torsdag 10. mai 2012

Mali i mai


Arbeidet fortset i Mali.


Litt gode nyhende lokalt frå Bafoulabé. Karim Fofana fortel at no fungerer straumen i kyrkja i Bafoulabé. Kyrkja vil no på fredag kveld begynne med faste bønnemøte. Livet i kyrkjelyden fungerer som normalt. I Oussoubidiania møter også folk villig opp på gudstenestene. Aliou Djakite fortel om ein familiefar som no kjem ofte på gudsteneste og som er med i samtalar med dei kristne. Han er interessert i å bli meir kjent med evangeliet.


Ein elev på bibelskulen frå Tambaga området var uheldig. Han var på eit oppdrag i Bamako for å handle inn utstyr til familien. Medan han er der, skjer det at ei av hyttene hans brenn ned og alt som var inni hytta vart øydelagt så som klede, mat og kjøkkenutstyr. Distriktskomiteen i Tambaga har gitt noko hjelp og kyrkja i Bafoulabé vil også prøve å samle inn noko så dei kan gje han ei handsrekning.


I Bafoulabé har dei til no kjøpt inn 6 tonn med mat som skal gis til dei mest trengjande. Helsesosialsjefen i Bafoulabé fylke og to frå kyrkja styrer dette arbeidet. I Oussoubidiania er dei 30 tonna på plass, her er det eit samarbeid mellom kyrkja og kommunen. Siaka Coulibaly, vår administrator i Bamako, fortel at no har dei også fått kjøpt inn 10 tonn hirse/ris for å kunne hjelpe i Tambaga området.


Situasjonen i Nord Mali.

Det er lite hyggelege meldingar frå Nord-Mali. Nyleg har islamistar øydelagt eit grav mausoleum i Timbuktu. Myndighetene i Mali og FN er redde for dei dyrebare skattane i Timbuktu. Timbuktu er ein av byane på Unesco si verdsarvliste sidan 1988. Byen har tre store kjende islamske universitet, mange grav-mausole og bibliotek fulle av gamle bøker og pergament som dei no fryktar kan bli øydelagt. Islamistane synest at mange av desse gamle skattane er ei form for gudsbespotting og kan dermed øydeleggjast.


Både Timbuktu, Kidal og Gao er nå ifylgje td TV5 i hendene på Al-Quaida og lokale terroristgrupper. Dette er lite bra med tanke på framtida for Nord-Mali og for våre søsken som enno er der.

Situasjonen i Bamako har roa seg etter uroa i begynnelsen av forrige veke. Det har vore mange arrestasjonar i etterkant, fleire generalar er arrestert. Det synest som at dei som er imot juntaen ligg dårleg an, og særleg om dei er i hæren.

Forhandlingane mellom Blaise Compaore, leiaren for den Vestafrikanske Unionens forhandlingsgruppe, og militærjuntaen er ikkje einige om kor lenge overgangsregjeringa som nå er i funksjon skal fungere. Den vestafrikanske unionen og regjeringa som no er på plass er einige om at den bør fungere i 12 månadar. Før ein kan halde val er det mykje som må gjerast. Dei må få kontroll på situasjonen i nord, hunger-katastrofa må tas hand om på beste måte og så må dei nok ha nye vallister, trur eg. Juntaen vil berre at regjeringa skal fungere i 40 dagar som ein først vart einige om. Dette vil dei nok stride meir om i dagane som kjem…

Dei religiøse leiarane i landet, det vil seie både dei muslimske og dei kristne er i samtalar med dei politiske leirane og militæret. Dei legg press på dei politiske og militære leiarane for å framskunde fredelige løysningar til beste for land og folk.

På grunn av uroa i Bamako er det ingen undervisning på universitetet eller på skulane. Det gjeld inntil undervisningsministeren gjer ordre om at dei skal starte opp att. På grunn av alle streikane som har vore dette skuleåret før statskuppet er det stor fare for at eit nytt år blir annullert.                                           
                                Gjermund Johannes

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar