatt ansvaret så akkurat no er det ok progresjon, seier Karim. Bruene kan bli ferdige til regntida og asfalten også. Nå er dei komne heilt til Soria så det ser ut til at dei når fram til Tintilla før regntida set inn for alvor. Tenk å køyre til Kayes på asfaltvei på to timar!!
Gjermund Lygre

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar